- IKKJE BRA NOK: I to år har Solveig Horne prøvd å laga ei likestillingsmelding.
Foto: Nina Hansen / Dagbladet
- IKKJE BRA NOK: I to år har Solveig Horne prøvd å laga ei likestillingsmelding. Foto: Nina Hansen / DagbladetVis mer

Hamsterhjulet

Dei blå-blå skulle laga noko betre enn dei raudgrøne. Men det fekk dei ikkje til.

Debattinnlegg

I to år har Solveig Horne prøvd å laga ei likestillingsmelding. Det måtte ho fordi ho trekte den raudgrøne meldinga då ho gjekk om bord i den solbergske regjeringsskuta.

Dei blå-blå skulle laga noko betre. Men det fekk dei ikkje til, kan me nå konstatera. Den raudgrøne meldinga var rett nok ikkje mykje å skryta av den heller. Men den blåblå er heilt klårt hakket verre.

Lista med tiltak i denne meldinga kan plasserast i tre kategoriar: For det første har me dei uforpliktande formuleringane om kva regjeringa, etter to års meldingsarbeid, nå vil vurdera å gjera. For det andre får me vita at regjeringa skal bestilla nokre fleire utgreiingar. Men dei fleste tiltaka er satsingar som dei andre departementa held på med uansett, av heilt andre grunnar enn likestilling.

Meldinga er som eit hamsterhjul: Likestillingsdepartementet spring rundt og rundt med tiltaka til dei andre departementa - tiltak som handlar om heilt andre ting.

Kapitlet om oppvekst og utdanning kan tena som døme. Med unntak av familiepolitikken, er dette Kunnskapsdepartementets bord. Som kjent satsar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på realfag, språk, yrkesfag og kompetanseheving blant lærarar i skule og barnehage. Det er desse satsingane som blir omtalt i likestillingsmeldinga, sjølv om ingen av dei har som mål å fremja likestilling.

Å løysa likestillingsutfordringar i utdanningssektoren krev målretta handling. I Politikk for likestilling NOU 2012: 15 føreslo likestillingsutvalet mellom anna ein tiårig landsdekkande pedagogisk satsing for likestilling i skule og barnehage. Det er godt dokumentert at dei vaksne, ofte umedvite, behandlar gutar og jenter, majoritetsbarn og minoritetsbarn forskjellig. Så lenge likestilling i realiteten er den lågast prioriterte målsettinga i skulen, blir stereotypiane reprodusert og forskjellsbehandlinga held fram. Kva vil Horne gjera med det? Ho slår fast at fylkesmennene allereie får midlar til kompetanseheving - som delvis er retta inn mot likestillingsprosjekt — og seier seg nøgd med det.

Eit anna forslag frå likestillingsutvalet, er utdanningsstipend for utradisjonelle utdanningsval. Meldinga slår fast at kjønnsdelte utdanningsval er ei likestillingsutfordring. For ei regjering som vektlegg økonomiske insentiv heller enn «påbud, forbud og kvotering» burde utdanningsstipend vera eit godt verkemiddel. Og det er det.

Kunnskapsministeren har i statsbudsjettet sett av 11 millionar til utdanningsstipend for å freista fagfolk til å bli yrkesfaglærarar. Men ikkje til likestilling — sjølvsagt  ikkje det. I staden skal ein «vurdere å utvikle nettressurser (...) som kan bidra til refleksjon», og lover at ein revidert fagrettleiar skal «ta opp kjønnsutradisjonelle yrkesvalg».

Misforstå meg rett. Dei tiltaka KD arbeider med, er ikkje dårlege i seg sjølv, og nokon av dei kan sikkert også ha ei viss effekt på likestilling. Men veg i vellinga blir det ikkje: Det overordna bildet er at verken KD eller dei andre departementa vore villige til å leggja ei kalori eller ei krone i å satsa på «likestilling i praksis», som det står i tittelen på meldinga. Tiltak med heilt andre formål gjev ikkje målretta framgang i arbeidet for fridom og like moglegheiter for alle, uavhengig av kjønn.

Den såkalla satsinga på likestilling, innanfor arbeidsliv, næringsliv, helse og vald, går i stor grad ut på at BLD spring rundt og rundt med prioriteringane til Justisdepartementet, Helsedepartementet og Næringsdepartementet. Dette er krydra med litt statistikk, betraktningar og generelle formuleringar om kvinner, menn, jenter, guter og innvandrarar. Nokon satsingar har rett nok med likestilling å gjera, men det bognar ikkje over av målretta og effektive likestillingssatsingar på innanfor noko sektorområde. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og finansdepartementet er fråverande. Sentrale likestillingsspørsmål som demokrati og sosial ulikskap er ikkje på dagsordenen.

På den andre sida av dammen har statsministeren nettopp talt for FN om jenter,  utdanning og likestilling. På FNs jentedag denne veka, stod Solberg som rektor framføre 300 pultar på Rådhusplassen og snakka om jenters rett til skule, og fridom frå vald og overgrep. Utanriksdepartementet held fram med sitt tradisjonsrike fokus på likestilling i utanrikspolitikken, og meldinga slår fast at likestilling er ein del av Noregs identitet.

Skulle organiseringa vore i tråd med realitetane, burde ansvaret for den norske likestillingspolitikken vore plassert i Utanriksdepartementet. Det hadde sikkert også passa landsbruksministeren godt, som sist 8. mars ville ha slutt på innanriks feministsyt og manglande fokus på at muslimske kvinner har det verre.

Likestillingsutfordringane er endå større i mange andre delar av verda. Det er det inga tvil om. Men begrensande kjønnsstereotypiar og trakassering av jenter på skulen er ein realitet også i Noreg. Passivitet på heimefronten, kor ein faktisk har makt til å gjera ein skilnad, gjer ikkje livet lettare for jenter i andre delar av verda. Konkret likestillingsarbeid derimot, er ei nyttig og etterspurd eksportvare. Metaforen «feia for eiga dør» er derfor nærliggande. Men det handlar om meir enn at ingen feier; Det ser ut til at ingen har tenkt på at det finst noko som heiter ein kost. På likestillingsfeltet er der rett og slett inga gjennomføringskraft i sikte.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook