Etter 22. juli var det om å gjera for kontrajihadistane å distansera seg frå Breivik. Men no skin sympatiar gjennom. Deira alternativ hadde vore å ta avstand frå seg sjølv.

Tips oss 2400
Øyvind Strømmen.

Øyvind Strømmen.

Følg oss på Twitter
Anders Behring Breivik er ein moderne fascist, ein høgreekstremist som i stor grad vart inspirert av såkalla kontrajihadistisk tankegods - som formidla av blant andre bloggaren Peder (Fjordman) Jensen - og av konspirasjonsteoriar om korleis europeiske eliter målretta arbeider for å gjera Europa til ein arabisk koloni, som formidla av blant andre Bat Ye'or og Oriana Fallaci.

For mange var dette ukjende idear før 22. juli, sjølv om Fallaci sitt reine hatskrift «Fornuftens styrke» vart gjeve ut på Gyldendal Norsk Forlag i 2004. Denne boka kombinerer konspirasjonsteoriane om Eurabia - «det skumleste komplottet som vår verden [...] noen gang har pønsket ut» - med skuldingar om svik og forræderi, og påstandar som at muslimer «formerer seg som rotter».

Etter den 22. juli hamna både Fallaci sin hatretorikk, Bat Ye'or sine konspirasjonsteoriar og Peder (Fjordman) Jensen si fascistiske tenkning i søkjelyset. Det skulle berre mangla, sjølv om ingen av dei kan klandrast for terrorhandlingane. Det dei kan klandrast for er ideane sine.

Fjordman freistar i norske media - i etterkant av 22. juli - å framstå som ikkje anna enn ein islamkritikar.

I essay som Preparing for Ragnarök er det imidlertid ikkje islamkritikken som står sentralt. I dette essayet trekkjer Fjordman veksler på den franske nouvelle droite-tenkjaren Guillaume Faye si bok «Archeofuturism». I boka går Faye til åtak på dagens Europa som «eit produkt av modernitet og egalitarianisme» - som han foraktar. Han meiner at me står ved slutten av ein historisk syklus, og at «barbarane» ikkje lenger står ved Europa sine portar, men i Europa sjølv. Faye sitt mål er å leggja på plass eit intellektuelle grunnarbeid for «revolusjonær handling grunna i, men ikkje alltid knytt til tradisjon».

Sjølv skriv Fjordman: «Den mentale revolusjonen som trengst for å få til ei [slik] endring i europeiske haldningar er berre mogleg gjennom ei stor krise, eit valdeleg sjokk, noko som allereie er på veg». Han skriv dette i mai 2011, men det er ikkje terroråtak han tenkjer på, det er den føreståande «rasekrigen».

Teksten vert avslutta med: «Me må sikra oss at dei som har fremma dei giftige ideane om multikulturalisme og masseinnvandring av framande stammer forsvinn saman med dei. Dersom det hender, kan me gje etterkomarane våre ein ny start og leggja grunnlaget for ein ny renessanse, der europeisk sivilisasjon på ny kan blomstra». I det same essayet tek Fjordman dessutan til orde for etnisk rensning, sidan «kultur primært følgjer gener».

Det er ikkje vanskeleg å kjenna att ein god del av Breivik sin idear. Skilnaden er sjølvsagt at Breivik tek til orde for, og har gjennomført, blodige terroråtak. Fjordman tek berre (!) til orde for etnisk rensning, og for å kvitta seg med multikulturalistane - medan han kviler seg på ein fransk revolusjonær høgreekstremist av det intellektuelle slaget. Det er noko heilt anna enn islamkritikk.

Har kontrajihadistane endra kurs etter terroråtaka 22. juli? Biletet er delt, både fordi miljøet knappast er einsarta, heller ikkje ideologisk. Her til lands har det vorte lenger mellom valdsromantikken, sjølv om ein på SIAN sine facebooksider stadig har kunna sjå kommentarar som: «Slik den politiske tilstanden i Norge er for tiden, er det bare en metode som kan virke: Geriljavirksomhet». Etter 22. juli.

Då er det lettare å finna døme på støtte til Breivik sine idear, både på Facebook-grupper som SIAN si og i debattfora på nettsidene til norske mediahus. Den støtta har det vorte stadig meir av, etterkvart som terroråtaka har kome på avstand.

Internasjonalt er det lite nytt. Fjordman er framleis aktiv. I eit intervju med det tyske høgreradikale tidsskriftet Junge Freiheit uttrykkjer han at han vart forferda over å verta sitert av Breivik, men han heldt fram som før: «islam er, strengt teke, ein sekundær spelar, men likevel svært farleg. Dei som forfekter kulturmarxisme eller marxisme i sine mange former har bidreg til Vestens nedgang, men det er også andre krefter i spel. Europa er i dag verdas sjuke mann». Det er nouvelle droite-tenkninga som skin gjennom, her også.

På nettstaden Gates of Vienna - der Fjordman har vore ein sentral skribent - var dei fyrste reaksjonane etter 22. juli å nekta for ein kvar samanhang med terroristen, samstundes som Fjordman nytta høvet til å klaga over politiet si interesse i han. Seinare greip nettstaden sjølvsagt høvet til å klistra også Breivik til islam, sidan Breivik i metodebruk lot seg inspirera av al Qa'ida. «Breivik. Al Qa'idas mann i Oslo?», heiter ein artikkel. Deira norske «korrespondent» - kalla «The Observer» uttrykkjer at det er viktig å leggja merke til at «[Breivik] tenkte på same måte som andre al Qa'ida-terroristar». Legg merke til ordet andre.

Samstundes dukkar det opp støtte til verdsbiletet hans. I ein annan artikkel på Gates of Vienna heiter det: «Dag etter dag har herr Breivik diskutert forboden tematikk, dei skammelege emna som har vorte underlagt ein pålagt stillhet dei siste to eller tre tiåra. [...] Med livefeed til det norske publikummet, mediakorrespondentar verda over og ei roleg, klår stemme som skildar den kyniske og destruktive innvandringspolitikk til dei europeiske elitane - får borgarar Vesten over høyra oppfatningar dei ikkje er meint å høyra».

Denne støtta til Breivik sine meiningar burde ikkje vera overraskande. Breivik sitt verdsbilete, er - trass ein del innslag av andre typar høgreekstrem tenkning - ganske tilsvarande det kontrajihadistiske. Skulle dei ta avstand frå ideane hans, måtte dei ta avstand frå seg sjølv. Samstundes er Breivik ein ekstremist blant ekstremistar. Medan ein ikkje skal leita altfor lenge for å finna støtte til bomba mot Regjeringskvartalet, sit det langt inne - også i ekstreme politiske miljø - å stø drap på ungdomar.

Men det finst unntak, også her i Noreg. I den gamle Folkebevegelsen Mot Innvandring - som lenge har vore prega av islamhat, og som i aukande grad har nærma seg kontrajihadisme - finn ein Bjarne Dahl. Han er 82 år gamal. I eit intervju med Sunnmørsposten seier han: - Det er ikkje heltemodig å skyta born, men eg er likevel heilt samd med det han gjorde, og stør hans handlingar. Noreg er i krig og i alle krigar er det offer.

Å avfeia Breivik som berre ein gal og einsam mann er med andre ord grunnleggjande naivt. Heilt uavhengig av korleis Oslo tingrett skulle konkludera.
John Arne Markussen

Velkommen til debatt
Tusen takk for at du ønsker å delta i vårt kommentarfelt.
Vi holder imidlertid nå stengt. Dette gjør vi for at moderatorene våre skal kunne ha raskere responstid i debattfeltenes åpningstid.
Åpningstiden er hverdager fra 10:00 til 20:00.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør