«Mot nord»

Tips oss 2400

SOMMERBOKA I DAGBLADET

Hver lørdag i sommer presenterer Dagbladet utdrag fra høstens mest imøtesette romaner.

23. juni: Kjartan Fløgstad, «Nordaustpassasjen»

30. juni: Gunnar Staalesen,
«Der hvor roser aldri dør»

7. juli: Anne Holt,
«Skyggedød»

14. juli: Lars Saabye Christensen,
«Sluk»

21. juli: Trude Marstein,
«Hjem til meg»

28. juli: Ingvar Ambjørnsen,
«Natten drømmer om dagen»

4. august: Henrik Langeland,
«Hauk og due»

11. august: Vigdis Hjorth,
«Leve posthornet!»

18. august: Per Petterson
«Jeg nekter»

25. august: Ari Behn,
«Skyt meg, elsk meg»
Les intervju med Kjartan Fløgstad her.

Elvehamna Krasnojarsk
er strategisk plassert ved breidda av Jenisej, mellom Novosibirsk og Irkutsk langs den transsibiriske jernbanen. Gjennom heile den lange vinteren ligg elveflåten innefrosen i vinterhamna. Berre nokre korte sommarmånader er elva farbar to og eit halvt tusen kilometer ned til Dikson ved Karahavet, og til Dudinka, som er djupvasshamna til gruvebyen Norilsk og industrikombinatet Norlag, ti mil unna. Isbrotet går vanlegvis i slutten av mai. Då fløymer elva over sine breidder, feiar ferskvassisen med seg til havs, før den fell tilbake i sitt normale leie, og opnar vassvegen heilt ut til Dikson og vidare mot den store verda. Ute i Karahavet smeltar ferskvassisen, blandar seg med sjøvatnet og blir borte, havet ligg grønt av plankton.

Med hovudet på skakke og kinnet på rekka sto Epifanio Neander på øverste dekk og gløtta vekselvis ned i kjølvatnet og opp på styrmannen, som fortalde og forklarte, på russisk, men med ein merkeleg aksent. Denne andrestyrmannen var ei vennleg kjempe av ein mann, som la handa på skuldra til Epi og peika ut leia nedover elva. Han hadde stilig uniform med raud stjerne i lua og bedyra at nei, nei, nei, han var ikkje russar. Slett ikkje. Tvert om var han tsjetsjenar, og dersom Epi syntest han snakka rart, var det dét som var grunnen. Sjølv hadde han aldri navigert lenger opp enn til Krasnojarsk, men han hadde høyrt at oppe i det øvre løpet, langt inne i Sentral-Asia, smalnar Jenisej slik at den går i foss og i stryk. Om det stemmer, er ikkje godt å seia, men alt på høgd med Krasnojarsk har elva vida seg ut slik at det er eit par kilometer frå den eine breidda til den andre. Jenisej er det femte største vassdraget i verda, og blir meir og meir majestetisk etter som den skrid vidare mot havet, utan fossestryk og kvitt vatn. Ved Dudinka ser du så vidt land på den andre sida. Det kan eg lova deg. Og då er det framleis langt igjen til ope hav. Medstraums gjer ein reisa Krasnojarsk—Dudinka på ein fire—fem døgn, medan ein må rekna to eller tre døgn til på turen oppover mot straumen. Bortsett frå nokre smale stigar og primitive vegar på vestsida finst det verken bilveg eller jernbane som knyter Norilsk til resten av fastlandet. Bortsett frå flyet var båttrafikk einaste kontakten med omverda.

For fangar som var dømde til straffarbeid i nikkelgruvene i Norilsk, gjekk nest siste del av lidingsvegen med elvebåt sørfrå. Same vegen frå Krasnojarsk kom også den vesle flokken med ispansi, spanjolar i russisk eksil, og grupper med straffedømde og forviste baltarar, jødar, polakkar, anarkistar, og ein brokut flokk med ukrainske nasjonalistar. Av mor si (eller pleiemor si, for å vera heilt korrekt) fekk Epifanio Neander, som var blitt ein tynn og hengeaksla ti—elleveåring, streng beskjed om ikkje å fraternisera og blanda seg med folkefiendane under dekk, sjølv om han forsto språket dei snakka. På nært hald var det på brygga i Krasnojarsk at Epifanio såg straffangane for første gong. Kommandoropa gjalla, schæferane bjeffa, sirenene ulte.

Omgitt av vakter og oppmarsjerte fangar, blant lekterar, skorsteinspiper, lastekranar, stillverk, lysmaster og lossetårn, gjekk kamerat Neander og sonen hennar opp landgangen midtskips og om bord. Skipsklokka klang, «Sokal» var klarert for avgang. Frå øverste dekk ropte andrestyrmannen kommandoord på gebrokkent russisk. Då Epi stakk hovudet fram over rekka, såg han trossene bli løyste frå pullertane, høyrde at djupt nede i skroget tok stempla til å slå, maskinane brumma, dei seig ut frå kai og dampa stateleg med straumen nedover mot havet. Hamna, lastekranane, dei forgylte kyrkjespira og kuplane i byen blei borte bak dei, monotonien ved sjøreisa tok over. Frå ferda vidare nedover elva har Epifanio einsformige bilde av blygrått elvevatn og breie sandbankar, som gjer at elva her og der smalnar og lagar krusningar og kvervlar på straumvatnet, medan ropa til elvelosane skjer kvassare ned frå brua. Kamerat Encarnita hadde mykje arbeid og studiar for seg nede på lugaren.

Medan dei dampa og dreiv nordover, inviterte andrestyrmannen Epi inn i styrehuset, lét han halda i roret og peika over dei kvite sandbankane inn mot land, der tung granskog, dei kvite treleggene av bjørkestammar, sedertre og sibirlerk sto tett i tett. Etter kvart som dagane gjekk, krympa den nordiske jungelen på elvebreidda, storskogen blei til spreidd dvergbjørk og tett krattskog, der ein vegstump kom til syne inne mellom trea. Nå og då ankra dei opp på høgd med låge trebygningar som såg ut som pakkhus. Eller så kom det lekterar ut med postsekker, huder og tretønner, bukserte opp mot skutesida og fekk ny last om bord. Suset frå store trekk av gjess og ender, og noko styrmannen kalla snepper, fylte lufta. Inne på elvebreidda var småskogen heilt borte, og gjekk over i vierkratt og trelaus tundra. Heile tida vida elva seg ut, snart var land berre å sjå som ein tjukk blyantstrek i horisonten på kvar side av båten.

Utdraget er tatt fra kapittelet «Asja Epifanova Neander» i boka «Nordaustpassasjen».
John Arne Markussen

Velkommen til debatt med utgangspunkt i artikkelen ovenfor. Tenk gjennom hvordan du vil framstå i det offentlige rom. Det er ikke forbudt å være anonym. Noen ganger kan det være påkrevet. Men i de fleste sammenhenger framstår en som skriver under fullt navn som mer interessant enn en som vil skjule sin identitet. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre i kommentarfeltet. Hensikten med en debatt er å bidra til å berike ordskiftet i det offentlige rom. Vi vil ikke ha trakassering, trusler og hatske meldinger i våre kommentarfelt.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør

Debattregler

Mest kommentert

  • Gild ungdom. Slumsete politikere.

    Gild ungdom. Slumsete politikere.

    I motsetning til Borch er jeg mest opptatt av at flertallet av dem som mottar sosialhjelp og annen stønad fra NAV er syke mennesker. (759 innlegg) Les mer

  • Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip

    Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip

    - Presser halvøya mot en atomkrig. (695 innlegg) Les mer

  • Muslimske Ribery ble dynket i øl

    Muslimske Ribery ble dynket i øl

    Varslet at han ikke ville akseptere det. (641 innlegg) Les mer

  • - Rooneys problemer handlet om Ferguson

    - Rooneys problemer handlet om Ferguson

    Sannsynlig at han blir i United, skriver The Times. (372 innlegg) Les mer

  • Russefeiringen - for hvem, egentlig?

    Russefeiringen - for hvem, egentlig?

    Når russefeiringen i dag favoriserer og foregår på premissene til en liten gruppe bestående av rike, hvite nordmenn, bør konseptet revolusjoneres. (287 innlegg) Les mer

  • - Spis mer insekter

    - Spis mer insekter

    FN har funnet løsningen på sultproblemene. Men frykter vesten vil sabotere fordi vi synes det er ekkelt. (263 innlegg) Les mer

  • Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004

    Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004

    - Bare Gud får rett hver gang, sier Sylvia Browne. Men hun har utallige skivebom på rullebladet. (444 innlegg) Les mer

  • - Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?

    - Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?

    NRKs nye lisensønske provoserer. (1027 innlegg) Les mer