Knut Olav Daasvatn (42) er månedens poet for første gang.

Tips oss 2400

DIKT I DAGBLADET:

Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbys Dikt.no, et skriveverksted der det er åpent for flere sjangere.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner!

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker i tilknytning ti kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave for Diktkammerets første ti år (Samlaget 2011)
For den dikteriske april måned var det Knut Olav Daasvatn (42), alias kanelski, som gikk helt til topps fra Diktkammeret — med dette lille, konsentrerte diktet:

«Fontana di Trevi»

tida flyt ut
over låge kantar

etterlet dagen
ankeldjup  

Poeten har vært i finalen flere ganger, men er dette hans debut som månedens poet?

— Ja, det er rett og slett første gong, så dette var stort! Ei varm takk til juryen, eg set verkeleg pris på å verte lyft fram på denne måten, sier han.

Assosiasjon og klang
Diktet kom spontant, forteller han:

— Det vart skrive i løpet av fem—ti minutt — bortsett frå tittelen, som eg brukte litt tid på å finne. Litt utypisk meg, eigentleg, men det er også veldig stimulerande når ein kjenner at eit dikt berre fell på plass slik.

— Juryen likte blandingen av det konkrete i diktet og assosiasjonsrommet det byr på. Hvor mye vil du at leseren skal se for seg Roma? Er det nødvendig å vite hva og hvor Fontana di Trevi er for å lese diktet?

— Først og fremst ville eg knytte dette biletet av fontena til diktet. Så måtte det vere ein stad mange kjenner slik at lesarane kan knytte sine eigne assosiasjonar til diktet, og så tykkjer eg klangen i namnet er flott. Så følgde Roma med på kjøpet, så og seie — med alle dei assosiasjonar den byen kan dra med seg. Sjølv har eg ikkje vore i Roma i det heile!

Kortslutta lesing
Søker mankanelski, finner man en rekke dikt tilbake til 2009. Noen ganske lange, andre korte à la vinnerdiktet denne måneden.

— Hva er det som styrer hvorvidt et dikt blir det ene eller det andre?

— Ofte snakkar eg nærast diktet fram, høyrer det inne i meg medan eg skriv. Då vert det gjerne litt lengre tekstar. Det fine med å skrive slik er at det gjev ei kjensle av flyt og samanheng. Så har eg ei litt barokk side som òg får slippe til då, med snirklar og sidesprang.  Men eg har òg ein trong til å finne fram til slåande språkbilete, leite etter akkurat den forma som uttrykkjer ein idé så klårt som mogeleg. Då vert det ofte korte dikt, og mange gonger tek dei lengre tid å skrive.

— Har du selv noen preferanser som leser?

— Leseropplevinga er nokså ulik for korte og lengre dikt, tykkjer eg. Når ein les lengre dikt vert ein trekt inn i diktet, ein må leite seg fram og sjølve leseprosessen vert ein viktig del av opplevinga. Les ein korte dikt, vert leseprosessen på ein måte kortslutta, ein kan gripe diktkonstruksjonen umiddelbart — og diktet grip rakt etter sansane og skapar, om diktet er godt, ein liten eksplosjon av sanseopplevingar og assosiasjonar. I bokform har eg kan hende ein preferanse for dei litt lengre dikta. Men kvaliteten til eit dikt er viktigare enn lengda. Om ein kombinerar Tarjei Vesaas sitt reine og enkle språk, Tomas Tranströmers knivskarpe bilete og Torgeir Schjervens slentrande virtuose språkføring, er ein i eit poetisk landskap eg kjenner meg heime i.

— Og så er det bildene du bruker. Her er det hentet fra urbane Roma, men ofte er de hentet fra naturen. Er det bildene/motivene som styrer diktet, eller melder de seg ettersom du har kommet inn i skrivestrømmen?

— Eg har eit veldig visuelt tankesett, og skrivinga mi reflekterer vel det. Naturen har eg alltid hatt eit nært tilhøve til, og eg har også naturvitskapleg utdanning — som biokjemikar. For meg er det ein sjølvsagt ting å hente bilete frå naturen. Men eg vert meir òg meir opptatt av det urbane. Det ligg så mange gode bilete i alle desse strukturane vi omgjer oss med — ikkje berre reint visuelt, men òg i høve til tekstur, smak, lukt, lyd, korleis ting kjennast mot huda.

Poetisk naturvitenskap
Alt dette konkrete, og egenskapene til konkrete ting, påvirker også selve skriveprosessen:

— Mange dikt startar med at eg får ein idé om eit bilete eller ei spesiell formulering som eg likar, og så utviklar heile diktet seg frå det. Nokre gonger er prosessen destillerande, så biletet vert klarare i si endelege form. Andre gonger forsvinn utgangsbiletet heilt, og har ikkje annan funksjon enn at det har sett i gang skriveprosessen. Men eg skriv og konseptuelle dikt, der eg skriv utifrå ein overgripande idé. Det er ofte tyngre dikt å skrive, og eg er sjeldnare verkeleg nøgd med slike dikt. Men eg vil ikkje heilt sleppe denne forma heller. Kan hende ligg dei beste dikta mine (som eg endå ikkje har skrive) i skjæringspunktet mellom desse to uttrykksformene?

— Kan du forteller mer om hva en seniorkonsulent ved Molekylærbiologisk institutt gjør?

— Eg er så heldig å få arbeide med doktorgradsstudentane ved instituttet, og også ved andre institutt og senter sidan halve stillinga er knytt til ein forskarskule. Slik kjem eg i kontakt med mange kreative, ambisiøse og spanande unge menneske frå ulike miljø. Eg er studierettleiar og sakshandsamar, webansvarleg, koordinerar kurs med meir. Så har eg som ei bioppgåve fått vere med på eit utviklingsprosjekt ved Universitetet i Juba i Sør-Sudan. Ei reise dit er verkeleg ei reise til ei anna verd. Menneska der står ovanfor utfordringer vi knapt kan skjøne, men dei er stolte og fulle av pågangsmot! 

— Elles er det jo eit morosamt poeng at ein annan som har vore månadens poet — Ole Horvli, også han biokjemiker — sit på eit kontor ti meter unna meg, på same arbeidsplass. Så eg vil seie vi har gjort vårt for å representere naturvitskapen på Diktkammeret!

Gammaldags
Knut Olav har skrevet siden høsten 2007 og publisert en del dikt i Kraftverk:

— Det er eit tidsskrift som Bergen kommune driv, eit flott prosjekt og eit fint tilbod til ikkje-profesjonelle skrivarar, forteller han.

— Hvorfor kanelski


— Eg tenkte at med kanelski på beina så kan ein styre utanom skiten og rett på kanelen ... Så har det ei fin og litt østeuropeisk klang — eg får nokre søketreff frå til dømes Russland på bloggen min, det tykkjer eg er fint. Eg har ikkje andre aktive nick, men publiserte nokre dikt på bokmål under nicket Fuskefanten. Det er mogeleg han dukkar opp igjen. Elles er eg gammaldags nok til å føretrekkje at folk veit kven eg er.
 
Vi gratulerer! Og begrunner det glassklare valget med følgende jurykommentar:

Det store og det vesle
Det er ein snedig tittel på dette diktet. Den vidgjetne fontena i Roma symboliserer jo både noko svært ulikt og noko veldig likt det dette diktet talar om. På ein måte dreier det seg om det store og det vesle, om det som fløymer over og det som bare er eit lite nå. Ein kan spørje seg; er tittelen for stor eller for liten til dette diktet? Men når ein les og tenkjer, fell dei litt etter litt saman til ein heilskap; diktet, tittelen og fontena.

Sentralt i den overdådige barokke fontena står Okeanos som eit symbol på dei enorme mengdene med vatn i verdshava. Men fontena viser òg til regnvatnet gjennom vatnet som fell gjennom lufta, og minner oss om det vatnet som finst gøymt i jorda, slik det sildrer ut gjennom sprekker i klippane i skulpturen.

På same vis kan me seie at tida omgjev oss på alle kantar, og heile tida renn og renn same kvar me ser. Det er vanskeleg å koma utanom her at Roma òg har vorte kalla den ævelege stad. Utan å nemna det, vekkjer dette vesle diktet assosiasjonar om desse tinga. Assosiasjonane sildrer fram jo lenger ein tenkjer over desse få orda som er valde med slik omhug.

Her står me ved tidas kjelde; dagen i dag. Og me ser den renne over låge kantar. Eit vakkert og konkret uttrykk som framkallar eit glinsande, levande bilete. Kanskje kastar me ein mynt over skuldra og ønskjer oss noko. Kanskje hamnar den mynten hjå noko som treng den, og oppfyller dermed eit anna ønskje. Å stå her, å vera tilstades midt i tida, er det som kan gje oss ei djup oppleving av tilværet. Her vert dette så uventa poetisk forløyst gjennom dei tre siste orda:

etterlet dagen
ankeldjup

For juryen,

Helge Torvund

I juryen sitter Helge Torvund (diktlærer i Diktkammeret), Kristian Rishøi (diktlærer i Skolekammeret) og Maria Børja.

Send inn egne dikt! I DiktkammeretSkolekammeret eller på Dikt.no. 

 
John Arne Markussen

Velkommen til debatt med utgangspunkt i artikkelen ovenfor. Tenk gjennom hvordan du vil framstå i det offentlige rom. Det er ikke forbudt å være anonym. Noen ganger kan det være påkrevet. Men i de fleste sammenhenger framstår en som skriver under fullt navn som mer interessant enn en som vil skjule sin identitet. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre i kommentarfeltet. Hensikten med en debatt er å bidra til å berike ordskiftet i det offentlige rom. Vi vil ikke ha trakassering, trusler og hatske meldinger i våre kommentarfelt.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør

Debattregler

Mest kommentert

  • Gi oss mer, Ubaydullah!

    Gi oss mer, Ubaydullah!

    Unge muslimer som har vært usikre på hvor de står, blir sikrere etter hvert som islamistenes uttalelser i media blir tåpeligere. (2205 innlegg) Les mer

  • IS' propagandavideoer ryster verden: - Nærmer seg folkemord

    IS' propagandavideoer ryster verden: - Nærmer seg folkemord

    Norske eksperter mener IS' metoder er unike i verdenshistorien. (1793 innlegg) Les mer

  • Blodig og blind

    Blodig og blind

    Selv mot slutten av livet var Børre Knudsen blind for lidelsene han påførte jenter som ville bestemme selv. (1392 innlegg) Les mer

  • Pengeinnsamling for å sende Ubaydullah til Irak

    Pengeinnsamling for å sende Ubaydullah til Irak

    Sosialistisk Ungdom mener Ubaydullah Hussain er en trussel mot norske muslimer. (1341 innlegg) Les mer

  • Angrep er beste forsvar

    Angrep er beste forsvar

    Det er kanskje ikke drømmejobben. Men noen må redde ansiktet til Russlands president. (816 innlegg) Les mer

  • Raslet i nøkler med ryggen mot Åkesson

    Raslet i nøkler med ryggen mot Åkesson

    Men i ettermiddag er det varslet mer støy i svensk valgkamp foran Stortinget. (807 innlegg) Les mer

  • Abu Nidal og hans barn

    Abu Nidal og hans barn

    Vi så for oss et samfunn der det var mulig å leve sammen uten at religionen tok overhånd, et samfunn der religion var politisk irrelevant. (748 innlegg) Les mer

  • Kast ut ekstremistene

    Kast ut ekstremistene

    Nå har endelig Islamsk råd tatt avstand fra Husseins uttalelser. De bør også utestenge ekstremister fra moskeene. (773 innlegg) Les mer