Det handlar tilsynelatande om økonomi og symbolsaker, ikkje om dyrevelferd.

Tips oss 2400
Anne Viken.

Anne Viken.

I sommar kjem hundrevis av kyllingar til å bli kvalt medan dei ventar på å bli lessa av norske slaktetransportar. Årsaka er at Mattilsynet har godkjent lastebilar utan skikkelege viftesystem for kyllingtransport i sommarvarmen. På same tid raser tilsynet mot Trude Mostue som tek med seg to lam på fest. Mattilsynet er i ferd med å bli ein offentleg vits.

Saken med hestehaldet på gardane Bueng og Ryeng i Troms viser oss at tilsynet opererer etter menneskelege preferansar, tilsynelatande tilfeldigheter og økonomi. Den viser oss også at norske politikarar gjer det same. Og det er ikkje den einaste saken. Eg forsvarer ikkje dette hestehaldet, men det er etterkvart underleg å følge med på Mattilsynets prioriteringar.

Det er tidvis vanskeleg å ta seriøst eit Mattilsyn som rykker ut når kjendisveterinær Trude Mostue tek med seg to lam på fest, men som let Nortura køyre kyllingtransportar der hundrevis av kyllingarfrys ihjel på veg til slakteriet utan å sette ned foten.

Det fortel oss mange historier. Eventuelt om eit samspel mellom industri og tilsyn som kanskje er for tett, og om eit tilsyn som kanskje er for feigt. Eventuelt om eit tilsyn som meiner det er greit med denne typen transport i Norge all den tid å rette dette opp, vil påføre Nortura store økonomiske kostnader. Altså handlar det tilsynelatande om økonomi og symbolsaker, ikkje om dyrevelferd. Saken med hesthaldet i Troms har nådd offentligheten, det har ikkje alle detaljane om Norturas kyllingtransportar. Det er lettare å slå ned på ein hesteeigar, enn på eit heilt landbrukssamvirke. Hestehaldet i Troms har havna i offentlighetens søkelys, men i dette søkelyset finn vi enno ikkje bilete av Norturas fastfrosne kyllingar.

Det er også vanskeleg å sjå logikken i at politikarar som ønsker seg meir industrilandbruk, slår på stortromma for eit dårleg hestehald i Tromsø. I Dagbladet 24. mai seier landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) at «Jeg ser med stort alvor på saker som omhandler dyrsvelferd og legger vekt på at slike saker blir fulgt opp tett i samsvar medkravene i dyrevelferdsregelverket og norsk forvaltningspraksis».

Den same Brekk argumenterer for auka konsum av industrikylling og er tilhengar av auka omfang av norsk pelsdyrhald. Vidare seier Brekk: «Jeg har bedt Mattilsynet om å prioritere tilsyn med dyrevelferd og bruke de virkemidlene som er nødvendig for å sikre etterlevelse av regelverket.»

Det hadde vore interessant om den same Brekk ba det same Mattilsynet rydde opp i produksjons- og transportforhold i norsk fjørfenæring.

Men Brekk sine velgarar lever av og produserer kylling og pels. Tilfeldigheter og tilfeldig skjønn ser ofte ut til å råde i kva saker Mattilsynet slår ned på. Politiske preferansar styrer kva saker Brekk vil ha rydda i.
John Arne Markussen

Velkommen til debatt
Tusen takk for at du ønsker å delta i vårt kommentarfelt.
Vi holder imidlertid stengt fra klokken 00:00 alle dager. Dette gjør vi for at moderatorene våre skal kunne ha raskere responstid i debattfeltenes åpningstid.
Åpningstiden vil være hverdager fra 07:00, og helgedager/røde dager fra 08:00.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør