Reiser i tid og rom
Lyrikk og prosa - med reise som fellesnevner - fra Eldrid Lunden.
hele saken

Kan man lære å bli dikter i et klasserom?
Kjølig og sensuell

INTERVJU
- Korleis blei du forfattar? - Dette med skrivinga utvikla seg nok litt etter kvart. Var som så mange andre barn veldig glad i å lese, og bestemte meg av den grunn for å studere litteratur. Som student fekk eg likevel litt problem med å finne igjen den lesegleda eg hadde hatt tidlegare. Så begynte eg å skrible litt sjøl, og forstod etter kvart at dette kanskje var noe eg kunne få til. Var vel då 26-27 år gamal.
- Kva er di beste lesaroppleving? - Der er jo ganske mange lesegleder ein kunne trekke fram, det vi gledar oss over skifter (heldigvis) gjennom eit langt liv. Viss eg må velje, lyt det kanskje bli den første boka eg greidde å lese åleine, ei av Heidibøkene til Johanna Spyri (hugsar ikkje tittelen nøyaktig). Men eg hugsar Heidi, og kor glad ho blei over å få besøke bestefaren sin. Han budde høgt oppe i fjellet, på ein liten gard med små, grå hus, og med den vidunderlegaste utsikt utover dalen. Eg hugsar lukta av gras og solskin, eg hugsar dei kvite og blå blomane. Og geitene som nappa Heidi i håret. Og så god mat som bestefaren til Heidi hadde! Han hadde visst laga alt sjøl, også.
- Korleis liker du å jobbe (med skrivinga)? - Eg er A-menneske og fungerer derfor best, på alle måtar, første halvparten av dagen.
- Korleis ser du på forholdet mellom jobben som skrivelærar og skrivande? - Jobben som kunstpedagog er mangslungen, så her lyt eg nok igjen velje (andre forfattarar kan ha andre ting dei vil nemne). Å arbeide med forfattarstudentar gir mye, både av utfordringar og gleder, rett og slett fordi studentane sjøl investerer så mykje i studiet. Kunststudentar er opptekne av grunnleggande spørsmål og tvingar derfor «lærarane» til høg grad av nærvær. Arbeidet medfører også at «lærarane» kontinuerleg må tenke igjennom ulike formelle spørsmål. Utfordringa i dette kan då ligge i ikkje å bli overvelda av det aldri kvilande behovet for individuelle løysingar. Gevinsten er (sjølsagt) at undervisninga sjelden eller aldri kan opplevast som uvesentleg, enn seie kjedeleg. At denne dialogen med studentane verkar inn på forfattarverksemda til den enkelte «lærar», har eg fått mange vitnemål om igjennom åra.
(Dagbladet.no 10.11.2005)
|
|
|
Navn: Eldrid Lunden Født: 1940 i Naustdal i Sunnfjord Yrke: Forfatter og professor ved Forfatterstudiet ved Høgskolen i Telemark Bosted: Bø i Telemark Bakgrunn: Utdannet cand. philol. ved Universitetet i Oslo i 1973. Debuterte i 1968 med diktsamlinga «f.eks. juli». Har vært tilknyttet tidsskriftet Profil siden 1960-talet, og en stund var hun også redaksjonsmedlem. Har også vært medredaktør av det svenske tidsskriftet Café Existens. Siden 1982 har hun vært hovedlærer ved Forfatterstudiet i Bø, som hun var med å starte. I 1996 ble hun Norges første og eneste professor i skrivekunst. Priser: Mads Wiel Nygaards legat 2005 Utnemning til æresdoktor ved Universitetet i Gøteborg 2003 Amalie Skram-prisen 2000 Bragejuryens ærespris 2000 Melsom-prisen 1997 Festspeldiktar ved Festspela i Bergen 1994 Aschehoug-prisen 1992 Dobloug-prisen 1989 Noregs Mållags litteraturpris 1983
|
Bibliografi: Flokken og skuggen (dikt) 2005Kvifor måtte Nora gå? (essay) 2004Til stades (dikt) 2000Slik sett (dikt) 1996Dikt i samling 1968-1990 1991Noen må ha vore her før (dikt) 1990Det omvendt avhengige (dikt) 1989Gjenkjennelsen (dikt) 1982Essays (dikt) 1982Mammy, blue (dikt) 1977Hard, mjuk (dikt) 1976Inneringa (dikt) 1975f. eks. juli (dikt) 1968
|
|