Foto: Colourbox
Foto: ColourboxVis mer

«Vi lever i et ulykkelig ekteskap med internett»

Derfor slettet Agnes Ravatn sin Facebook-konto.

Det skjedde spontant og ut av det blå, sjølv om eg har tenkt tanken eit utal gonger.

Etterpå kom ei stor ro over meg: eg er fri. Eg kan bli den same gamle. Ingenting er for seint.

Dersom me spola tilbake til før denne potensielt lykksalige fredagen, ville me sett ein skikkelse i eit heimekontor, halvt menneske og halvt feittglinsande mus pilande mellom datamaskinen og kjøkkenskapet, gnafsande på rosiner og solsikkefrø. 18 opne faner i nettlesaren, fire ubesvarte e-postar som har ligge der i tre veker og som det vil ta maks sju minutt å svare på men det går berre ikkje, fem påbegynte episodar i fem ulike seriar i Netflix, dette djevelens Spotify, åtte opne tekstdokument med lausrivne setningsfragment, ein iPhone 5 i kontakt med handa fem gonger i minuttet, ein hjerne som brenn og brenn energi utan å utføre eit ordentleg arbeid.

AGNES RAVATN: Artikkelforfatteren er journalist og forfatter i Dag og Tid. Hun presenterer klassikere innen selvhjelpslitteraturen i Dagbladet én gang i måneden. Foto: Siv Johanne Seglem / Dagbladet Vis mer

Det er eitt år sidan eg i fullt alvor begynte å lese sjølvhjelpslitteratur i eit uironisk og inderleg forsøk på å få bukt med mitt nedrige first world problem: prokrastineringa - utsetjingssyndromet - som gjorde at eg kvar kveld gjekk til sengs altfor seint, med ei overveldande tomheitskjensle, stilt hulkande: mitt liv er forbi, og eg er berre tjueåtte!

Eg veit jo at eg ikkje er åleine. Eg kjenner knapt éin person i min eigen generasjon som ikkje lever i eit ulykkeleg ekteskap med internett. Som utset alt til siste time, som har konstant dårleg samvit, som ikkje klarer å lese bøker lenger, som følgjer absolutt alle innfall hjernen måtte produsere, googlar dei mest ubetydelege tankar som måtte dukke opp, køyrer i seg kaffi og snus til ein har oppnådd fuglepuls. Dersom foreldra mine hadde sett korleis eg driv på ein vanleg arbeidsdag, hadde dei forferda tenkt: «Har me gitt liv til dette???»

Dei tre bøkene det handlar om denne gongen tilbyr nokså ulike løysingar på dette modernitetens aller skammelegaste problem. Felles for dei er at dei er så lange at dei i seg sjølv fungerer som prokrastinering. Det tyder på at forfattarane ikkje eigentleg forstår problemet så godt. Time Management-guru David Allens klassikar «Getting Things Done» ber dessutan sterkt preg av å halde stø kurs mot historias skraphaug: hans varmaste anbefaling er å gå til innkjøp av ein elektronisk etikettskrivar for å få orden i papira, noko eg kunne vurdert dersom dette var 1978.

Sjølv den 150 sider lange «Eat that Frog!» er altfor lang. Tittelen har sitt opphav i eit Mark Twain-sitat: «Start morgonen med å ete ein levande frosk, og ingenting verre vil hende deg den dagen», og Brian Tracys kongstanke er nettopp å skrive ei liste over absolutt alt du må gjere og deretter utføre den verste oppgåva aller først, før ein gjer noko som helst anna. Dette står på side éin, resten er gjentaking.

Både David Allen og Brian Tracy passar best for næringslivsleiar som får 250 epostar til dagen, må gjennomføre medarbeidarsamtalar på sitt uoversiktlege kontor, trene til Birken, gå i kyrkja, vere til stades ved barnas juleavslutning og pleie forholdet til ein tapper men tynnslitt ektefelle. Ein person som faktisk har mykje å gjere. Der noko av det viktigaste ein kan lære er å bli flinkare til å delegere oppgåver og epostar vidare til folk under seg.

Ein ekte prokrastinator har i grunnen ikkje så all verda som må gjerast. Mykje kan gjerast, men lite blir gjort. Mykje meir burde gjerast, men det blir utsett. Og ein har ikkje andre enn potteplantene å delegere oppgåver vidare til. Ein kjenner seg lamma. Ein blir deprimert. Ein går ut frå at ein er slik, at det ikkje kan endrast. Ein har ein fast runddans på nettet, fingrane fer over tastaturet som edderkoppar og skriv inn adressene av seg sjølv: db, fb, vg, ap, fb, gmail, bt, dn, gmail, vg, fb, db, bt, ap. Ein innser at held det fram slik vil livet snart vere over, og alt ein har gjort er å lese facebook-kranglar og sjå kattevideoar. Men ein klarer ikkje ta eit grep.

David Allen: Getting Things Done - The Art of Stress-Free Productivity Vis mer

Medan David Allen er ein i overkant ryddig onkel, og Brian Tracy minner om ein slags actionfigur, er Neil Fiore med si «The Now Habit» den forståingsfulle, lillakledde og barbeinte psykiateren som fortel deg at problemet ligg i di låge sjølvkjensle og din angst for å mislykkast. Det er dét som hindrar deg i å utføre ei oppgåve. Fiore skjønar meir av prokrastineringas vesen, og er dermed den eg har hatt mest utbyte av. På den andre sida er han den av dei tre som er mest, korleis skal eg seie det på ein snill måte, chakra-aktig, og eg er livredd for å ende opp som ein zenpraktiserande mindful kontorlandskapshippie.

Eg trur òg at låg sjølvkjensle godt kan vere ein liten del av problemet, men at det først og fremst dreier seg om ei manglande evne til å dedikere seg ordentleg til arbeidet sitt.

Kva har eg så lært? Er det muleg å gjenopprette hjernen til fabrikkoppsett? Her følgjer mine mest ektefølte praktiske tips som eg deler i den aller største altruisme: For guds skyld aldri multitask! Steng internett! Dersom du insisterer på å ha nett for å høyre musikk eller liksomresearche kan eg tilrå programma SelfControl eller Freedom, som lar deg stenge av visse høgrisiko-adresser som Twitter og Facebook etter eige ønske. Skaff deg ei kjøkkenklokke (ev. appen Pomodoro) og set henne på ringing om ein halvtime. Jobb. Når ho ringer får du friminutt. Gjenta fram til middag. Ikkje få små, greie oppgåver til å framstå som så gigantiske og uhandterlege at du ikkje klarer å starte på dei. Del store oppgåver opp i mange små. Dersom du ikkje veit kor du skal starte: berre start ein stad. Og aldri gløym at fullskjermmodus er guds gåve til både kvinnen og mannen.

Neil A. Fiore: The Now Habit. A Strategic Program for Overcoming Procrastination and Enjoying Guilt-Free Play Vis mer

Så kva er det eg seier, må eg krype til korset og vedgå at eg har fått hjelp til sjølvhjelp? Ja, det ser nesten slik ut. Dei opne fanene er lukka, internett er avslått, pulten er fri for rot, telefonen i flymodus, hjernen kjennest sval. Tilbakefalla kjem framleis tett som hagl, men eg veit omlag korleis eg skal kontrollere dei. Eg googlar framleis «kan hunder le», «hva er ødem» og «verdens høyeste kvinne», men berre i pausane. Og krona på verket, altså: endeleg sletta eg Facebook.

Å overvinne distraksjonar må innan kort bli eit eige skulefag. Elles er alt snart tapt. Verda går under. Sann mine ord.

Men inntil vidare tilbyr eg lifecoaching for deg som prokrastinerer i min nyoppstarta privatpraksis Pro-Life. Ta kontakt!

Brian Tracy: Eat that Frog! 21 Great Ways to Stop Procrastination and Get More Done in Less Time Vis mer