Arvid Torgeir Lie skriver med sjelden autoritet og litterær tyngde.

Tips oss 2400

«Mot det ærlege lyset: ordspelarens skugge»

  • Forfatter: Arvid Torgeir Lie
  • Forlag: Gyldendal
 
ANMELDELSE: Når Arvid Torgeir Lie legg fram ei ny samling dikt i år, stadfestar han si stilling som ein av dei mest standhaftige og sjølvstendige poetar i Norden.

Gjennom ei skarpslipt etisk dikting skapar han sitt eige vokabular i bok etter bok. I samlingane «Eksakt, nærvær» frå 1995, «39 fragment over ein harmonika» (2001) og «Innfor den myndige og umyndige beretninga» (2006) har han tidlegare lansert og utvikla omgrep som «det frodig-asketiske», «trinnhets-glansens scene», «ord-selgaren», «beretningas lys» og «siffer-lysets glød».

Ein må lesa og tenkja for å finne samanhengar og venleiken i desse presise og insisterande dikta.

Dikt som er sin bodskap

Det er ein konkret og mysteriøs poesi som sirklar inn det reelle.

«I alt reelt finst ei dobbel beretning,/og ei dobbel makt,//og ingen trinnhet, ingen glans.»

Furua vert i årets bok trekt fram som eit døme på det magre sin metode. Mot dette står det makelege, mot det ærlege lyset står ordglansen på den mektiges arena.

Så er altså dette ei dualistisk og moralsk dikting? Ja, det òg. Men det er dikting som i høg grad er sin bodskap. Den er ikkje bare medviten om kva den seier, den er det den seier.

Difor får den ein sjeldan autoritet og ei litterær tyngd. Den står fram som ei krevjande og strålande dikting som minner om René Char. Når ein les seg inn i dette universet, når ein grip samanhengane og tydinga opnar seg, då vert nokre av dikta tydelege og enkle å lesa.

Men aldri for enkle, aldri for tydelege.

Fordi dei er hogde ut med ein meisel av erfaring, og fordi det er gjort av ein som så til dei grader har gått gradene i handverket. Det er ein poesiens proletar som har bygd opp sin tillit og mistillit til språket gjennom eit heilt liv. «Frå eit halvt liv» var faktisk tittelen på Lie si samling to år før gjennombrotet med «Skrive og tenke» i 1971.

Sidan det har det gått sju svingar opp, og han har gitt oss ein forfattarskap som må vera noko av det minst medieomtalte og samstundes beste som kan oppdrivast.

Djup resonans

Standhaftig som våren sjølv skriv han fram motseiinga mellom det ærlege og myndige lyset og mediahuset si fortrollande glans. Men her er òg nokre dikt som varierer tonen.

Det eventyraktige «To eple» kan minne om «Travle bekk» frå «I eit Bergsto-år» (1990), og måten Lie i årets bok skildrar ei bilulykke i diktet «Ung var han, og ny, eller ein spelar urøynd på si radige reise» i 12 delar, er merkverdig, magert, komplekst og originalt.

Desse dikta syng med ein djup resonans, hardt klingande, mjukt søkande, som desse linjene til furua:

«Furu, bortanfor dei snøgge tingas plass,/la du ut på den lange vegen mot lyset».
John Arne Markussen

Velkommen til debatt med utgangspunkt i artikkelen ovenfor. Tenk gjennom hvordan du vil framstå i det offentlige rom. Det er ikke forbudt å være anonym. Noen ganger kan det være påkrevet. Men i de fleste sammenhenger framstår en som skriver under fullt navn som mer interessant enn en som vil skjule sin identitet. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre i kommentarfeltet. Hensikten med en debatt er å bidra til å berike ordskiftet i det offentlige rom. Vi vil ikke ha trakassering, trusler og hatske meldinger i våre kommentarfelt.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør

Debattregler

Mest kommentert

  • - Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?

    - Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?

    NRKs nye lisensønske provoserer. (1051 innlegg) Les mer

  • Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip

    Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip

    - Presser halvøya mot en atomkrig. (638 innlegg) Les mer

  • Muslimske Ribery ble dynket i øl

    Muslimske Ribery ble dynket i øl

    Varslet at han ikke ville akseptere det. (617 innlegg) Les mer

  • Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004

    Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004

    - Bare Gud får rett hver gang, sier Sylvia Browne. Men hun har utallige skivebom på rullebladet. (442 innlegg) Les mer

  • - De kysser alteret vårt. Det er et overgrep

    - De kysser alteret vårt. Det er et overgrep

    Opphetet på Bredtvet da katolikkene inntok Groruddalen. - Respektløst, svarte kirkevergen. (324 innlegg) Les mer

  • NRKs nye gullgutt i hardt vær etter voldtektskommentar

    NRKs nye gullgutt i hardt vær etter voldtektskommentar

    - Hvis en dame hadde truet meg med voldtekt, så hadde jeg ledd. (291 innlegg) Les mer

  • - Høyre og Frp driver skrivebordsteori

    - Høyre og Frp driver skrivebordsteori

    Mener barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen. (299 innlegg) Les mer

  • Russefeiringen - for hvem, egentlig?

    Russefeiringen - for hvem, egentlig?

    Når russefeiringen i dag favoriserer og foregår på premissene til en liten gruppe bestående av rike, hvite nordmenn, bør konseptet revolusjoneres. (232 innlegg) Les mer