I Sverige har han møtt stadig skarpare kritikk, ikkje minst frå venstresida, men til no har han gått fri i Noreg.
Send tips til Dagbladet.no MMS/SMS: 2400 Tlf: 2400 0000 e-post: 2400@db.no
• Edvard Hoem: Hagtvets endelause korstog
• John Olav Egeland: Kampen mot det autoritære
• Bernt Hagtvet: Man diskuterer ikke dyrevern med kobraslanger
• Jan Myrdal: Tilfellet Hagtvet
MYRDAL-DEBATTEN: Jan Myrdal vil ha dialog, men om kva? Kva treng ein å diskutere når han sjølv alltid har rett, alltid har hatt rett og alltid vil ha rett?
Det er noko sjølvmedvite over Myrdals måte å argumentere på. Sidan det er han som sit på «sanninga» er han nærmast hatsk overfor dei som kritiserer han. Underteksta i innlegget 7.9, med overskrifta «Tilfellet Hagtvet» og dei lite subtile assosiasjonane til psykoanalysedebattane, er at Hagtvet lid av ei diagnose.
Og bak konspirerer alltid imperialismen. Kritikk av Myrdal såvel som totalitære regimer og ideologiar i den tredje verda er alltid imperialismen som nyttar rasisme, antiislamisme, og så bortetter «i sin kamp for makt over råvarer og interessesfærer og for å skape folkehat nok til å holde nede det innhentede, innvandrede underproletariat». Iran har då berre «en annen rettstradisjon enn vår». Han har lest sin Orwell og nyttar det som ei bruksanvisning og ikkje som ei åtvaring.
Kanskje såg ikkje Myrdal terroren då han var i Kampuchea. Men i så fall var dette ikkje ein passiv, men ein særs aktiv prosess av ideologisk blindskap. I ettertid har argumentasjonen hans vore ei utgåve av den freudianske spøken om kjelen: X låner ein kjele fra Y. Når X leverer attende kjelen påpeikar Y at det er eit hol i den. X sitt forsvar er då at a) X har aldri lånt ein kjele frå Y; b) Kjelen hadde hol i seg då X lånte den, og c) X returnerte kjelen i perfekt tilstand. Der ein intellektuell som Noam Chomsky innsåg at han hadde tatt feil, har Myrdal halde fast ved blindskapen.
Han er samstundes flink til å nytte dynamikken i moderne mediadramaturgi. Denne er driven av konflikter. Gjennom å seie noko ekstremt eller sensasjonelt kan ein spele på den journalistiske frykta for å gå glipp av ei «god sak», og det er difor nesten betre di meir ekstrem utsegna er. Dette spelar opp mot den sjølvkritiske og akademiske «barnelærdommen» om å ta «alt» opp til debatt. Såleis er ein Myrdal nesten alltid garantert å få tilsvar, og dermed har han etablert seg som ei jamstilt side i det offentlege romet. I alle fall så lenge han kan posere som ein del av «venstresida».
I Sverige har han møtt stadig skarpare kritikk, ikkje minst frå venstresida, men til no har han gått fri i Noreg. Reaksjonane etter Hagtvets utspel tyder på at dette er i ferd med å endre seg.













Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen