KLIMA: Veljarane var redde for ein ulv, så dei flokka seg om ein altfor lur rev.

Tips oss 2400

Send tips til Dagbladet.no MMS/SMS: 2400 Tlf: 2400 0000 e-post: 2400@db.no

Mer info om tips

Klikk for tittel

Klikk for innhold
For dei som ikkje berre er opptekne av venstre eller høgre, raudt eller blått, syner stortingsvalet i haust ein klar, og kanskje urovekkjande tendens: Dei partia som klarast flagga klima som si fanesak, tapte. Sv og Venstre silblødde valdagen, og tapte 12 mandat til saman. Ap, Høgre og Frp, dei tre mest oljenæringsvenlege partia, vann 13 nye. Kva fortel det om politikarane, miljøvernrørsla, folket?

Eg har 11 moglege forklaringar på kvifor klima ikkje nådde fram i valet.

1. Stortingsvalet vart eit statministerval. Den mest opplagte forklaringa er også den mest keisame. Frykta for Siv Jensen fekk folk til å flokka seg om Stoltenberg. Ein kan undra seg: Redde for ein ulv, flokka veljarane seg i staden om ein altfor lur rev?

2. Ap er eit klimabevisst parti. Om dyremetaforen tar heilt feil av Stoltenberg, er det kanskje slik at partiet hans faktisk har klimastabilitet i tankane, også når det gjeld petroleumsutvinning i nord. Stoltenbergs svar, kvar gong han vart spurt om Aps syn på petroleumsutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (skulle det finnast olje eller gass der), var at saka måtte utgreiast først. Han ville ha meir forsking og kunnskap. Først neste år kunne han difor konkludera, i tråd med forvaltingsplanen. Argumentasjonen høyrest tillitsvekkjande ut. I svært liten grad vart Stoltenberg konfrontert med at det som primært har vorte utgreidd, til mange hundre millionar no, er kva bergartar som skjuler seg djupt under havbotnen. Oljedirektoratet har skote seismikk, som det heiter, og kartlagt sjansane for at det kan finnast reservoar for olje og eller gass. Blir ein klokare på risikoen av å vita meir om lovande petroleumsreservoar? Veit ein dessutan ikkje nok om risikoen for raske klimaendringar, til å prøva ut mange tiltak for å skunda på overgangen frå fossil til fornybar energi? Spelar Noreg sjølv inga rolle i det strevet?

3. Halvorsen og Sponheim klarte ikkje å slå ein høgare himmel over dei moglege petroleumsfelta utanfor Lofoten og Vesterålen. Dette er kanskje ein ufin hypotese når Sponheim slikkar sine sår. Oljesølet på sørlandskysten gav Halvorsen og Sponheim mest ein lissepasning, slik ved starten av sjølve valkampen. Sidan tala dei om dei lokale miljø- og næringsomsyna, av fugl og fisk i Lofoten og Vesterålen, ikkje om klimaproblematikken knytt til eventuell utvinning. Dette kan ha vore ein medviten stategi. Men først i partileiardebatten dagen etter sjølve stortingsvalet fekk Trine Skei Grande, Venstres eine representant på tinget no, fram kva vegval petroleumsutvinning i nord kan dreia seg om, i eit tidssperspektiv av 20 til 40 år, når Noreg bør bort frå det fossile energisamfunnet, til liks med resten av den vestlege verda. Kort og enkelt sagt: Kva ingeniørar er det Noreg treng?

4. Høgre klarte å halda tunga rett i munnen. Erna Solberg hevda gjennom heile valkampen at det er råd for Noreg å vinna ut olje og gass i nord, og likevel bidra til klimastabilitet globalt. Norsk gass kan erstatta meir utsleppsintensiv kolkraft på kontinentet, og norsk oljeutvinning er reinare enn utvinning på andre soklar rundtom på kloden.Verda vil dessutan trenga olje og gass, også om 40 år. Resonnementet er ikkje gale, på eit teoretisk nivå. Men det finst ingen som kan gje veljaren garantiar for at kol vil bli erstatta, ved større norsk eksport av gass.

5. Frp set tinga på plass. Frp rir, i klimapolitikken som i mange andre spørsmål, fleire hestar. Partiet meiner det kan tvilast med rette på om FNs klimapanel trekkjer dei sanne konklusjonane om menneskeskapte klimaendringar, og samstundes er leiinga for utbygging av meir fornybar energi. Opp i dette, seier partiet, må ein ikkje gløyma den aller viktigaste næringa for Norge: olje og gass. Ketil Solvik-Olsen, energi- og talsmannen i partiet, er dyktig til å argumentera for alle desse standpunkta. Han er kanskje den aller viktigaste brubyggjaren, når Høgre no skal prøva å finna heilt fram til Frp i opposisjon.

6. SV (og Venstre) kan aldri få skikk på klimapolitikken sin, så lenge dei samarbeider med Ap. Stoltenberg har mykje fått slusa klimapolitikken inn under finansdepartementet, til kjøp av utsleppsrettar i uland. Det er gjennom kvotekjøp han vil gjera Noreg klimanøytralt på sikt, ikkje gjennom energiomstilling heime. Stoltenberg har parkert diskusjonen i prinsippet kostnadseffektivitet. Dei billegaste tiltaka først. Vegen vidare for Noreg er ikkje vesentleg. Veljaren er eigentleg sett sjakk-matt.

Venstre støttar på si side det prinsipielle synet Ap (og Høgre) har på eigarmakta til staten i Statoil. Når Statoil kjøper seg opp i canadisk oljesand, som trugar klimastabiliteten endå meir enn norsk olje, sit klimaengasjerte politikarar stort sett og toar sine hender. Veljaren kan saktens spørja: Har ikkje Stoltenberg langt på veg bunde Stortinget på hender, gjennom klimaforliket, og på føter, gjennom eigarskapspolitikken?

7. Miljørørsla blandar korta. Denne forklaringa, støtta iherdig av leiaren i VG denne veka, tilseier at miljørørsla blandar klimaproblematikken bort i noko som berre har med lokalt naturvern å gjera, og kanskje ikkje det ein gong, når dei vil etablera petroleumsfrie område utanfor Lofotveggen, og Vesterålskysten. Påstanden er ikkje malplassert. Det er ikkje sikkert at norsk klimapolitikk skal avgjerast i utvinningsspørsmålet like nordom polarsirkelen. Det er heller ikkje sikkert at Lofoten og Vesterålen tener som gode symbol for kva vegkryss Noreg, og verda, står i. Det er litt som med Høgre og gassen; det kjem an på kva ein trur.

8. Miljørørsla skremmer folk. Miljøorganisasjonane har i stor grad gjort hevd på klimaproblematikken, på godt og på vondt. Miljøaaktivistar er flinke å laga bråk, men dei skapar kanskje ikkje entusiasme, og overtyding. Miljørørsla er dessutan ikkje fagrørsla. Kva pengar har Natur og Ungdom å gje SV?

9. Klimakrise er ikkje finanskrise. Frykta for å mista arbeidsplassen i morgon, er noko anna, og meir påtrengande enn frykta for hissigare stormar, og jamt stigande hav, om 20 til 50 år.

10. Meiningsmålingane vil alltid lyga. Rettare sagt: Folk vil alltid "lyga", om kva som er viktigast for dei. Når dei blir ringt og spurt, svarar dei det som passar seg, det som gjev sosial anerkjenning, som i 2007, då stemningsbølgja var på sitt høgste kva klimauroa gjeldt, og eit fleirtal meinte at Noreg burde stenga igjen oljekranane, i følgje eit meiningsmålingsinstitutt. Når folk står i valgurna, spør dei seg truleg annleis. Er det ikkje eigentleg tryggheit eg vil ha? Kanskje dei ikkje ein gong spør seg, og stemmer på Stoltenbergs karisma.

11. Den siste hypotesa er den eg trur aller mest på sjølv: Det norske folket ikkje spesielt oppteke av klima eller miljø. Vi liker å tru vi er eit føregangsland. Er det ikkje på tide vi sluttar med det?