Frå første stund er tvilen sådd i lesaren. Hugsar ikkje hovudpersonen det som har skjedd, fortrengjer han det, eller er han berre fullstendig forvirra? Den unge mannen svimar rundt i fjellet, og snub-lar etter kvart over ei hytte der han kjenner seg att og finn sakene sine. Men han finn også saker som verkar kjente, samt ein kikkert, i eit telt som ligg bortanfor og med utsikt til hytta. Ei sterk uro driv guten ut på vandring, og han går kvilelaust fram og tilbake mellom hytta og teltet. Heile tida krinsar ein flokk ramnar over eit visst punkt i fjellet. Men vi kjem ikkje dit på ei god stund, for først må den unge mannen forsøke å hugse. Alt.Meisterklo
Hermann Starheimsæter debuterte med dikt i 1980, og fulgte sidan opp med noveller og kortdikt. Men først i 1990 blei det riktig fart i sakene, då kom romanen "Han gjorde det". Ein roman som utmerkte seg med eit utsøkt språk og inngåande menneskeskildringar, og som innbrakte Starheimsæter heile tre litterære prisar. Etter det har han gitt ut ein roman og ei diktsamling, men det er først med årets roman han til fulle innfrir forventningane.
Starheimsæters styrke ligg i den kloke turneringa av psykologi, særleg i unge, uferdige sinn, men han har også ei heldig klo med språket. Under lesinga går tankane først og fremst til Tarjei Vesaas for dei vare personteikningane, men også til Lars Amund Vaage for rytmen og klangen i språket. Teksten til Starheimsæter går i eit ras og ein rus. Det er nesten uråd å legge frå seg boka før ein er ferdig. Dette er effektiv prosa, som trekker lesaren med seg inn i ei forvirra tankeverd, inn i det spinnet som lagar seg i hovudpersonen sitt arme hode. Uroa forplantar seg til den som les, fordi Starheimsæter heile tida klarer å halde på spenninga og uvissa. Han skaper ei u-trygg stemning med skiftingar mellom fortid og notid, og første og tredje person, eit skifte som kan komme i løpet av ei setning, i løpet av eitt ord: "Det hugsa ...rrr eg". Lesaren må leve med hovudpersonen i den smerta det er å minnast.
Han og henne
Men sjølv om forfattaren pløyer djupt og det meste foregår i hodet på ein ung mann, så er romanen på ingen måte trang og stilleståande. Det skortar ikkje på overraskande hendingar og situasjonskomikk etter kvart som guten tør sleppe tankane til, og kallar fram episodar frå det forutgåande studieåret i Bergen. Blant dei friskaste innslaga er møta mellom hovudpersonen og ein filosofisk anlagt elektrikar, som held nokon riktig høgtflygande monologar.
Heilt sentralt står møtet med og forholdet til ei jente. Det blir tidleg klart at det er ho som er årsak til at guten har kobla seg frå og no begynner å jage seg sjølv. Han skjønar også at dette er eit springande punkt. Jenta påstår at ho har oppdaga han. Ho ser han, og gir seg likevel ilag med han:
"Du kan ikkje forføra ei jente, du må bli forført, og klappa og stroken. Du er eit barn, ein hundekvelp. Men eigentleg er du ein kikkar. Høyrer du kva eg seier? Du er ein kikkar, du likar å stå ute i mørket og sjå inn gjennom rutene til folk. Ei livs levande jente av kjøt og blod, det vert altfor mykje for deg.
- Du har tjukke kne, sa eg."
Trass i den klossete framferda er ho god mot han, ho er den første som får han til å sjå seg sjølv. Men kva er det ho får han til å sjå? Den unge mannen forsøker å skrive seg inn i deira første erotiske møte. Ho sit att som ei rørsle hos han, og han blir besett av å prøve å fange denne rørsla. Setninga "Ho dreg trepinnen or lêrspennet" blir det som skal få han i gang, opningssetninga som skal føre han fram til erkjenning.
Bli menneske
Ei av erkjenningane han kjem til, er denne: At han alltid skal vere aleine, fordi han skal bli eit menneske. Denne delvis sjølvpålagte einsemda, utviklinga mot å bli menneske, har klart med skrivinga å gjere. Slik sett kan "Som om eg ikkje hugsar" lesast som ein utviklingsroman, som kunstnarroman. Men til det å vere er han temmeleg rå, for om denne unge mannen faktisk skriv seg til erkjenning eller om han rett og slett skriv seg frå sans og samling, det er neimen ikkje godt å vite. Han må stadfeste og kjempe mot seg sjølv på samme tid, og denne striden er gripande og truverdig skildra. Han trur seg forfulgt, men kor er fienden? Han kjenner ei djup splitting, opplever at det er noko der som ikkje er hans. Han må heile tida gjenta seg, besverge eg-et for å halde på det.
Denne sjølvplaginga og den sjukelege førestellinga om å bli forfølgd skaper ei febril stemning gjennom heile romanen. Her er driv og eit smerteleg alvor. Her er skarpe og fine observasjonar, frå det indre landskap, men også frå fjell og by. Her ventar kort sagt fine lesaropplevingar!
BRIT BILDØEN