Slitsom tamil døyr. Blir reinkarnert som fluge. Hevnar seg på mordaren i to timar.

Dette er pitchen til Eega, ein av mine absolutte favorittfilmar gjennom tidene. No er regissøren ute med ny film.

Meninger

Filmen Eega hadde verdas beste pitch: Fyrverkeriselgaren Nani er forelska i naboen, Bindu. Han beilar til henne i to år, ho held avstand, men han tolkar alt til sin fordel, og til slutt får han henne. Hurra! Foreløpig er dette verdas verste story, og i tillegg er det synd at Indias befolkning slik lærer at masete stalking løner seg. Heldigvis er den fantastiske Sudeep Sanjeev med, som karismatisk, kvinnekonsumerande og kjekk mafiaboss. Sudeep vert rasande når idioten Nani får dama, så han myrdar helten i filmen etter tjue minutt.

Det er då eg tenkjer at dei gjorde Nani så irriterande med vilje, så vi ikkje skulle sakne han. For no vert Nani gjenfødd ... som fluge. Og resten av filmen er ei gigantisk actionorgie der fluga terroriserer og utryddar mafiaimperiet til skurken.

Eega er kanskje den beste actionfilmen som finst i universet, og effektene er ikkje så cheesy som ein kunne tru. Det indisk-tamilsk-pakistanske publikummet er enormt, og sjølv om dei tamilske filmane vektlegger FETT framfor GRÅTT, TRIST OG REALISTISK (Ja, eg ser på deg, sure og grinete Man of Steel, din drittsupermannfilm) så har dei råd til å hyre enorme mengder talentfulle indarar.

Eega gjekk veldig, veldig bra. Den er for øvrig mykje betre enn Ant-Man, og eg DIGGA Ant-Man. Men Marvel kunne jo kanskje slutta med den der «skurken måååå vere ein slemming-versjon av helten»-greia si.

Uansett, no er regissøren av Eega tilbake med ein sånn episk film som kostar uendeleg mange pengar. Den er mytologisk og historisk og heiter Baahubali, og den første delen er på kino no. Og i den samanhengen merkar eg: Eg irriterer meg. Der Eega hadde ei fluge mot ein mafiaboss, har Baahubali ein kjempestor Olav Sleggja-type som slåst mot ein utriveleg herskar med forkrøpla arm. På promoen snakkar spesialeffektcrewet ivrig om kor mykje dei jobba for å gi skurken den armen. Eg er ikkje sikker på om det å fortelje verda at folk med handicap også er slemme er ein ting det er viktig å legge masse masse ressursar i, kjære spesialeffektcrew.

Ja, det funka for Shakespeare, okei, jada, men om ein les Jan Grue sine handicap-representert-i-fiksjon-analyser så ser ein at dette diverre går inn i ein stor samanheng av utriveleg assosiering av handicap med vondskap. No er kanskje ikkje Jan Grue så hot i Tamil Nadu, men dei burde ha ein eller annan som kunne spørje om det gjekk an å gjere andre valg. I tillegg er det eitt eller anna fortvilande over at folk elskar å sjå slagscener. Eg likar SLÅSTING på film, for guds skyld! Men slåsting funkar best om ein bryr seg. Di fleire folk som fyller lerretet, di mindre bryr ein seg.

Ta den indonesiske kampsportklassikaren The Raid, og samanlikn med oppfølgaren The Raid 2: Dei måtte lage store tablå berre fordi dei hadde råd. Ingen bryr seg om folkemasser! Ikkje eg i alle fall, nokon bryr seg tydelegvis, for folkemasse-filmar selger jo som hakka møkk. Men sånn når ein faktisk sit der! Den beste scena i the Raid 2 var to personar på eit kjøken. Men The Raid 1 var BERRE slike scener! Ein fyr kjem inn i eit rom, ein annan fyr er i romet, begge prøver å myrde kvarandre, over til nytt rom! No digregerer eg, men ... eg har eit poeng.

Åja, her er poenget: Folkemassene i Baahubali kan ikkje kompensere for fluge-genialiteten i Eega. Grunnen til at Ant-Man funka trass i at den strukturelt var ekstremt lik dei andre Marvel-filmane, var at den IKKJE fylte lerretet med masse folk. Den krympa slagscenene. Sånn sett oppfylte Ant-Man Hollywood sitt yndlingskriterium: Kan du lage akkurat det same som det som funka sist, berre annaleis?

Baahubali kan med sitt tilsynelatande konvensjonelle plott vere teiknet på at tamilsk film no har vippa over og blitt for stor. No er dette veldig mykje surmuling med grunnlag i ein trailer. Eg skal sjølvsagt sjå Baahubali likevel. Tamilsk film har gitt meg, i tillegg til Eega, den fantastiske Sivaji the boss, og dens «oppfølgar» Endhiran. Det er som om Tamil Nadu har meir innebygd absurditet i historiene dei lagar enn storebroren Bollywood, og difor, som ein sær underdog, har tamilsk film blitt eit begrep for ... tja, i alle fall for meg, og eg reknar med at om eg møter nokon som er kule nok, kjem dei til å nikke anerkjennande til meg. Når det ein dag skjer. Eg TRUR faktisk Eega og Sivaji er genuint bra filmar uavhengig av kultursjokket, komponisten på Sivaji vann Oscar seinare og sånn. Det kan vere eg berre gjer det for å vere sær, men skitt heller, eg har det topp. Som kjent:

Once you go tamil, blir du inhabil.

Eega finst på bluray. Baahubali går på Symra kino (obs: På Lambertseter!) i dag 29. juli og i morgon.
Om du ser ein kvit fyr i salen, er det sikkert meg.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook