
INTERVJU
Slik ble jeg forfatter:
- Då den første boka mi kom ut i 1993 var dette etter ein lang prosess, der det nødvendige i det å skriva var heile drivkrafta. Det er det framleis. Det å finna eit uttrykk gjennom skrift er for meg ein måte å pusta på. Det har vore viktig å lesa og skriva sidan eg lærte bokstavane. Men fyrst etter mange år med studiar og arbeid (ikkje berre med litteratur),var eg klar for å gå ut med det eg skreiv. Eg har tru på litteraturen, og særleg poesien som ei motrørsle til det kjappe, effektive og overfladiske.
Beste leseropplevelse:
- Eg har mange gode lesaropplevingar. Ein av dei tidlege var "Fuglane" av Tarjei Vesaas. Eit verk som gjev rom både for poesi og forteljing.
Mine litterære forbilder:
Eg har mykje å læra av så ulike forfattarar som - Ingeborg Bachmann, Olav H Hauge, Paul Celan, Marie Redonnet, Marguerite Duras, Gunnar Ekeløf og Raymond Carver. Eg blir stadig inspirert av å lesa desse og mange andre.
- Slik liker jeg å jobbe:
Det er viktig for meg å prøva ut idear i skrift utan å snakka om dei. Det er ei form for utforsking som krev ro. Eg likar å jobba i konsentrerte periodar med kortare avbrot som kan hjelpa meg til å få avstand til det eg skriv. Då kan eg lettare vurdera og revurdera undervegs.
(Dagbladet.no 11.09.00)
|
|
|
Navn:
Odveig Klyve
E-post:
odveigklyve@c2i.net
Født:
1954
Yrke:
Forfattar
Bakgrunn:
Skrivekunstakademiet i Bergen, Sosialhøgskolen i Stavanger, Filmkunnskap og massemdia ved Høgskolen i Rogaland. Papirfly (kortfilm) manus og regi 1995, har mellom annen blitt vist ved Chicago International Filmfestival og ved International Film Festival i Hyderabad i India.
«Avstanden» (kortfilm) manus, regi 1998
Priser:
Pris for beste barnefilmmanuskript for barn utdelt av Nordisk barnefilmfestival i samarbeid med Filmforum Sørvest.
|
Bibliografi:
Algebraisk (dikt) 2004
Historien om null (barnebok) 2003
Samtidig (dikt) 1999
Basunengelen (barnebok, illustrert av Jan Kåre Øien) 1997
Gravitasjon (dikt) 1996
Papirfly (barnebok, illustrert av Åse Anda) 1995
Ei dobbel rørsle (dikt) 1994
Rift (dikt) 1993
|
|