Norske polititenestemenn lyt sjølve stå til ansvar for den elendige forfatninga som 22. juli-kommisjonen har avdekkja i politiet.

Tips oss 2400
Følg oss på Twitter
Svein Tuastad

Svein Tuastad

Eit hovedpoeng til 22. julikommisjonens leiar Alexandra Bech Gjørv var at kor mykje ressursar politiet har totalt sett, er mindre viktig enn leiing, haldningar og kultur. I debatten etterpå har mykje av merksemda vorte retta mot leiingas ansvar på ulike nivå. Men i det moderne arbeidslivet - kor mykje kan ein leiar få til dersom yrkesgrupper ikkje ynskjer å utføre godt arbeid?

Leiarskap er relasjonelt. Det er ikkje berre slik at gode leiarar skaper gode medarbeidarar. Det er like mykje andre vegen: Gode medarbeidarar skaper gode leiarar - og omvendt: Dårlege yrkesutøvarar gir dårlege leiarar. Til dømes sjukemelde 22 polititenestemenn seg i ein koordinert aksjon slik at politihuset måtte stenge for helga i Stavanger 7. november 2008 (Aftenbladet 13/11, 2008). Kva skulle politimeisteren gjere? Å ta eit oppgjer med ukulturen ville fort medføre endå verre aksjonar.

Sjukemeldingane hang saman med Politiets Fellesforbunds kamp for høgare løn. Dåverande fornyingsminister Heidi Grande Røys truga med å melde politiet inn for arbeidsretten. «Overtidsnekt, en bommer på skyteprøve og den type ting. Vi sa klart fra at sånn som vi ser det så tenderer dette mot ulovlige aksjoner og vi har det til vurdering», sa Heidi Grande Røys (TV2.no, 23/9 2008). Leiaren i Politiets Fellesforbund, Arne Johannesen, har vedgått: «Når en opplever en slik langvarig arbeidskonflikt er det klart det påvirker motivasjonen» (pf.no 15/7 2009). Resultatet av dei ulovlege lønsaksjonane var i følgje riksadvokaten eit dramatisk fall i oppklaring av alvorlig kriminalitet (pf.no 14/7 2009). Eit kraftig fall i innsatsen mot kriminalitet, vitnar om massiv oppslutnad om aksjonane internt i politiet.

Pensjonert politimester Rolf W. Wegner slo nylig fast at politiets yrkeskultur må endrast (VG 13/8). Det er ikkje nok med gode planar dersom yrkesgruppene ikkje følgjer opp. Då må det øvast. Det gjorde helsevesenets yrkesgrupper som då det galdt la ned ein imponerande innsats medan politiet feila katastrofalt. Til dømes prøvde ikkje den første politipatruljen å ta seg over til Utøya, slik kommisjonen meiner dei burde. Ein måte å sjå årsakskjeda frå den overordna «systemsvikten» og ned til politipatruljen som ikkje følgjer «Skyting pågår»-instruksen, kan vere at det handlar om manglande læringsevne og ukultur i politiet.

Bakgrunnen for «Skyting pågår»-instruksen er skulemassakrane i dei finske byane Jokala i 2007 og Kauhajoki i 2008. Då meldingane om skyting nådde politiet i Jokala, gjorde politifolk på vakt slik dei hadde fått beskjed om - isolerte området, skaffa seg oversikt. Men resultatet var fatalt. Dette tok politiet i landa rundt lærdom av. Instruksen for kva politiet skulle gjere, vart endra: Grip inn så fort som mogleg. Redd liv.

Året etter, våren 2009, verkar det som om kontrasten mellom norsk politis framferd og andre lands politi er enorm. I den tyske delstaten Baden-Württemberg med om lag 10 millionar innbyggjarar har på dette tidspunktet alle dei 15 000 i politiet 20 timars kurs for korleis dei skal gå fram i skarpe oppdrag. Så skjer det som dei har øva på; ein 17-åring meier ned elevar på ein skule i småbyen Winnenden. Politiet får ein naudtelefon. Tre politibetjentar rykker ut, allereie tre minutt etterpå når dei fram. Dei går rett på, det oppstår skotveksling og gjeringsmannen vert tvungen på flukt før han til slutt skyt seg. Den resolutte framferda til politiet redda truleg livet til mange ungdommar. I Noreg var det annleis.

I 2009 er skyting pågår-instruksen innført i Noreg også. Men i staden for å øve, kjem det meldingar om at norske politifolk bommar med vilje under øvingane. Over heile landet skjer liknande sabotering som ledd i den ulovlege lønskampen til Politiets Fellesforbund. Politiets framferd tar på nær knekken på justisminister Knut Storberget. Han bryt saman og må på sjukehus. Slik lamma politiet vårt justispolitiske apparat som burde ha brukt fleire av kreftene sine på å utvikle kommunikasjonssystem og naudsamband. I staden måtte styresmaktene stadig bruke tida på å sloss mot sitt eige aksjonerande politi.

Same våren som skytemassakren i tyske Winnenden hende, måtte til dømes den norske politihøgskulen avlyse fullteikna kurs for fleire hundre politifolk. Temaet var nettopp utrykningsoppdrag i kritiske situasjonar. Grunnen til avlysingane var at støttespelarar til Politiets Fellesforbund pressa medlemmene til å melde seg av.

Rektoren ved politihøgskulen var sjokkert: «Flere inspektører har rett og slett ringt oss for å spørre om hva man kan gjøre for å slippe å møte» sa dåverande rektor Hans Sverre Sjøvold og la til: «Så vanskelig er det blitt for dem - i forhold til sine kolleger - å møte på slike kurs. Det er ingen grunn til å tvile på at det har vært en organisert aktivitet for å ramme oss» (Aftenposten 1/4, 2009). På stasjonen nærast Utøya, i Hønefoss, var polititenestemenn kjente for å vere mellom dei hardaste aksjonistane i lønskampen. Då ein polititenestemann ville stå opp mot aksjonistane og heller gjere ein skikkeleg jobb, fekk han ein sjikanøs og direkte trugande melding signert med fullt namn frå ein av aksjonistane, sendt frå jobb-mailen (Ringerikes blad, 6/3 2009).

Slik eg ser det, må ein sentral lærdom etter Utøya-katastrofen vere hardare politiske oppgjer i framtida med grupper som set samfunnstryggleiken på spel. Det krev sterkare styring av politiet. Leiaren i Politiets Fellesforbund avviser krav om detaljstyring av politiet. Det vil kunne svekkje evna til å gjere godt arbeid, seier han. Men for det første dreier det seg ikkje om å overstyre skjønet til den einskilde politmann- og kvinne ute på oppdrag, men om å sikre iverksettinga av vedtatte planar. For det andre er det vanskeleg å sjå at meiningane til Politiets Fellesforbund skal vege tungt med omsyn til organiseringa av politiet. Dei synest jo sjølve å vere ein del av problemet. Dei har vore villige til å ofre tilliten hjå borgarane for å oppnå lønsføremoner, slik det vert peika på i ein forskingsrapport (Thomassen, Politiet i Spill, 2010).

Det beste for vår tryggleik ville vere om polititenestemenn og -kvinner no sjølve viste vilje til sjølvransaking. Det same gjeld leiarskapen i Politiets Fellesforbund, men det er vel meir enn ein kan håpe på.
John Arne Markussen

Velkommen til debatt
Tusen takk for at du ønsker å delta i vårt kommentarfelt.
Vi holder imidlertid nå stengt. Dette gjør vi for at moderatorene våre skal kunne ha raskere responstid i debattfeltenes åpningstid.
Åpningstiden er hverdager fra 10:00 til 20:00.

Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør