OPPTATT AV BARNEFØDSLER: Men ikke av hvem som kniper igjen? spør artikkelforfatteren Aps Anniken Huitfeldt.  Foto: Øistein Norum Monsen / DAGBLADET
OPPTATT AV BARNEFØDSLER: Men ikke av hvem som kniper igjen? spør artikkelforfatteren Aps Anniken Huitfeldt. Foto: Øistein Norum Monsen / DAGBLADETVis mer

Fertilitet og likestilling

Eg skal ikkje anklaga Huitfeldt for å stå i ledtog med konservative gubbar som meiner at kvinners primæroppgåve er å føda barn for fedrelandet.

Debattinnlegg

«Fødselstall er en klar indikator på om likestillingspolitikken fungerer» skriv Anniken Huitfeldt på NRK ytring på fredag, og uttrykker uro over Noregs internasjonale ry som likestillings- og fødeland.SSB og World Economic Forum nyttar utdanningsnivå, lønnskilnader, sysselsettingsnivå og politisk representasjon som indikatorar for likestilling. Den tidlegare likestillingsministeren derimot, løftar fram fødselstal som den mest relevante likestillingsindikatoren.

Eg skal ikkje anklaga Huitfeldt for å stå i ledtog med konservative gubbar som meiner at kvinners primæroppgåve er å føda barn for fedrelandet. Problemet med kronikken er at Huitfeldt ukritisk reproduserer 1) ei snever forståing av likestilling og likestillingspolitikk og 2) ei skremmefortelling om befolkningsnedgang.

Norsk likestillingspolitikk har lenge vore køyrd fast i «fedrekvotesporet». I den grad det i heile tatt er debatt om likestilling, handlar det i stor grad om at partia er for eller mot fedrekvota. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har i det store og heile berre eitt verkemiddel for likestilling, og det er å betala ut store summer foreldrepengar gjennom NAV. Det er vel og bra, men det er begrensa kor mykje likestilling dette skapar i barnehagar, skular og på arbeidsplassar.

Dersom ein sett det på spissen, er norsk likestillingspolitikk synonymt med familiepolitikk: Det er subsidierte barnehageplassar, betalt foreldrepermisjon og fedrekvote. Hovudargumentet for denne politikken er at det skal gjera det mogleg for både kvinner og menn å kombinera arbeid og familieliv.

I fjor var 73,9 prosent av mennene og 68,5 prosent av kvinnene yrkesaktive. Sysselsettingsgraden blant norske kvinner er langt høgare enn i mange andre land, og me har langt betre velferdsordningar for småbarnsfamiliar. Men det er verd å merka seg at norske kvinner gjekk ut i arbeid i god tid før den rause familiepolitikken var på plass.  Og likestillingsutfordringane i Noreg gjeld ikkje berre kvinner med små barn:70 prosent av alle som jobbar i helse- og omsorgssektoren jobbar deltid, og har få moglegheiter til å få seg ei løn å leva av. 1 av 10 unge kvinner opplever trakassering på jobben. Over halvparten av vidaregåandeelevane opplever seksuell trakassering. 75 prosent av den norske eliten er menn. Kvinner har om lag 85 prosent av menns timeløn. Blir du diskriminert i Noreg får du ingen kompensasjon, med mindre du har råd til å prøva saka i retten.
Produktivitet kan aldri hovudargumentet for likestilling. Likestilling er djupast sett eit spørsmål om rettferd og demokrati. Ingen av desse problema kan løysast med familiepolitikk. Og oppsiktsvekkande nok finst det få eller ingen gjennomgåande politiske satsingar for å adressera desse utfordringane. Ut over familiepolitikk består likestillingspolitikken i det store og heile av små, kortvarige prosjekt drive fram av eldsjeler. Sånt blir det begrensa effekt av. Det gjev oss heller ikkje mange gode døme me kan visa fram til resten av verda, om korleis likestilling kan gjerast i praksis. Svenske myndigheiter sette nyleg av endå 26 millionar kroner til likestillingsarbeid blant offentlege myndigheiter. Noko sånt finst ikkje i likestillingslandet Noreg.

Føremålet med likestillingspolitikken, så vel som likestillingslova, er å fremja likestilling mellom kjønna. Menn og kvinner har krav på samfunnsdeltaking på like vilkår. Like moglegheiter er ein individuell rett og eit spørsmål om rettferd. Nokon gonger vil likestilling vera bra for produktiviteten i arbeidslivet og i livmora, men produktivitet kan aldri hovudargumentet for likestilling. Likestilling er djupast sett eit spørsmål om rettferd og demokrati.

La meg til slutt spandera nokre ord på fødselstal og fertilitet. Dei siste 25 åra har talet vore på mellom 1,75 og 2 barn per kvinne, og i 2013 var talet 1,78. Gjennomsnittsalderen for å føda sitt første har ikkje stige særleg mykje dei siste 10 åra, og ligg nokså konstant på litt over 30 år. Befolkninga aukar kraftig i Noreg. Innvandring er hovudgrunnen, men forklaringa er også at det blir født fleire enn det dør. I 2012 vart det fødd 60 300 barn, medan 42 000 personar døydde. Det er med andre ord ingenting som tyder kritisk befolkningsreduksjon i næraste framtid.

Stor vilje til å regulera befolkningsutvikling og fødselstal er ikkje noko nytt. Felles for dei fleste som er uro over fødselstala er at dei adresserer kvinner: Kvinner føder for få barn og får barn for seint. Ettersom måleeininga er «barn per kvinne» veit me ganske mykje om fødslar og familiedanning blant kvinner. Når det gjeld menn veit me mykje mindre. Men det me veit er at stadig færre menn blir fedrar, og dei som får barn er stadig eldre. Barnløyse og høg alder er altså ein mykje meir markant trend for menn enn for kvinner.

Sjølv om stadig fleire kvinner får barn åleine eller i lag med ei kvinne, så får framleis dei fleste kvinner barn i lag med menn. Det er dermed all grunn til å tru at avgjerda om kor vidt og kva tid ein skal få barn, har like mykje med menn og gjera som kvinner. Viss ein absolutt vil gjera noko for å regulera fødselstala, er det på tide å retta merksemd også mot menn.

Det kunne til dømes vore interessant å vita om det er menn, kvinner eller begge som kniper igjen, og ikkje minst kvifor. I reguleringsviljens namn må ein kanskje setta inn tiltak i arbeidslivet for å sikra at menn føler dei har rom til å både gjera karriere og bli fedrar, før det går til helvete med sædkvaliteten?

Dette innlegget ble først publisert på nettstedet Maddam.no.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook