Kven er det som smiler?
Gjennom ei omfattande samling dikt på 142 sider vert på muntert vis Øklands observasjonar og avanserte refleksjonar bretta ut. Ofte absurd og leikande:
«Ein høg belgisk hatt.
Belgisk ro.
Herre svarte naken.
Fram med sjokolade og kaffi.»
Ofte har dikta ein gåtefullt smil. Tittelen «Smil utan smilar» kan tolkast som ein smil som er individuell, som ikkje finst i fleirtal, eller som verknaden av ein smil som heng att når den som smilte er borte. Men ikkje minst kan den lesast som ein pendant til boktittelen «Thoughts Without A Thinker» av Mark Epstein, som er ei sofistikert bok om buddhistisk tilnærming til relasjonar mellom menneske.
Ørkenland
Gjennom eit aktivt nærvær mister opplevinga av sjølvet mykje av det faste og varige, og vert ein del av ein prosess, som ei elv som renn. Ein smil er då ein smil, er her, og er borte att, medan ingen heilt veit kven som smilte eller «kven som får munnen min/til å snakke». Det «skulle eg gjerne visst», skriver Økland.
Boka har fått ein særs vakker bunad der Terje Langeggen smilande leikar seg med «Fisches Nachtgesang» av Christian Morgenstern. For å kunne skrive om det han skriv om her, skapar Økland sitt Ørkenland med kamelar, ein eigen ørkengud og sand: «Sand/her og nå/vere med dykk.» Sjela, kamelen, guden og vandraren glir over i kvarandre og i siste diktet vert ørkenen til ein potensiell havbotn.
Nålar og oasar
Kamelar kan som kjent svelgjast, og her vert slikt veldig konkret og meiningsfullt: «Å sitje i skuggen under sin eigen kamel og tygge/kamelbiff.» Nålauge og oasar og alt som høyrer til i vår mytiske ørken finst med. Men han harselerer herleg med poesien óg: «Du, den der/pukkelen din?//Å, den! Det er/den draumen eg ber på...»
Noko vert forklart: «Min ørken heiter Norge og eg/er eitt med min norske kamel», men dei store spørsmåla renn og renn: «..er eg eitt med sanden som renn frå sanden/ned til sanden i dette veldige timeglaset».
Klassikere
At ei diktsamling med så mykje ørkenvanding er prega av variasjon, er nok naudsynt. Her er fyndord, drama, forteljande surrealisme, gudsord, kroppsdikt, kjærleiksdikt og fanfarar. Fleire av desse tekstane, som «Hol», «Så mang ei sjel», «Løksong» og «Belgia» har ein slags klassikarautoritet over seg. Ein får ei brennande lyst til å sitera frå boka. Samstundes har dikta ein merkeleg snakkande karakter, som om dei bare litt motstridande har vorte til midt i all snakkinga som likevel går føre seg. «Sola og neglene oppnår det same som det snakkande mennesket». Og Økland sitt snakk er vidgjete det óg.
Økland har skrive ei merkeleg bok full av ord som oppdagar seg sjølv medan ein les. Og «som midt i sitt eige snakk brått må smile».
Ja, det finst smil her. Kven smilaren er, får likevel vera ei gåte.
I denne artikkelen
Velkommen til debatt med utgangspunkt i artikkelen ovenfor. Tenk gjennom hvordan du vil framstå i det offentlige rom. Det er ikke forbudt å være anonym. Noen ganger kan det være påkrevet. Men i de fleste sammenhenger framstår en som skriver under fullt navn som mer interessant enn en som vil skjule sin identitet. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre i kommentarfeltet. Hensikten med en debatt er å bidra til å berike ordskiftet i det offentlige rom. Vi vil ikke ha trakassering, trusler og hatske meldinger i våre kommentarfelt.
Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør
Mest kommentert

- Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?
NRKs nye lisensønske provoserer. (1051 innlegg) Les mer

Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip
- Presser halvøya mot en atomkrig. (638 innlegg) Les mer

Muslimske Ribery ble dynket i øl
Varslet at han ikke ville akseptere det. (617 innlegg) Les mer

Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004
- Bare Gud får rett hver gang, sier Sylvia Browne. Men hun har utallige skivebom på rullebladet. (442 innlegg) Les mer

- De kysser alteret vårt. Det er et overgrep
Opphetet på Bredtvet da katolikkene inntok Groruddalen. - Respektløst, svarte kirkevergen. (324 innlegg) Les mer

NRKs nye gullgutt i hardt vær etter voldtektskommentar
- Hvis en dame hadde truet meg med voldtekt, så hadde jeg ledd. (291 innlegg) Les mer

- Høyre og Frp driver skrivebordsteori
Mener barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen. (299 innlegg) Les mer

Russefeiringen - for hvem, egentlig?
Når russefeiringen i dag favoriserer og foregår på premissene til en liten gruppe bestående av rike, hvite nordmenn, bør konseptet revolusjoneres. (231 innlegg) Les mer



