Hippe og harde dikt frå Terje Thorsen.
Send tips til Dagbladet.no MMS/SMS: 2400 Tlf: 2400 0000 e-post: 2400@db.no
«Samtaler med en sauebonde»
- Forfatter:
- Forlag: Flamme
Om DBNOLITTERATUR på twitter
er en tjeneste der brukere kan poste små meldinger. Når det skjer noe i verden, skriver folk om det på Twitter, og det utnytter vi i journalistikken vår.
Brukerne kan befinne seg fysisk tett på hendelsen, og har derfor ofte nøyaktige og ferske opplysninger om det som foregår.
les merSå her kjem ei ny samling med bittersåre replikkar servert i ein hip og hard tone. Og i modernismekoden; utan stor bokstav eller teikn.
Med eit blikk i bakspegelens kerouactige landskap, driv poeten oss inn i fortetta stemningar med tung sigarettrøyk, snapshots av bibliotek, musikk, film, alkohol og møter med menneske i urban nervøsitet, i gatene, på reise. «jeg stikker fra byen i helgene/og glemmer nøkkelen i døra.»
Ut på vegen
Ingen trudde vel at dei førre dikta var skrivne av ei nonne. Her er heller ikkje mykje autentisk sauebonde. Eit av dei karakteristiske trekka ved denne urbane beatpoesien, er rastløysa. Dette at ein vil vekk herifrå, nå! Me kjenner det igjen frå Creeley, som har fått sitt eige dikt, og sjølvsagt frå Kerouac! Ut på vegen, av garde! Thorsen sluttar boka og diktet «på veien» slik:
jeg må lenger jeg må lenger bort
jeg må lenger ut jeg må vekk
Men, slik Kerouac skreiv fram ei motvekt i bøker som «Wake up!» om Buddha, kan nonna og sauebonden vera vage forankringspunkt i ei tryggleik og ro; det dikta gjer opprør mot. Fordi kulturen han litterært lever i, byggjer på marginaliseringa, på det antiregulererte. Nå er jo nonna og sauebonden også marginale, men det finst ein tone av livslede og ungdommeleg trass og pubertal sauepuling her som knapt er til å bera, og som dikta heile tida skuler og skurrar mot.
Fast grep
Men det ber. Det er ikkje tvil om at Terje Thorsen «vet hva litteratur er» som det står i diktet «grønnmann». Det er noko velgjerande upolert over denne type litteratur. Men ein merker eit fast poetgrep om linjene likevel, «noen minutter holder til et par linjer». I eit par dikt renn det ut i absurditetens sigarettoske, OK.
Men hovudsakleg er det ei fint designa bok, gjennomført med språkleg kontroll og underhaldande fart. Her er og der møter dikt eg'et ein Terje, men dikta er nok langt på veg skrivne på erfaring, i ein poetisk augneblink, og ofte i eit sjølvbiografisk driv, slik «grønnmann» er.
Eg trur ikkje poesien har utvikla seg i lineær og stigande kurve frå beatpoesiens dagar, men kan ikkje fri meg frå ei kjensle av at Terje Thorsen ikkje må lenger bort. Han har alt som skal til. Sansen for detaljen, sansen for det sanselege. Musikalitet og evna til konsentrasjon. Det skal bli interessant å sjå om ikkje tida er komen for å dempa fortida, gå bakom det røffaste.
Me vil uansett gjerne lesa meir om korleis det står til med byen og menneska og poesien frå der han går.





















Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen