KRITISK: Tyrkia allierer seg med alle som fører krig mot kurdarane, også IS, skriver Eriling Folkvord. Foto: Kristian Ridder-Nielsen
KRITISK: Tyrkia allierer seg med alle som fører krig mot kurdarane, også IS, skriver Eriling Folkvord. Foto: Kristian Ridder-NielsenVis mer

Støtt dei som slåst mot IS i Syria

Det er på høg tid at utanriksminister Børge Brende både gir politisk støtte og sender humanitær hjelp til befolkninga i Rojava.

Meninger

Terrororganisasjonen Islamsk Stat (IS) har i tre månader intensivert krigen mot det sjølvstyrte kurdiske området i nordlege Syria. Rojava er det kurdiske namnet på området. Målet er tydelegvis å knuse dei tverrkulturelle sjølvstyreråda som tok kontroll her for to år sia.

Tyrkia har lenge gitt IS og forgjengaren al-Nusra-fronten militær og humanitær støtte. Skadde IS-soldatar får behandling på eit sjukehus i den tyrkiske byen Gaziantep, ikkje langt frå grensa mot Syria. Tyrkia allierer seg med alle som fører krig mot kurdarane.

Akkurat no er det harde kampar utafor byen Kobani (Ayn al-Arab på arabisk). Tidleg i denne veka melde dei kurdiske sjølvforsvarsstyrkene (YPG) at dei har stansa IS si framrykking på dei austlege frontavsnitta. I landsbyane rundt Kobani har YPG organisert omfattande evakuering for å unngå massakrar på sivile viss IS rykkar fram.

Eg var i Rojava i fjor. Området har eit velorganisert sivilt regime. Men dei manglar det meste. Dei er omringa av fiendar. Tyrkia og IS er i dag dei farlegaste. Hittil har ingen europeiske land gitt nemneverdig humanitær hjelp, sjølv om det har vori lett å få slik hjelp inn frå den kurdiske regionen i Irak.

Utanriksminister Børge Brende (H) har ikkje sagt eitt einaste kritisk ord om den tyrkiske støtta til IS. Her følgjer han i fotspora til forgjengarane sine i utanriksdepartementet, Espen Barth Eide (Ap) og Heikki Holmås (SV).

Det er bra at Norge no gir humanitær hjelp til sivilbefolkninga i den sjølvstyrte kurdiske regionen i Irak. Men no er det óg på høg tid at utanriksminister Brende både gir politisk støtte og sender humanitær hjelp til befolkninga i Rojava. Dei tar no dei største ofra og yter den mest effektive motstanden mot IS.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook