IKKE FRIVILLIG:  Det å vere flyktning er langt frå frivillig, og til motsetnad til migrantar, kan ikkje ein flyktning på same måte velge tidsperspektiv for flukta si, skriver kronikkforfatteren. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet
IKKE FRIVILLIG: Det å vere flyktning er langt frå frivillig, og til motsetnad til migrantar, kan ikkje ein flyktning på same måte velge tidsperspektiv for flukta si, skriver kronikkforfatteren. Foto: Hans Arne Vedlog / DagbladetVis mer

Migrant eller flyktning?

Kva ord vi vel, er med på å forme korleis vi ser på "dei", og kva syn vi har på "dei".

Meninger

Homo migrans. Menneske som migrerer. Migrasjon har vore ein like sjølvsagt del av mennesket si historie som det å vere bufast, men motiva bak migrasjonen har vore endra. Migrasjonen aukar, og migrasjonsmønstre har blitt meir komplekse. FNs høgkommissær for flyktningar seier det slik: «sjølv om flyktningar og migrantar no ofte reiser på same måte, er dei fundamental ulike, og vil bli behandla veldig ulikt av internasjonalt lovverk.»

Kort fortalt, migrantar er dei som sjølve vel å flytta på seg for å betre livsvilkåra for seg sjølve og sine familiar, medan flyktningar er dei som må flytte for å redde liva sine og ivareta fridomen sin. I den seinare tid har politiske debattar og media i aukande grad byrja å nytte seg av omgrepet "migrantar" for å forklare den aukande straumen av menneske på flukt. Dei er ikkje lengre flyktningar som flyktar frå forfølging og uro, no refererer fleire media til dei som migrantar. I lys av denne endra diskursen og skifte av bruk av omgrepet "flyktningar" til "migrantar" så medfører dette ei endring i måten vi som "tilskodarar" ser "på dei"  i lys av vår kultur og den kontekst vi lev i og i høve allereie etablerte omgrep.

Migrasjon kan bety
så mangt, og har lenge og inntil nyleg vore eit veldig nøytralt omgrep. Ein snakka gjerne om emigrasjon og immigrasjon og med migrasjon som slags overordna omgrep. Migrant betyr: den som reiser. Fleire hevdar at i dag so er migrant eit ord som ikkje berre vekker negative konnotasjonar, men som er direkte negativt og når media skildrar korleis desse massane av migrantar er no komne til Europa, så kan det for mange opplevast som ein trussel. Så istadanfor å tenke at dette er menneske i nød, så kan ein, og mykje grunna språkval, tenke at dette er menneske som er komne med det motiv at dei ønsker å utnytte samfunnet. Nyhendekanalen "Al Jazeera" refererer til migrant som eit "paraply"-omgrep, og dei legg vekt på at dette er eit omgrep som er svært lite dekkande og upresist. Migrasjon kan vere frivillig eller ikkje, og det kan vere kortvarig eller langvarig. I følge FN så er majoriteten av dei som druknar for å prøve å nå Europa, menneske på flukt. Det er menneske som prøver å flukte frå krig, fattigdom og for å ivareta fridomen sin. Det å vere flyktning er langt frå frivillig, og til motsetnad til migrantar, kan ikkje ein flyktning på same måte velge tidsperspektiv for flukta si.

Homo sapiens. Det kloke menneske. Som dei tenkande vesen som vi menneske er, så likar vi å systematisere informasjon og nye inntrykk. Denne måten å systematisere informasjon på, gjer det lettare for oss både for å kunne forstå det vi observerer, men også for å kunne forklare det. Det set oss også i stand til å seie at noko er likt eller ulikt i høve noko anna. Noko kan berre vere likt eller ulikt til noko dersom vi har satt i system og kategorisert det.

I media i dag så vert "migrant" og "flyktning" nytta "om kvarandre" og det vert vanskeleg å navigere og systematisere i informasjonsstraumen.  Kva gjer dette med oss? Eit omgrep er ikkje noko fast og låst, men i stadig endring over tid og stad. I det siste har dette ordet "migrantar" fått ei rekke negative konnotasjonar, og dermed så når vi høyrer dette ordet "migrant" eller "ulovlege migrantar" så systematiserer vi denne informasjonen på ein annan måte enn det vi ville ha gjort hadde media og politikarar nytta seg av til dømes "flyktning" eller "menneske på flukt".

Det har vorte hevda at føter har vi bokstaveleg tala, og at røter har vi biletleg. For flyktningar så må føtene bli brukt til å flukte frå krig, og dei biletlege røtene vert dratt opp samstundes. Flyktningar forlet ikkje røtene sine frivillig eller fordi hovudmotivet er at dei ønsker økonomisk vinning. Dei forlet heimane sine fordi dei må. Desse biletlege og språklege definisjonane og omgrep er svært viktige for korleis vi som menneske prosesserer og fangar opp informasjon. Denne endringa, frå flyktning til migrant, og ei blanding i bruken av desse to, gjer noko med diskursen og korleis vi oppfattar desse menneska. Denne endringa i korleis ein titulerer desse menneska har skjedd i det stille, og utan vidare refleksjon.

I ei tid der vi ser ei aukande grad av menneske på flukt, og der verken migrantar eller flyktningar kan kjenne seg særleg velkomne, så kan ein observere at dette skiljet mellom desse omgrepa har vorte svært utviska. I tillegg ser vi at desse omgrepa har blitt politisk lada, til dømes ved at ein i den politiske debatten nyttar seg i auka grad av terminologien "illegale migrantar", og dermed vert resten av diskusjonen satt inn i denne forståinga eller ramma. Ettersom vi som menneske har systematisert "flyktningar" innan forbi den kategorien av menneske som er på flukt for å redde liva sine, medan "migrantar" er menneske som ønskjer å betre livsvilkåra sine, så kva gjer dette skiftet med oss? Kva gjer denne endringa i omgreps-apparatet med oss? Gjer det at vi får mindre sympati med desse det gjeld, fordi media og politikarar i aukande grad titulerer dei som "migrantar" og ikkje "flyktningar?"

Det er viktig at ein reflekterer over omgrepsapparatet og kva ord ein nyttar i diskusjonen av desse menneska på flukt, fordi dette er med på å definere diskursen vidare. Kva ord som vert nytta i debatten, er med på å forme korleis vi som tilhøyrarar oppfattar informasjonen, korleis vi systematiserer den, og korleis vi vel å bearbeide den. Språket rammar med andre ord inn den vidare diskusjonen. Kva ord vi vel, er med på å forme korleis vi ser på "dei", og kva syn vi har på "dei". Ved å bruke ord som har negative konnotasjonar, eller velge vekk ord som kanskje hadde  vekka meir sympati, så er det sjølvsagt at det er val som påverker den vidare diskusjonen. 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook