Frode Grytten om bestefar, sildefiske og gamle dagar.
Send tips til Dagbladet.no MMS/SMS: 2400 Tlf: 2400 0000 e-post: 2400@db.no
Tatt av Norge
Med kameralinsa fanget han inn mange ulike scener fra nordmenns dagligliv. Bildene ble samlet i «Captured by the Norwegians», som opprinnelig utkom på Eide forlag i 1958.
Robert A. Robinsons bok er nå kommet på norsk, les mer om boka som har fått tittelen «Tatt av Norge» på Flamme forlag
og Aki Books.
Dagbladet.no bringer her et utvalg av bildene sammen med forfatter Frode Gryttens forord.
Robinson var ikke så opptatt av å notere tid og sted for fotografiene sine. Men bildene i dette utvalget ble alle tatt på
1950-tallet.
I DAGANE FØR SMS og gps, i dagane før børskrakk og bustadbobler, før tabloidar og twitter: Anders Grytten som kjem ut frå det gulmåla huset i Stavang i Sunnfjord, den gamle mannen som går bort på haugen for å få utsikt. Han seier ingenting, stirer bare ut over vågen og havet. Inne i brystet finst ein liten, grøn boks som har tatt til å tikke. Den boksen har vore på plass sidan første gong han reiste på fiske. Det er eit ekkolodd kopla til nervesystemet, han har leidningar ut til alle sansar, eit hemmelig måleinstrument som må vere noko av det mest presise mennesket har utvikla.
Sjølvsagt følgjer han med på melding om fiske. Det er den einaste gongen bestefar min kjeftar på oss ungane, dei minutta må det vere heilt stille i huset. Bestefar er nesten døv etter at lynet slo ned i fryseboksen ein uvêrskveld. Derfor skrur han alltid volumet opp, opp, opp. Midt på dagen kjem melding om fiske på direkten frå Bergen og fyller alle romma i huset: Her er melding om fisket. Loddefisket: til midnatt var det frå Hopen-feltet meldt inn 19 snurpefangstar frå 2 800 til 14 000 hektoliter, til saman 127 300 hektoliter.
Viktigast for bestefar er sildefisket. Ingenting kan måle seg med sildefisket. Anders Grytten er ein av dei legendariske notbasane frå storsildkastet i Vallestadvågen. Søndag ettermiddag 19. januar 1936 steig eit enormt gisp opp mot Askrova. Millionar av sild trefte land, dei var fanga av tre nøter. Ingen veit sikkert, men sannsynligvis var det omtrent 120 000 hektoliter i det kastet. Hundre mann tente rundt to årslønner på eit par veker. Norsk Telegrambyrå kunne jublande melde: Det eventyrlige er blit virkelighet.
NO STÅR BESTEFAR min på haugen og ventar på at silda skal komme tilbake. Klokka er skrudd fram til 1971. Tidligare denne sommaren har Trygve Bratteli opna Ekofisk-plattforma ute i Nordsjøen. Ein oljenasjon er født. Opp frå havet blir det pumpa svart gull med stødig beat, slik bestefar heile livet har pumpa opp havsølv. Han står ute på pynten med den slitne skipperlua ned i auga. Bestefar har lytta til melding om fisket med øyret heilt inntil radioapparatet, men dette har dei ikkje fanga opp nede i Bergen. Dette vesle eventyret er han åleine om. Noko kjem til å skje. Noko er på gang. Han merkar det på fuglane. Han ser det på krusinga på havoverflata. Han kjenner det på tikkinga inne i brystet.
Å SJÅ GJENNOM Robert A. Robinsons fotografi er å reise tilbake til stadane vi kjem frå. Ro tilbake, kjøre tilbake, spole tilbake med hurtigknapp. Vi kjem frå havet, vi kjem frå vågar og sund, frå rullings og kaffi, frå gulmåla hus under himlar som snart skal skye over. Vi kjem frå båtar som tar til å dunke om ein sveivar dei i gang. Vi kjem frå strevet og slitet, frå vinter og mørke, frå bønder og fiskarar. Vi kjem frå morgonar som gryr, dagar som blir tapte og funne, netter som ligg bada i norsk sommarlys.
Vi kom frå havet, og vi styrte mot land. Vi styrte mot utelyset som kasta heimlig glød over ytterdøra. Vi gikk inn, vi la oss til å sove. Så stod vi opp, åt frukost, starta bilmotorane, kjørte vegane sørover, vestover, austover, kjørte gjennom heile dagen, tente lysa mot kvelden, fann vegane til byane, styrte mot alt der framme. Vi kom frå havet, men blei noko anna, vi endra oss så raskt at vi ikkje oppdaga det sjølv.
Å BLA GJENNOM desse boksidene, er å bla seg tilbake til 1960, 1959, 1958, 1957 ... Eg ser min eigen barndom på kvar bokside, korleis eg er blitt forma, korleis eg blei den eg blei. Eg ser far min ein stad der, eg ser mor mi, tenker på korleis dei blei lokka inn til byen. Far min klassereiste frå Sunnfjord til Bergen, frå notbruk til handelsskule. Han ville ikkje vere ute på havet, det var ikkje noko liv for han. Eg ser han gå opp smauet i vinterlyset, ser han spasere over Klosteret, ser han stige av trikken ved Kjøttbasaren. Han går gjennom byen med arbeidsveska under armen, med hatt og frakk, på veg til handelsskulen, på veg til kontoret, til eit nytt liv.
Og eg ser mor mi, ho kjem med båten til Bergen, ho utdannar seg til frisør, ho skal gjøre folk vakre, skal få dei nye og lykkelige. Eg ser mor mi stå i eit galleri, med vottar og fin kåpe, eg ser ho under ein paraply i sluddet på Fisketorget. Det er femtitalet og ei framtidstru renn gjennom foreldra mine. Dei treffer kvarandre på desse boksidene, gjerne på den tomme benken heilt i byrjinga av boka, der dei blir sitjande og snakke heile natta. Dei gjør alt det forelska par skal gjøre. Dei går tur i Fjellveien, svermar under gatelyktene ei mainatt, dansar ute på Laksevåg på sankthanskvelden, står tett saman og ser 17. mai-toget.
ALT GÅR SLIK DET SKAL GÅ. Dei gjør alt det forelska par skal gjøre. Snart dukkar bror min og eg opp. Vi blir også fødde i denne boka ein stad. Vi står på Festplassen, bror min held eit instrument i handa, eg speglar meg i den blanke overflata. Vi stirer ut over Vågen, bror min sit på ein trehjulssykkel. Vi leikar, fiskar, badar, følgjer far ned gata. Til slutt må eg legge meg ned på brusteinen. Eg er bare ein liten gut. Så trøtt eg er, så trøtt.
SOM VET EIT UNDER kjem silda tilbake til Stavang denne sommaren. Bestefar har stått på haugen og speida kvar kveld. Hans tid er eigentlig over. Vi har ledd av han, han lever på gamle minne. Alle veit at det finst inga sild der ute. Men ekkoloddet i brystet hans tar aldri feil. Han har sendt signal ned i det store blå. Han har fått svar tilbake. Silda er på veg inn fjorden.
Overmodig og ertande har silda tatt seg heilt inn til hans eigen våg. Det er som om silda vil seie: Her er vi, Anders Grytten, kom og fang oss om du kan! I så mange år har dei kjempa, den gamle notbasen og silda, dei har baska med kvarandre, i ein nådelaus kamp på liv og død. Bestefar kan ikkje svømme. Han som treng det aller mest av oss, han har aldri lært seg å svømme. Han har stått om bord i båtane iskalde vinterdagar og i høg sjø, heile tida eitt feilsteg frå døden.
BARE DERSOM KVIKKSØLVET kryp godt over 20 grader, kjem bestefar motvillig luskande ned til vågen. Då kler han av seg, ligg inne i fjæresteinane og skvettar vatn på den mjølkekvite kroppen, mest flau og sky. Bror min og eg lærte å svømme på Odda folkebad. Vi flytta frå Bergen til Odda på sekstitalet, far fikk kontorjobb på Låte møbel. Vi hamna i eit sosialdemokratisk paradis med verdas finaste bad, i ein kommune der svømmeopplæring var del av allmenndanninga. På veggane hang propagandaaktige plakatar med teikningar som viste korleis ein skulle røre seg i vatnet om ein ville svømme bryst eller rygg eller fosse gjennom vatnet som ein sommarfugl.
Bestefar kan ikkje svømme, men han veit alt om sildefiske. Han kan alt om lott, steng, rigg, gavlbåtar og Wickmann-motorar. No tar han til å kommandere. Her er inga tid å miste. Om vi er raske, kan vi gjøre eit varp. Han forklarer korleis han vil ha det. Slik skal vi gjøre det. Slik. Slik. Slik. Vi spring ned over bøen, ned til vågen, bort til naustet. Båtane ligg blankpussa, bestefar har gjort nøtene klare, alt er klart for storfiske. Aldri har eg sett bestefar slik. Oppe i huset er han ein stille, inneslutta mann som knapt kjem ut frå soverommet. Han dukkar opp for å ete middag, hente avisa eller høre melding om fisket. Redusert hørsel har gjort han endå meir isolert, som om han ikkje lenger orkar å ta verda inn over seg. Her ute på vågen blir han ein annan. Han forvandlar seg til ein notbas som må handle kjapt og bestemt. Rørslene hans er plutselig unge og vitale.
