I «mannosfæren» er det mange som meiner menn er dyr som ikkje kan styra seg, og at kvinner må ta ansvaret for at dei vert valdtekne.

Tips oss 2400
Magnus Berhardsen.

Magnus Berhardsen.

Følg oss på Twitter
Klipp-klopp lyden er eit høglydt, pågåande krav om seksuell merksemd.
Magnus Bernhardsen
Rettsaka mot bloggaren Eivind Berge viste fram dei aparte meiningane som finst blant såkalla mannsrettsaktivistar. Det var i hovudsak støtta til Anders Behring Breivik og ynsket om politidrap som vart referert frå bloggen hans. Haldninga til Berge om at valdtekt er eit rettferdig svar på kjønnskvotering og andre likestillingstiltak, kom ikkje like godt fram. Berge meiner også at ufriviljug sølibat er like psykologisk skadeleg som valdtekt.

Berge er mykje lesen og kommentert i «mannosfæren», ei svært heterogen samling av mannsrettsaktivistar, «sjekkekunstnarar» («Pick-Up Artists»), maskulinistar og så vidare. Det finst saker der menn har ulemper som kjønn, og det er saker der regel- og lovverk bør verta endra og så vidare. Likevel, nokre runder i mannosfæren gjev deg oppslag som desse:

«Kvinner må forstå at menn ikkje er robotar som berre kan stoppa på sekundet med all den testosteronen som pumpar gjennom systemet. Difor bør dei vera varsame med å gå inn i situasjonar der ein vanleg mann ikkje kan stoppa på grunn av den grunnleggjande veikskapen hans som eit dyr som byggjer heile sin eksistens på å parra seg,» skriv Roosh V i «When no means yes».

Denne bloggaren, som har skriv ei rekkje bøker om korleis ein sjekkar damer i ulike land, meiner at «nei» ikkje tyder «nei», det er berre «stopp» som verkeleg tyder nei. Så, kvinner som berre seier «nei» og ikkje stopp, eller ikkje slår tilbake, er eigentleg ikkje valdtekne, og menn er dyr som ikkje kan styra seg.

Ei anna sak som har oppteke mannosfærebloggarar i det siste er at mennene som ofra livet for å redda kjærastane sine i kinomassakren i Aurora vert hylla som heltar. «Dei er ikkje helter, dei er døde.» Det heile vert sett på som eit utslag av feministisk indoktrinering om at menn er mindre verdt enn kvinner. Heltedyrking vert dimed eit bruk-og-kast-syn på menn.

Eit døme til: Det er mannosfærebloggarar som meiner kvinner som går i høge hæler er seksuell trakassering - av menn. Klipp-klopp lyden er eit høglydt, pågåande krav om seksuell merksemd, og er difor seksuell trakassering av menn som må høyra på det.

Mannen er med andre ord redusert til ein nokså viljelaus slave av eigne drifter, og tradisjonelle verde som å beskytta dei ein elskar er teikn på at ein har gått med på ideen om at mannen ikkje har nokon verdi i seg sjølv.

Ein grunn til at eg byrja lesa bloggar som dette er at eg merka meg alt kvinnehatet rundt meg på nett. Eit døme er då Anita Sarkeesian bad om midlar på «crowdfunding»-sida Kickstarter til eit prosjekt for å undersøkja stereotypar i kvinnelege dataspelkarakterar. Det vart ein valdsam storm, og mellom anna vart det laga eit spel der ein kunne «banka opp Anita». Dette er noko mange kvinner som ytrar seg om internett, dataspel, politikk - kva som helst, eigentleg - møter.

På delar av internett vil ein kvar som identifiserer seg som kvinne verta møtt med «TITS or GTFO» - vis oss puppane dine eller stikk. Grunngjevinga for dette har vore at kvinner berre vil ha merksemd frå menn på grunn av kjønnet sitt, og at om dei skal ha merksemd som kvinner får dei visa fram puppane.

Denne haldninga spreier seg. Eit klassisk eksempel er frå Reddit, ein stor nettstad for å dela nyhende, bilete av katter og andre interessante ting. Ei femten år gamal jente posta om kva ho fekk i jolegåve i ateist-delen av Reddit. Ho fekk ei bok av Carl Sagan, og var veldig stolt av den svært religiøse mora hennar som likevel kjøpte ei vitskapsbok til henne. Ho viste fram boka, men «feilen» ho gjorde var at det smilande andletet hennar også var med på biletet. Det strøymde på med meldingar om alt folk ville gjera med henne seksuelt, klaging på at kvinner viste fram seg sjølv heller enn saka dei ville ha fram og ei rekkje parodiar på postinga hennar. Det siste 15-åringen skreiv i diskusjonen var «Den kjensla du får når du aldri vil verta teke seriøst i ateist/vitskap/politikk/kvasomhelst-miljøet fordi du er jente. :( »

Til no har eg nemnt opne kvinnefiendtlege haldningar. Ei haldning eg er minst like redd for er den meir implisitte kvinneforakten som ligg i omgrepet «friend zone». Det er kanskje ikkje vanleg i norsk språkbruk, men eg tykkjer internett er fullt av det.

«Friend zone», eller venesonen, høyrest kjent ut for mange av oss. Ein trur kanskje ein har sjans på ei jente/ein gut, og så viser det seg at ho/han berre vil vera vener. Men det ligg noko meir i omgrepet også. Det ligg ei forventing om at om ein berre er snill og grei nok, så bør jenta forstå at ein vil ha ho, og forstå kva for ein fin og grei fyr ein er. Gjerne utan nokonsinne å ha gjort det klart for jenta at ein er interessert. Ettersom det sjeldan går slik sit det mange frustrerte, «greie og snille» gutar der ute framfor skjermane sine. Dei føler seg lurt av alle dei som fortalte dei at om du berre er snill og grei og deg sjølv, så finn du nokon. Og etter å ha investert så og så mange «grei gut»-poeng hjå ei jente så bør ein vel få sex?

Så, det er ikkje mange som vil dela Eivind Berge sitt syn på at valdtekt er eit rettkome svar på likestilling og kjønnskvotering. Men det er mange som viser i praksis at dei meiner kvinner ikkje skal forsøka å snakka om ting dei er interesserer seg for. Det er mange som meiner at menn kan byggja opp eit krav på sex ved å vera snill, eller ved å spandera middag og drinkar. Og det er mange som meiner menn er dyr som ikkje kan styra seg, og at kvinner må ta ansvaret for at dei vert valdtekne.

Eivind Berge er eit ekstremtilfelle, men han er ikkje så marginal som ein skulle tru. Og mange av tankane hans er å ta konsekvensen av hovudstraumsidear. Dei snille gutane må få nokre andre å høyra på enn dei som seier dei er dyr og at kvinner berre er verdt noko som erobringar.
John Arne Markussen

Velkommen til debatt
Tusen takk for at du ønsker å delta i vårt kommentarfelt.
Vi holder imidlertid stengt fra klokken 00:00 alle dager. Dette gjør vi for at moderatorene våre skal kunne ha raskere responstid i debattfeltenes åpningstid.
Åpningstiden vil være hverdager fra 07:00, og helgedager/røde dager fra 08:00.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør