Endelig debuterer Aage (68) som månedens poet.
Send tips til Dagbladet.no MMS/SMS: 2400 Tlf: 2400 0000 e-post: 2400@db.no
MAIPOETEN: Aage Starup Isaksen. Foto: Privat
Maidiktet
Om våren er det
Nokon som stel
brunfarga frå
trea
Synkront skjer dette
kvart år
Den grøne regnfrakken
av bibelpergament
er ein fangstreiskap for
Den store handa
som du ikkje vil
helsa
på
Aage Starup Isaksen
Juryens begrunnelse:
Dei beste dikta har alltid ein rest av det uforklårlege over seg når me har lese dei nokre gonger. Her er det ein tjuv som lurer seg gjennom diktet, og som me ikkje får tak på. Kven han er og kva det eigentleg er han er ute etter, det er gåtefullt frå starten av. Når det vert sagt at denne tjuven stel brunfargen frå trea om våren, så er jo det ein underleg ting å seie. Det som skjer er jo at det grøne sprett og noko nytt kjem til. Ja, det skjuler brunfargen, men kva er det som vert stole? Det vert vidare sagt i diktet at det grøne er ein regnfrakk. Og at den er laga av bibelpergament. Litt etter litt får me stikkord nok til å skjøne at det er tida denne tjuven stel. Våren er baksida av hausten. Det som vert borte er tida. Livet ditt.
At våren kjem vert oftast framstilt av andre poetar som noko sterkt og vakkert, men ikkje her. Det er bare ein måte tjuven fangar inn fangsten sin. Å likna eit lauvgrønt tre med ein person i regnfrakk er eit overraskande og treffande bilete. Men det å stå ute i regnet og vera omslutta av bibelpergament er eit merkeleg symbolsk bilete. Det skapar ein merkeleg stemning og trekkjer trådar langt attende. Det kan samstundes gje assosiasjonar til strenge samfunn styrt av religiøse reglar. Til slutt vert «Den store handa» nemnd. Den som me vik unna og ikkje vil ha kontakt med. Kva er tidstjuven sitt etternamn? Jau, det er Døden.
For juryen,
Helge Torvund
Juryen består av Helge Torvund (diktlærer Diktkammeret), Kristian Rishøi (diktlærer Skolekammeret) og Maria Børja (juryleder).
Les de andre maifinalistene
— Du har jo deltatt i Diktkammeret en stund, men stemmer det at veien din inn til Dagbladets diktsatsing først og fremst gikk gjennom Dagbladets diktspalte?
— Eg har skrive dikt i hovudet i mange år, og på trykk i Dagbladet kom eg for første gongen i 2006 med diktet «Hardangerfjorden dagen etter Olav H. Hauge døydde». Ikkje lenge etterpå byrja eg skriva i Diktkammeret, og leika meg der er den beste tidtrøyttet eg veit.
Negativ vår
Når han seks år senere debuterer som månedens poet, er det med diktet «Tjuven i livet ditt».
— Vil du si litt om hvordan det startet?
— Diktet er eit halvreligiøst dikt, og handlar om undringa over kva slags krefter som set livet i gang. Finst det noko svar på det? Ein kan sjølvsagt visa til hellingsvinkelen på jorda, og at jorda i sin bane rundt sola ligg gunstig plassert slik at vi gradvis får maksimalt lys og varme. Så vaknar plantane i naturen grunna fotosyntesen. Men det må stå nokon bakom, ei makt eller ein Gud? Men dette vil vi menneske ikkje godta, vi tek på oss ein regnfrakk. Våren blir berre ei biologisk hending, og det er våren som stel vår merksemd.
— Denne negative vinklingen på våren er både uvant og forfriskende. Er den brechtske fremmedgjøring en teknikk for deg? Jobber du bevisst med en type negasjon, eller ukjent lys, over et kjent og velbrukt motiv eller tema?
— Eg nyttar mange teknikkar i dikta, blant annet Brechts «verfremdungstecknik», som ein enkelt kan forklara med at han ville at publikum ikkje skulle bli så kjenslemessig "forførte" at dei mista den politiske bodskapen i skodespela. Dikt og skodespel skal ha ein bodskap som opnar folks auga, slik at dei blir sosialrevolusjonære. Difor snakkar og syng skodespelarane med publikum. I diktet mitt seier eg at vi blir så opptekne av dei biologiske prosessane, fotosyntesen, at vi tek på oss ein regnfrakk som nærmast er ugjennomtrengeleg. Gud, eller krafta bak allnaturen, forsvinn i blomar og flotte plantar som blømer og tre som grønskar.
— Og hvem er denne tjuven? Vi har en teori, men det kan finnes flere svar!
— Våren er tjuven, og som Torvund seier i kommentaren sin, blir den avslutta med hausten, det vil seia døden.
Dirrande ord
Han har norsk mellomfag fra Universitetet i Oslo, og har undervist i videregående skole i mange år.
— Difor ber eg på eit stort lass av norskkunnskap — iallfall burde eg det! Eg blir også inspirert av å lesa diktsamlingar, får idear heller hint, ser på oppsettet.
— Lesetips?
— Av nolevande lyrikarar, likar eg best Arnold Eidslott, som for ein par dagar sia fylte 85 år. Han skriv på ei halvreligiøs måte, orda dirrar og det er vanskeleg å skjøna korleis han får det til! Av forfattarane i dag likar eg Solstad, Hoem, Lars Christensen og Trøgstad. Dei har ein tydeleg bodskap.
— Dei beste bøkene eg har lese er og har gitt størst inntrykk er Carolus Magnus av Olav Duun, Den fjerde nattevakt av Johan Falkberget, Keijsarn av Portugallien av Selma Lagerlõf og Fuglane av Vesaas. Eg likar alle klassikarane særs godt, og Arne Garborg, som no nesten har kome i skuggen. Han er utruleg revolusjonær!
Maipoeten synes det er synd at så mange bare leser kriminalromaner, og vil heller peke folk i retning av en annen sjanger:
— Vi har ein stor skatt i alle memoarane, og eg vil oppmoda folk å lesa memoarane til Johan Bojer, Peter Egge og Vilhelm Krag. Doktoravhanlinga om Wergeland Det levende univers av Yngve Ustvedt og Vegen til himmelvarden, Leif Mæhles doktoravhandling om Odd Aukrust. Dei er så genialt og enkelt skrivne at det er ei fryd.
— Elles var eg heldig med førelesarane ved UiO. Eg hadde framifrå folk som Georg Johannesen, Leif Mæhle og Arne Torp. Johannesen tolka eigne dikt. Eg hugsar godt hans tolking av «Oppslag i en obosblokk» der det renn blod ut av stikkontaktane. Torp hadde vi i dialektunnskap og han er frå Setesdal. Kor vi undra oss over kva dei sa der. Og dei har den mest arkaiske (gamle, eldste) dialekten i landet.
Unngår rimeri
Foruten deltakelsen i Dagbladet ser Aage jevnlig også diktene sine på trykk i flere lokalaviser:
— Særleg aviskjempen i Midt-Noreg, Adresseavisen. Har eg «Dagens dikt» der, når eg potensielt nesten 200 000 lesarar. Men fordi folk flest ikkje forstår, greier ikkje å tolka dikt på ein fullnøyande måte, må ein skriva enkelt. Eg prøver å unngå reine «rimeri»; Diktet må ha ein bodskap. Det er vanskeleg å vera særleg revolusjonær i ei høgreavis!
Stort sett skriver han om det samme:
— Urettferd og dei som har det vanskeleg i kvardagen, som saknar menneskeleg kontakt og varme.
— Og hvordan skriver du vanligvis? Er det mye flikking eller sitter diktene med én gang?
— Eg brukar mange teknikkar, likar å sitja på kafear og studera folk. Slik kjem ideane, og når dei har ulma lenge nok, blir det eit dikt.
DIKT I DAGBLADET:
Diktkammeret er Dagbladet.nos forum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret er et forum for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer løpende utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret.
• Hver måned kårer juryen — som består av Helge Torvund, Kristian Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladets papirutgave. Én av finalistene fra hvert forum blir dessuten kåret til månedens poet.
• Dikt- og Skolekammeret har eksistert siden henholdsvis 2001 og 2003, og mange av poetene har etter hvert kommet ut i bokform. Dagbladet har også laget to bøker i tilknytning til foraene:
* Diktkammeret. Å skriva poesi av Helge Torvund på Det Norske Samlaget (2001), som inneholder leksjoner i diktskriving med eksempler.
* Ungdomsantologien Faen ta tyngdekrafta på Gyldendal Norsk Forlag (2008).
• I tillegg tilbyr Dagbladet Dikt.no, et skriveverksted der det i tillegg til dikt er mulig å sende inn og diskutere sjangere som noveller, sangtekster og sakprosa.
• Les alle Helge Torvunds leksjoner — en gavepakke til skrivende





















Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen