Etter runde 23: Absurd dømming, skade og briljans.
38 mål gav stor underhaldning og eit herlig scoringssnitt på nesten fire mål pr. kamp, men me startar likevel med ein dose refs når me oppsummerer den 23. – eigentleg den 24. – runden i La Liga:
- Dei spanske dommaranes tolking av hands er beint fram horribel. No deler dei ut gule kort for hands i alle former. I to heimekampar på rad har Real Madrid kunne spela 11 mot 10 i over ein omgang pga. motstandarar som har fått sitt andre gule kort som følgje av hands. Både Levante og Racing Santander fekk spelarar sendt av bana etter klønete men uskuldige handssituasjonar som har øydelagt kampane på Santiago Bernabeu fullstendig. Real Madrid hadde sikkert vunne oppgjera uansett, men nokon må snart rope høgt ut mot dommarane og få dei til å praktisere handsreglar på linje med resten av fotballverda.
- Messi scora fire mot Valencia i hans 200. ligakamp. Han er dermed oppe i 42 mål totalt denne sesongen og har såleis scora over 40 mål i tre sesongar på rad. Han har scora fem hat-trick i den pågåande ligakampanjen og har dermed tangert klubbrekorden til Romario frå sesongen 93/94. Han manglar seks seriekampar på å bli den utanlandske spelaren som har spelt flest seriekampar gjennom tidene for Barcelona. Han manglar 13 mål på å bli tidenes toppscorar i klubben. Han er 24 år gamal.
- Sjeldan har vel verda ledd så unisont av ein stakkar som har brote både legg- og skinnbein? Valencia-spelaren Ever Banega gløymte å aktivere bilens handbrekk på ein bensinstasjon, fekk Audien trillande over foten og er ute av spel i eit halvt år. Tidlegare komiske skader vart ramsa opp i alle media, og éin av dei var «parfymeskaden» til Valencia-keeper Cañizares – han triksa i si tid med ei parfymeflaske som knuste og gav djupe kutt i foten hans. Cañizares jobbar i dag som ekspert for CANAL+ i Spania, og var ein av dei som ikkje lo då han i programmet El día del futbol snakka i detalj om Banega sin «bensinskade».
- Eit av formlaga i La Liga om dagen er Rayo Vallecano. Laget som rykka opp førre sesong har vunne tre kampar på rad og er heilt oppe på 8. plass – to poeng bak Champions League-kvalik. Dei er i ferd med å ta merkelappen «positiv overrasking» frå Levante, som dei slo med hockey-sifra 3-5 i Valencia søndag kveld. Dei sytte for at Levante (antakeleg for godt) vart vippa ned frå den gjeve fjerdeplassen, og i den forma Vallecano er i vil det bli interessant å sjå dei heime i by-derby mot Real Madrid komande helg.
- Statistisk moro (eller kanskje er det mest trist?): Det har blitt delt ut formidable 1285 gule og 78 raude kort på 23 speleomgangar i La Liga. Hadde statistikken teke med kort som har blitt trekt tilbake i ettertid, samt kort som har blitt delt ut til trenarar, assistentar og fysioterapeutar, hadde tala vore vesentleg høgare. Alle lag har fått spelarar utvist, men ingen har fått fleire raude enn Athletic Bilbao og Sevilla som har seks kvar. Getafe har suverent flest gule kort med 83. Med stort sannsyn kjem dei over 100 til slutt.
Resultat runde 23:
Getafe-Espanyol 1-1, Real Madrid-Racing Santander 4-0, Sevilla-Osasuna 2-0, Granada-Real Sociedad 4-1, Athletic Bilbao-Málaga 3-0, Sporting Gijón-Atlético Madrid 1-1, Mallorca-Villarreal 4-0, Levante-Rayo Vallecano 3-5, Barcelona-Valencia 5-1, Real Zaragoza-Real Betis 0-2.
Neste runde:
Laurdag kl 18: Racing Santander-Sporting Gijón, Real Betis-Getafe
Laurdag kl 20: Málaga-Real Zaragoza
Laurdag kl 22: Espanyol-Levante
Søndag kl 12: Villarreal-Athletic Bilbao
Søndag kl 16: Rayo Vallecano-Real Madrid
Søndag kl 18: Valencia-Sevilla, Osasuna-Granada, Real Sociedad-Mallorca
Søndag kl 21.30: Atlético Madrid-Barcelona
Innspel? Del gjerne på Twitter: @Cplus_Magnar







