Elevane skreiv meldingar, chatta og skreiv på veggen til kvarandre; på nynorsk.
Send tips til Dagbladet.no MMS/SMS: 2400 Tlf: 2400 0000 e-post: 2400@db.no
ELEVANE er på Facebook og har eigne mobilar, slik kommuniserer dei. Elevane er ekspertar på kortprosa frå sosiale medium, dei kan å få med det viktigaste på nokre få teikn. Det er ein ferdigheit elevane må bli medvetne om å ivareta i skrivinga av dei lengre tekstane i skulen, som når dei skal skrive stutte referat av bøker eller noveller, og til kortsvaroppgåva som har kome inn som ei av oppgåvene elevane kan få til avgangseksamen i norsk hovudmål eller sidemål på vidaregåande etter Kunnskapsløftet 06.
La oss gripe tak i elevane der dei er for å nå dette målet. Det kan vere måten å få opp augo for nynorsken på, mange nyttar dialekten sin når dei skriv i dei sosiale media, og da er ikkje vegen lang tilå sjå nytten av nynorsk; dialekt og nynorsk heng tett i hop. Å stengje Facebook ute frå undervisninga i skulen er difor meir bakstrevarsk enn det negative synet mange har på nynorsk.
KOMPETANSEMÅLA i læreplanen framhevar «å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk», difor er Facebook og SMS like godt eigna i undervisninga som blogg, Google Dokuments og Etherpad.
Det er mye å ta omsyn til i den digitale skulen. Vurderingar av faglege prestasjonar må formidlast i ein lukka arena, utan innsyn frå andre. Attendemeldingar i dei digitale samarbeidsverktya må vere positive og byggje på det elevane kan etter Opplæringslova: «Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, (...) Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.»
MÅLET MÅ vere å auke og ivareta skrivegleda til elevane. Skulen måvåge å gå inn der ungdommen er, ikkje stengje dei sosiale media ute frå skulekvardagen, men halde dei opne for å motivere elevane til å skrive nynorsk, i digitalismens tid.













Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen