Smusslitteratur som farleg og syndig? Tvert om. Amoralske romaner er vår tids eksempelforteljingar.
SPALTIST: Forfatter Olaug Nilssen skriver om litteratur i Dagbladet. Foto: Tor Erik H. Mathiesen/Dagbladet
Smusslitteratur som farleg og syndig? I dag er ytringsfridomen den viktigaste moralske rettesnora, og det er ingen som snakkar om moral i kunst. Det er knapt nokon som snakkar om moral i det heile tatt. Dersom moral blir diskutert, er det ofte fordi nokon har felt ein moralsk dom som får andre til å bli lei seg, og så blir det ein ny runde som endar med stadfesting av moralen som mørk og ytringsfridomen som urokkeleg prinsipp. Kunsten skal vere autonom, og om han skulle finne på å behandle moralske spørsmål, så skal han i alle fall ikkje gje fasiten, slik som Mia Hallesbys bok sjølvsagt gjorde, i den eine fortellinga etter den andre, ofte med tilvising til ein eller fleire relevante bibelstader.
I 2001 kom Anne Oterholm ut med romanen tilfeldigvis begjær. Tittelen er talande, det handlar om begjær som tilfeldigvis oppstår, og i romanen er det slik at begjær som oppstår må forløysast. Tyra i romanen lar seg ikkje stoppe av moralske skruplar eller eventuelle kjenslemessige konsekvensar av utruskap. Ho ligg med kusinas ektemann, det er ei hending som berre glir forbi, og når mannen seinare dukkar opp heime hos henne for å ha ein medskuldig å diskutere anger med, blir ho irritert og matt og orkar ikkje forhalde seg til det.
Det same oppstår i Kristin Marie Berstads roman Ynde frå 2010. Maria har stor appetitt på det gode og vakre i livet, samstundes som ho ønskjer å vere vakker sjølv og å skape sublim kunst som ballettdansar. Ho nektar seg ingenting, ho er til dømes nærmast demonstrativ i si fortæring av ei napoleonskake under eit intervju med ein mager damebladsjournalist. Sexscenene gjennomsyrer - eller marinerer, for å bruke eit meir positivt ladd ord - boka, og fokuset i beskrivelsane er kvar gong den kroppslege nytinga, dei kjenslemessige implikasjonane er knapt nemnte. Danseinstruktøren oppmodar henne om å meditere, men Maria vil heller onanere, ho blir mykje meir avslappa av det.
«Jeg fører inn den nye dildoen, skyter opp hoftene når orgasmen kommer. Jeg måtte bare bli vant til den. Nå kommer jeg til å få en fin rødfarge i kinnene.»
Maria innleiier tidleg eit forhold til ein av dei andre dansarane, og forsøka på å skjule affæren for mannen Stig, er halvhjerta. Etter den første orgasmen under samleie med elskaren, blir ho så glad at ho kyssar seg sjølv på armen, og når ho kjem heim set ho seg på fanget til mannen og smiler stort. «Jeg har så lyst til å fortelle om det jeg nettopp har opplevd.» Når utruskapen blir avslørt, reagerer ho med latter og eit «har han virkelig ikke skjønt det før?”, før ho inviterer til sex og gjennomfører eit slags samleie sjølv om Stig er både uengasjert og motvillig.
Maria framstår som fullstendig uinteressert i Stigs kjensler, men historia endrar karakter etter avsløringa, for han viser på ulike måtar at han er såra og lei seg. Og heilt likeglad er Maria ikkje, for ho blir sint når Stig er utru mot henne - ikkje først og fremst på grunn av utruskapen, men fordi han var utru i ektesenga og fordi han ikkje har skifta sengetøy etterpå. Likevel endrar ho seg ikkje, ho held fram forholdet med elskaren og er på eit tidspunkt også utru med Stigs bestekamerat, etter eit innfall på ein kveld ho ikkje har nokon andre å gå til. På same måte som i Anne Oterholms tilfeldigvis begjær, blir ho då oppsøkt av den gråtande, angrande syndaren, som vil gjere bot overfor den forsmådde kjærasten sin.
«men jeg kan ikke leve med å ha gjort Hege så vondt, gråter han. Han forstyrrer meg en kveld rett før premieren. (…) Han begynner å gråte igjen, herregud, hvordan kunne jeg være tiltrukket av ham.»
Blir eg irritert over Marias egoisme? I essayet «det handler uansett om moral» frå samlinga Konstruksjon og inderlighet (2004) beskriv Trude Marstein lesinga av Anne Oterholms tilfeldigvis begjær på følgande måte:
«Det er noe viljeløst og handlingsudyktig (…) ved Tyra (…). Ansvarsfraskrivende. Jeg blir mindre dømmende som leser. Skjønner hvor lettvint og behagelig det er bare å la seg drive med. Skjønner den primitive lysten. Bare gjøre det. Skjønner mangelen på grunner gode nok til å la være. Jeg avfinner meg med at det må gå som det går.»
Det er ikkje noko viljelaust og handlingsudyktig ved Maria i Ynde, men det er definitivt noko ansvarsfråskrivande. Når perspektivet ligg hos henne og fokuset utelukkande er på hennar nyting, er det lett å la seg forføre, kanskje kan ein til og med meine om Stig og kameraten at dei framstår som ynkelege og lattervekkjande, at det ikkje er så farleg med dei. Kva er til dømes grunnen til at eg ikkje karakteriserer Marias sex med Stig etter avsløringa av utruskap for valdtekt? Viss vi kikar oss over skuldra og hentar fram Mia Hallesby, kan vi spørje om vi får svarte flekkar på sjela om vi hengir oss til slik motstandslaus lesing, om det er skadeleg for moralen å la seg rive med av dei sterke og skøytelause kvinnene i desse romanane.
Sannsynelegvis er spørsmålet feil stilt. Kunsten er autonom og amoralsk, og det er bra, det er vanskeleg å tenkje seg at det kunne ha vore annleis. Ein må sjølvsagt tillate seg, både som forfattar og lesar, å forstå og undersøke drivkreftene bak … ja, umoral. Men i eit essay frå Vinduet 1/2003, skriv Anne Oterholm om tilfeldigvis begjær at ho «fantaserte om å skape en situasjon som tvang leseren til å innta posisjonen som den dømmende eller moralske eller tenkende instansen selv.» Verken forfattaren eller forteljeinstansen tek ansvar for å dømme romankarakteren, men vi som les skal ha ei meining om måten ho oppfører seg på.
Det er med stor motstand eg inntar posisjonen som moralsk forarga over romankarakterar, i alle fall når dei er så forførande som i desse romanane. Men dersom Anne Oterholm får til det ho har prøvd på - og det trur eg at både ho og Kristin Marie Bersad gjer - så blir dei amoralske romanane vår tids eksempelfortellingar.
Olaug Nilssen er forfatter, og skriver om litteratur i Dagbladet.
I denne artikkelen
Velkommen til debatt med utgangspunkt i artikkelen ovenfor. Tenk gjennom hvordan du vil framstå i det offentlige rom. Det er ikke forbudt å være anonym. Noen ganger kan det være påkrevet. Men i de fleste sammenhenger framstår en som skriver under fullt navn som mer interessant enn en som vil skjule sin identitet. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre i kommentarfeltet. Hensikten med en debatt er å bidra til å berike ordskiftet i det offentlige rom. Vi vil ikke ha trakassering, trusler og hatske meldinger i våre kommentarfelt.
Med vennlig hilsen John Arne Markussen, sjefredaktør
Mest kommentert

- Flere programmer hvor en skrulling koker graut av reinlav?
NRKs nye lisensønske provoserer. (1051 innlegg) Les mer

Provoserer Nord-Korea med et av verdens største krigsskip
- Presser halvøya mot en atomkrig. (616 innlegg) Les mer

Muslimske Ribery ble dynket i øl
Varslet at han ikke ville akseptere det. (588 innlegg) Les mer

Kjendis-«klarsynt» slaktes etter å ha slått fast at Amanda var død i 2004
- Bare Gud får rett hver gang, sier Sylvia Browne. Men hun har utallige skivebom på rullebladet. (439 innlegg) Les mer

- De kysser alteret vårt. Det er et overgrep
Opphetet på Bredtvet da katolikkene inntok Groruddalen. - Respektløst, svarte kirkevergen. (324 innlegg) Les mer

NRKs nye gullgutt i hardt vær etter voldtektskommentar
- Hvis en dame hadde truet meg med voldtekt, så hadde jeg ledd. (291 innlegg) Les mer

- Høyre og Frp driver skrivebordsteori
Mener barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen. (299 innlegg) Les mer

Spår at statsminister Erna Solberg blir økonomisk festbrems
Analyselskapet Pöyry anslår at den økonomiske veksten vil bremse opp med Erna bak rattet. (218 innlegg) Les mer



