I USA: Bildet er fra tidligere i måneden da forfatter Karl Ove Knausgård var på bokturné i USA i forbindelse med utgivelsen av «Min kamp», bok fire. Langt unna svensk debatt.  Foto: Vegard Kristiansen Kvaale
I USA: Bildet er fra tidligere i måneden da forfatter Karl Ove Knausgård var på bokturné i USA i forbindelse med utgivelsen av «Min kamp», bok fire. Langt unna svensk debatt. Foto: Vegard Kristiansen KvaaleVis mer

Knausgårdgate: Ei konkurranse i å vere ærlegast

Svensk debattklima er som flymat: Lett å okke seg over, vrient å forstå kvifor det er sånn.

Meninger

For dei som vart så begeistra for Min Kamp-bøkene at dei faktisk framleis gleder seg over siste Knausgårdnytt, så har det vore ein del juicy snacks den siste tida. Det kulminerte i eit langt, langt, (langt) langt innlegg i Dagens Nyheter, der Knausgård reagerte på at professor Ebba Witt-Brattström kalte han pedofil, og i same slengen påpeikte at det svenske debattklimaet var eit landskap av kyklopar som konkurrerte om å sensurere seg sjølv hardast mogleg. 

Men korleis kom vi dit?

Sverige er eit anna land, folkens! Det har skjedd andre ting der! Til dømes skjer dette på syttitalet: Den unge, rastlause forfattarspiren Stig Larsson (som ein for all del ikkje må forveksle med Lisbeth Salanders krim-pappa Stieg Larsson) har laga ei laus samling tekster om rastlause menneske. Larsson meiner tekstene ikkje kan publiserast sidan dei ikkje lignar på ein roman, men kompisen Horace Engdahl oppmuntrar han likevel. Boka Autisterna kjem ut i 1979. Etter ein stille start der få skriv om romanen og ingen forstår den, samlar boka etterkvart momentum. Dei litterære kvalitetane i boka er umoglege å kome forbi. 

I 1988 lanserer Gro Harlem Brundtland si kvinneregjering. Fram til då har alle norske regjeringar vore sterkt dominert av menn. Regjeringa har atten medlemmer. Åtte av dei er kvinner - altså 44,44 %. Ikkje femti prosent eingong, men nok til at denne mannsdominerte regjeringa vekker internasjonal oppsikt - som «kvinneregjeringa». 

I 1997 blir Stig sin kompis Horace Engdahl, no professor i litteratur, innvalgt i "De Aderton". Engdahl er no ein så stor autoritet i svensk litteratur at hans godkjenning kan skape ei forfattarkarriere. De Aderton er, for dei uinvidde, ei gruppe på atten fornemme svenskar som bestemmer mellom anna kven som skal få Nobelprisen i litteratur. Fire av dei atten er kvinner, med andre ord 22,22 %. 

Nokon som ser ei antydning til ein punchline her? Den svenske feminismen, som virkar så krass og aggressiv på oss nordmenn, KAN den vere eit resultat av at svenske kvinner har meir patriarkat å sette tennene i? Litteraturprofessoren som starta heile Knausgårdgate, Ebba Witt-Brattström, føler det. Ho burde vite noko om det, ho har nemleg vore gift med Engdahl i 25 år. Meir om det straks, men først, Engdahl si skildring av kompisen Stig:

Att kalla hans författarskap kontroversiellt är en truism. Stig Larsson betraktades ofta under tidiga år som något slags provokatör och ansågs företräda en amoralisk och antipolitisk hållning. Villigheten att acceptera alla mänskliga erfarenheter utan att karikera tolkades som voyeurism och känslokyla. Han fick schavottera som paradexempel på "skräckellitteratur" (Kay Glans). I polemiska artiklar har Stig Larsson angripit vad han menar vara en falsk, överslätande humanism i samhällsdiskussionen, som bland annat yttrar sig i förnekandet av att olika individer är olika mycket värda i medmänniskors ögon (till exempel genom sitt utseende eller sin intelligens) och att detta är avgörande för hur de behandlas, trots alla vackra fraser om människovärde. Hans uttalanden från senare år låter skymta en viss titanism, känslan av att företräda sanningar som är alltför skrämmande för gemene man och som därför måste vänta på sin tid. "Solen får inte stiga för snabbt i gryningen." Det är inte långt ifrån tonen i Nietzsches Ecce homo, inget grannskap för skribenter som ber om ursäkt för sig själva. (Horace Engdahl, 2005)