MANNSKAPET HANS ER DESSVERRE ikkje det beste. Far min kan sjølvsagt alt om sildefisket. Han er odelsguten som skulle ta over notbruket og den vesle jordlappen. Men han valte vekk det livet, han er den første i slekta som er blitt noko anna enn bonde og fiskar. Han forsyner i staden nasjonen med stolar, bord, senger. Først på møbelfabrikken, seinare på møbelbutikken i Odda. Far min har brukt kreftene på å få folk til å møblere heimen sin på beste vis. Han får folk til å sitje godt, ligge godt, sove godt.
Bror min og eg veit ingenting om korleis ein sildestim skal fangast. Vi er den nye generasjonen, fullstendig fråkopla slik kompetanse. Den naturlige utviklinga er kutta rett over som eit botnfast snøre. Bror min skal seinare leve av tal og likningar, han har talent for matematikk og rekning, han skal få seg jobb i IBM. Han blir ein datamann, som så mange av dei som er fødde midt på femtitalet. Eg skal seinare leve av ord, eg liker å lese og skrive, eg skal bli forfattar. Hadde bestemor og bestefar visst dette, hadde dei bare rista på hovudet. Det går ikkje, det går bare ikkje, det finst inga framtid i slikt, det er rein toskeskap! Ein gut som vil leve av tal! Ein gut som leve av ord!
DENNE SOMMAREN er vi alle sildefiskarar. Båtane duvar lett over vågen. Silda kjem mot oss i ei einaste svær rørsle. Vi er tre generasjonar sildefiskarar som skal fange havsølvet.
NRK HAR I DAG slutta å melde om fisket. Fram til åttitalet kom melding om fisket først frå Bergen, deretter fikk vi børsnoteringane frå Oslo. Melding om fisket blei tatt av programmet, mens nøkkeltala frå børsen no blir serverte i nesten kvar nyheitssending: Oslo er opp, Oslo er ned. Vi får høre om utviklinga i Tokyo, New York, Paris, London, Frankfurt. Vi følgjer Nikkei og Dow Jones. Vi stig og fell med børsane, som ein båt ute på sjøen.
På nyheitene melder dei også om svømmebasseng som står tomme landet over, meir enn 250 basseng er stengte eller har redusert drift, trass i lovnadar om det motsette. Eg skrur opp radioen og hører at det i Norge har vore 40 prosent auke i bruken av paracetamol bare sidan 2003. Depresjonar kostar oss 44 milliardar kroner i året. Politikarane snakkar no om at vi ikkje bare må ha mål for bruttonasjonalprodukt, vi må også ha mål for bruttonasjonallykke.
KVA SKJEDDE? Kva var det eigentlig som skjedde med oss i dei åra frå Robert A. Robinson tok desse bilda fram til i dag? Eg veit ikkje, eg kan bare spekulere. Det slår meg at Norge ganske nylig var eit ungt og uferdig land. Vi var ein nasjon utan så store fakter, eit land med overskot, med humør og optimisme, med store drømmar. Vi hadde ikkje funne olja, vi mangla eit rekordstort oljefond, vi var eigentlig fattige, men vi skulle bygge landet. Vi skulle ta til på denne oppgåva saman, vi skulle bygge oss eit liv. A lifetime of desires. A lifetime of dreams.
Sjølvsagt er dette fotografens blikk. Han har reist land og strand rundt, og så har han fanga oss med medfølande kamera. Han bryr seg heilt tydelig om dei han fotograferer. Han er ein mann full av empati. Bilda hans boblar av glede. Av slit og strev også, sjølvsagt, men det stig liv og røre opp frå dei bilda. Du kan høre latteren frå dei, livsgleda, jubelen. Dei er som røntgenfotografi hengte opp på ei lystavle: Du er frisk som ein fisk, gut!
Kva ville ha skjedd dersom Robert A. Robinson hadde gjennomført prosjektet han nemner i forordet i boka: å fotografere nordmenn på ny fleire år seinare? Kva slags oppfølgjar ville det blitt? Eg er redd det hadde blitt ei mørkare bok, med meir avstand mellom folk, med færre smil, mindre latter.
FANN VI OLJA, og så mista vi humøret? Blei vi rike kvar for oss, men fattige saman?
For nokre år sidan reiste eg med cruiseskip langs kyststripa som Robert A. Robinson dokumenterte den gongen. Om bord var amerikanarar, italienarar og franskmenn, kvar passasjer med nesten like mykje pengar på konto som statsbudsjettet i eit gjennomsnittlig u-land. Min jobb var å lage ein reportasje blant nokre av klodens rikaste menneske. Eg fikk ikkje snakke med dei, men eg kunne observere dei. Dette slo meg: Desse rikingane får verdas beste mat, eg har aldri smakt så god mat, men eg har heller aldri hørt så mange klage på maten. Dette slo meg: Rikingane får servert verdas vakraste landskap rett utanfor ripa, men dei ser knapt over kanten på solbrillene. Dette slo meg: Rikingane kan bade på dekk i eit boblebasseng som heile tida held nøyaktig 37,5 grader celsius, men dei gjør det aldri, dei tenker sikkert på boblebad som noko vulgært.
Ein sein kveld overhørte eg ein samtale mellom to kvinner. Dei sat med kvart sitt champagneglas i solnedgangen.
FRUE I: (sukkar) Fantastisk landskap, i grunnen!
FRUE II: (surt) Ja, men ville du ha budd der? FRUE I: (sjokkert) Nei, aldri i verda!
Men vi bur her, vi bur her framleis, og eg tenker at vi har tatt til å oppføre oss som cruiseskippassasjerar. Vi registrerer knapt at verda siglar forbi, vi er for opptatt med jakta på eiga lykke, vi har nok med å stappe i oss paracet. Vi lyttar til børsnoteringane nede i lugaren før vi kjem opp for å klage på maten.
ANDERS GRYTTEN står heilt framme i baugen på motorbåten, han står slik han har stått så mange gongar. I sola, i regnet, i sluddet, i vinden. Han står i alt som har vore, i alt som er i ferd med å bli borte. Han står som den siste av sitt slag. Det er over, og han veit det, sjøen er gammal, han er gammal. Men han har bestemt seg for å lande denne silda, han skal fange denne siste stimen.
LA NOTA GÅ, roper bestefar.
Vågen lever under oss. Vatnet må ha nådd hundre grader, alt koker og boblar der nede. Sildestimen er som eit hav i havet, bølgjer og rullar under båtane, alt i ei stadig meir desperat rørsle. Det er ikkje til å tru. Sild? Her? På bestefars våg? Her vi har rodd rundt, her vi har leitt etter sjøstjerner og krabbar, her vi har vore på ulovlige oppdagingsferder mens dei vaksne sov middag.
Slupse med tåje! tar bestefar til å skrike. Slupse med tåje!
Dette er fagterminologi, men vi forstår straks kva han meiner: Vi må slå tauet frå nota ned i vassflata, så hardt vi kan, så lenge vi kan. For på eit hemmelig signal har sildestimen snudd og er på veg ut igjen. Vi har ikkje fått strekt nota over heile vågen. Silda ser fluktruta. Ho har gjerne erta bestefar lenge nok, no gjeld det å finne vegen ut mot opent hav.
Bror min og eg dundrar tauet i vassflata. Vi ler som galne, vi slår som galne, dette er det villaste, dette er det sjukaste. Måsen kjem fykande ned, stupbombar oss. Men vi bare ler og slår alt vi kan. Rørsla og lyden skal få silda til å endre retning igjen. Det er ein kritisk augneblink, om vi ikkje får snudd retninga, er alt tapt. Silda blenker nede i det svarte, kjempar for livet. Bestefar min skrik i baugen, kjempar for æra.
Og brått snur stimen, forsvinn inn mot land igjen, veltar som ei myntsamling mot fjæra. Vi har nokre sekund på oss til å stenge av. Vi ror som galne over mot det grå berget. Det må gå. Det må gå. Det går. Bestefar min står i baugen på motorbåten og gliser med skipparlua nede i auga. Vi greidde det. Vi fiksa det. Ikkje eit storsildkast, akkurat, men eit bra kast er det. Om nokre dagar skal ein båt komme for å ause silda opp. Dei skal ta opp silda i løpet av natta. Anders Gryttens siste sildestim.
Dagen etter lytta alle saman på melding om fisket. Bestefar sat i den gule lenestolen og nikka. Røysta frå Bergen trengde inn, fall skrått inn i romma, flagra som gardiner, song som musikk. Stemma frå Bergen gikk frå rom til rom, fann vegen til kvar krok i det huset, i det første huset, i det huset vi kjem frå, i det huset vi flytta frå.
* Frode Grytten er forfattar og journalist. I 2009 gav han ut fotoboka «Det norske huset» saman med Jens Hauge.

























Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen