Fragmentariske glimt i gjennomført poetisk prosjekt.
Den som skal lesa debutsamlinga til Kaisa Aglen «Kvar i kroppen sit ingenting» kan gjerne ta med seg nokre råd av poeten og kritikaren Edward Hirsch som tilrår folk å lesa dikt midt på natta, med bare ei lampe på når nokon søv attmed deg. Eller les dei høgt for deg sjølv når du er heilt aleine, lys vaken og det er stille morgon. For det er ikkje minst måten ein les på som avgjer kva ein får ut av ei bok som dette.
Ikkje «vanlege» dikt
Aglen har eksperimentert med skriveforma og oppsettet. Her er ikkje «vanlege» dikt med tittel, byrjing og slutt. Her er fragment, linjer, dropar av inntrykk, punkt av erfaringar. Eg finn kroppsopplevingar, landskapssansingar, notid og minne, om årstider, erotikk og insektliv.Eg lar meg fascinera av viljen til å prøva ut kva diktet, språket, teksten kan få sagt og uttrykt.
Ikkje alt er til å gripa med logisk og lineær tenking.
mjølkeglatt iling , kroppen , morgon , den dumpe lyden
av plommer som fell
Det er eit eige poetiske univers som talar og veks medan ein blar og les. Mykje her er godt og vakkert, men her er meir enn nok av det råe og ambivalente, aningar av overmakt og avmakt, motstand og utmatting, til at det skapar spenning og energi i boka. Det er oppløftande at unge poetar kastar seg utpå på denne måten, i staden for å prøva å oppfylla nokre forventningar som svever over feltet og skriva seg opp mot desse.
Vil gjerne vita meir
Samstundes kan ein nok sitja med ei kjensle av å villa ha meir, villa få vita meir når ein les «Kvar i kroppen sit ingenting». Og då er det kanskje greitt å minna seg sjølv nettopp om tittelen. Dikta leitar etter noko som ikkje er, men som representerer eit fråvær, det som vart borte. I leitinga på dette vert det lesaren sitt naturlege bidrag å tilføra den meininga som ikkje er uttalt, å skape heilskap og samanheng. Dermed vert boka ny for kvar lesar. Og sidene kan opna for nye syn:eller kor ung , eg , spør , kva det er som skubbar meg
frå verd til verd
Ei bok som skifter retning og sluttar utan å summera eller konkludera. Kajsa Aglen har sett i gang noko, og evna til å prikke inn bilete og stemningar, presist, om enn fragmentarisk, samt den stae viljen til å halda fast ved sitt eige prosjekt, skapar interesse for kva som måtte koma frå henne neste gong.
Anmeldelsen sto på trykk i Dagbladet 12.11.2012.
I denne artikkelen
Velkommen til debatt med utgangspunkt i artikkelen ovenfor. Tenk gjennom hvordan du vil framstå i det offentlige rom. Det er ikke forbudt å være anonym. Noen ganger kan det være påkrevet. Men i de fleste sammenhenger framstår en som skriver under fullt navn som mer interessant enn en som vil skjule sin identitet. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre i kommentarfeltet. Hensikten med en debatt er å bidra til å berike ordskiftet i det offentlige rom. Vi vil ikke ha trakassering, trusler og hatske meldinger i våre kommentarfelt.
Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør
Mest kommentert

- Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?
NRKs nye lisensønske provoserer. (1051 innlegg) Les mer

Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip
- Presser halvøya mot en atomkrig. (635 innlegg) Les mer

Muslimske Ribery ble dynket i øl
Varslet at han ikke ville akseptere det. (613 innlegg) Les mer

Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004
- Bare Gud får rett hver gang, sier Sylvia Browne. Men hun har utallige skivebom på rullebladet. (442 innlegg) Les mer

- De kysser alteret vårt. Det er et overgrep
Opphetet på Bredtvet da katolikkene inntok Groruddalen. - Respektløst, svarte kirkevergen. (324 innlegg) Les mer

NRKs nye gullgutt i hardt vær etter voldtektskommentar
- Hvis en dame hadde truet meg med voldtekt, så hadde jeg ledd. (291 innlegg) Les mer

- Høyre og Frp driver skrivebordsteori
Mener barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen. (299 innlegg) Les mer

Russefeiringen - for hvem, egentlig?
Når russefeiringen i dag favoriserer og foregår på premissene til en liten gruppe bestående av rike, hvite nordmenn, bør konseptet revolusjoneres. (224 innlegg) Les mer