Larsson er i dag eit ikon i svensk litteratur. Han har uttalt seg freskt i media om sine relasjonar til sjølvdestruktive jenter som vil bli slått og skjært i. Han vil ikkje seie at han angrar, sidan han ikkje angrar. Han uttaler i eit tv-intervju i 2012 at purunge jenter har høgare ph-verdi i vaginaen, og difor smakar betre. Om det for Stig Larsson er ein korrelasjon mellom utsvevande privatliv og konvensjons-sprengande litterært innhald, så har Ebba Witt-Brattström truleg vore i posisjon til å vere vitne til det på nært hald.

I 2014 gir Karl Ove Knausgård sitt forlag Pelikanen ut Stig Larsson sin semi-sjølvbiografiske roman «Når man kjenner at det begynner å ta slutt» på norsk. Larsson skriv i boka at grunnen til at han skriv boka er håpet om å hindre ein einaste person i å byrje å bruke amfetamin. Samstundes er han klar på at han treng amfetamin for å skrive godt. 

I 2014 slepper Lena Andersson romanen «Uten personlig ansvar», om ei intelligent kvinne som lar seg fange i ein intens, halv-gjengjeldt forelskelse i ein kulturmann

Witt-Brattström, nyss ute av ekteskapet med Engdahl, leser denne, og kan i samspelet mellom Anderssons jagande kvinne og Knausgårds jagande mann skrive om "kulturmannen" som mennesketype. Og DÅ er vi endeleg i mål, med Witt-Brattström sin strengt tatt ganske artige kronikk om Knausgård, Larsson og unge jenter. Ho prøver å setje genimyta rundt Knausgård inn i ein samanheng, der Stig Larsson nok er den som får hovudtyngda av skytset, men Knausgård ikkje slepper hundre prosent unna:

Faktum är att litterär pedofili blev svensk högkultur när "Autisternas" sexton nyanser av jag våldförde sig på tonåringar och till och med på en nioåring. Knausgård, som är en annan av Larssons beundrare, debuterade 1998 med romanen om läraren Henrik Vankels erotiska besatthet av trettonåringen Mirjam ("Ut ur världen"). I "Min kamp" (fjärde delen) blir lärarvikarien Karl Ove förälskad i sin elev Andrea, tretton år. Med apelsinstora bröst.

Ebba Witt-Brattström gjer ein grov feil som litteraturkritikar når ho sosar saman litteratur og levd liv, men dette veit ho jo. Det ho snakkar om er likevel interessant. Spesielt når ein veit kor innbakt ho har vore, og er, i den svenske litterære eliten. Ho står ikkje på utsida og kommeterer om ting ho ikkje veit noko som helst om, i alle fall ikkje når det kjem til Stig Larsson - så kan ein jo vurdere om ho overfører litt av sine opplevingar med den narkomane Larsson til den litt mindre impulsstyrte familiefaren Knausgård. Om ein vurderer Witt-Brattström sin kronikk som litteratur, altså slik som Knausgård vil at hans og Larssons tekster skal vurderast, har Witt-Brattström sin tekst verdi nettopp fordi den er borti noko som kan vere litt vondt og vrient. Larsson har sin rett til å snakke om kva han tenner på, Witt-Brattström har sin rett til å seie at ho reagerer negativt på dette. 

Knausgård er ikkje nøgd med dette, så han skriv i ein lang harang i Dagens Nyheter at det stinkar at ein ikkje kan vise det minste vesle avvik mot Svensk Offentleg Konsensus før ein (=han) blir stempla som nazist, pedofil og fascist. Som er viktige poeng. (At Knausgård på eit tidspunkt prøver å køyre ein sånn «ver forsiktige med kva de skriv om meg, hugs på at eg har BARN» kjem mindre heldig ut. Det glashuset har han ettertrykkeleg pulverisert for eit par tusen sider sidan.)

Den lange kronikken har mykje å bite i, og komikar, forfattar og rikshomo Jonas Gardell skriv eit svar. Gardell sine poeng er at Knausgård burde latt Witt-Brattström sin tekst skli forbi og inn i obskuriteten i staden for å heve røysta. Om Knausgård verkeleg ville utvide kampsonen som utgjer det svenske debattlandskapet, burde han prøvd å finne eit tema der han sjølv ikkje var hovudperson. Gardell dreg så inn ENDÅ eit betent tema (beklager hoppinga frå den eine debattkvisa til den andre, men det er altså så altomfattande som denne kronikk-krigen har blitt): Gardell freakar ut av Knausgård sitt forsøk på å påpeike at Sverigedemkoraterna er eit demokratisk valgt parti. Hæ! Det å antyde at eit folkevalgt parti er folkevalgt, MÅ bety at Knausgård støttar Sverigedemokraterna!

Utover dette urovekkande mentale spranget, brukar Gardell også ei for han ukarakteristisk mengde hersketeknikkar. Sitat Gardell: 
«Knausgård klager om at han kalles pedofil og snart kan hans barn lese; hva skal de tro? Men kjære, lille deg, er virkelig professor Brattströms artikler det første dine barn kommer til å lese? Skjerp deg!»

Når Gardell brukar hersketeknikkar, «kjære, lille deg», og insinuerer at ein må bite det i seg at professorar slenger om seg med pedostempelet, er han sjølvsagt ein skitstøvel. Men Gardell sin overraskande plumpe kronikk har likevel ein fantastisk bieffekt: Den reduserer «kvit, heterofil mann» til ein bås. Gardell har etisk sett ikkje rett til å gjere det (bortsett frå at alle har rett til å gjere det dei vil) men det driter han midlertidig i, og i praksis er det fint for kvite, heterofile menn å kjenne på kor urettferdig det er å verte redusert til ein kategori, i omtrent femten sekund, før vi er tilbake i vår vande posisjon som "normalen" som alt anna er eit avvik frå. (Døme: Ei regjering med 55,55 % MENN vart i 1988 kalla «kvinneregjeringa».) 

I dag er Sverige verdas mest likestilte land. Dels med mykje spennande som resultat: Dei prøver ut nye ting, som det kjønnsnøytrale pronomenet "hen", og dei har gått inn for ein knallhard, feministisk utanrikspolitikk. Dels med ein kostnad: Forfattar Marcus Birro er sist ute av dei som har reagert på politisk korrekte munnbind, i ein 12 850 gonger delt kronikk med tittelen «I Sverige ryms ingen sanning längre».

At Noreg lot kvinner få regjere så tidleg, har truleg dempa aggresjonsnivået i norsk feminisme samanlikna med svensk. På same måte kan ein håpe at Noreg si inkludering av Frp som regjeringsparti har dempa aggresjonsnivået mellom høgre- og venstresida i norsk politikk. Flymat smakar mindre enn vanleg mat fordi det lavare trykket i ein flykabin påvirkar smaksløkane. I det svenske debattklimaet ser det ut som om kabintrykket er litt for høgt, og flymaten smakar dermed litt i overkant sterkt. Men ingen ser ut til å ha lynsja verken Knausgård eller Larsson enno, sånn fysisk. Dei selger framleis bøker. Larsson sin ph-informasjon om ungjentefitter kom i eit populært tv-program på TV4, og ja, det skapte twitterstorm, men ville ikkje noko lignande skjedd i Noreg? Den kvinnelege responsen i Sverige er ikkje separat frå den mannlege entitlement-kulturen i Sverige. Svenskekongen har gjort meir snusk (som vi kjenner til) enn norskekongen, Ingmar Bergman har gjort meir snusk (som vi kjenner til) enn Henrik Ibsen. I Noreg har vi ikkje nokon uhemma rikskåtingar på same måte.

Ebba sin ærlegdom står på same fine fundament som Karl Ove og Stig si. Karl Ove og Stig skildrar sine umiddelbare, kroppslege responsar på ytre stimuli. Det gjer også Ebba. Elles er det mest fascinerande i debatten at alle involverte klarer å seie både noko dumt og noko smart, gjerne på same tid. Det er vel det som er poenget med å vere hyper-ærleg. Det er både dumt og smart.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook