Ordskiftet om Olav Duuns diktning held fram. Diktninga til Olav Duun er slik at han let både den eine og den andre haldninga komma fram - utan at det nødvendigvis er hans eiga meining som ligg under, skriver Kolbjørn Gåsvær.
Duun i søkelyset
Av Kolbjørn Gåsvær, lærar I ein kronikk i Dagbladet (23.1.96) skriv Heming Güjord under overskrifta «Ein reaksjonær Duun?» - altså med spørreteikn, som vel er.
Der tek han for seg dette at Olav Duun fekk Henrik Steffens-prisen i 1936 - og «uten å nøle», slik Fredrik Wandrup uttrykte det i avisa før nyttår. Det siste bør stå for Wandrups rekning. Vi andre veit vel heller lite om dette med nølinga. Vi veit at han bl.a. rådførte seg med Olaf Norli, så han tveka vel ein del?
Duun hadde ikkje vori den han var om han gjekk ut til ålmenta med ei eventuell nøling.
Spørsmålet om Duun sine haldningar er ikkje så nytt for oss som Güjord synes å meine. Det er rett nok at dei som har skrivi om Duun, har lagt lite vekt på dette. Men på eit Duun-seminar her i heimbygda hans - såvidt eg hugsar - i 1976, tok Olav Dalgard det opp. Han spurde: - Korleis ville Duun stilt seg til nazismen om han hadde fått leva lenge nok? Han døydde som kjent ti dagar etter at verdskrigen braut ut.
Dei andre førelesarane på seminaret avviste spørsmålet som «irrelevant» og hypotetisk. Det einaste faktiske ein kunne seie, var at Duun tok imot Steffensprisen på nyåret 1937. Spørsmålet måtte vera kor «nazistisk» denne prisen var. Kor prega var dei som hadde teki initiativet til prisen av nazismen - som dei altså hadde gitt Steffens' namn?
Det kan her vera grunn til å repetere kort kven denne Henrik Steffens var, han som Henrik Wergeland kalla «Norges bortblæste Laurbærblad».
Vi nordmenn ville gjerne seie han var norsk, danskane at han var dansk - og ventelig meiner tyskarane at han var tysk. Alt dette har litt for seg.
Her ved juletider skreiv lokalhistorikaren Gunnar A. Skadberg i Stavanger Aftenblad og sette tinga bra på plass.
Henrik Steffens var fødd i Stavanger 2. mai 1773 - av danske foreldre. Faren bar same namnet og var av dansk herkomst, om han var fødd i Sør-³ Amerika. Han var titulert kirurg.
Mora, Susanna Berg, var også dansk, og ho var tante til den kjente diktaren, presten mm. N.F.S. Grundtvig - som var 10 år yngre enn sin «norske» fetter.
Steffens studerte bl.a. geologi ved Universitetet i København - og han gjorde granskingsferder på Vestlandet i 1794. Alt da la han fram idear om at vi burde få ei offentlig geologisk kartlegging i landet vårt.
Seinare studerte han i Jena i Tyskland mellom anna, og han vart etter kvart professor i Halle, Breslau og Berlin - den lengste tida var han i Berlin.
Han hadde visst kunna tenkt seg å bli professor i København, men etter kvart som han vart etablert i Tyskland og arbeidde ved lærestadene der, kom han til å bli verande. Men han var alltid knytt nært til Norden, og dette finn ein att i mykje av det han skreiv - og det var ikkje lite.
Han vart tidlig gripen av den tyske romantikken, som i mi tyske litteraturhistorie blir kalla «eine geheimnisvolle Sehnsucht» - og som igjen førte til så mangt: f.eks. historieforskning. Og innan mest all kunst fekk romantikken påverknad: på målarkunst, arkitektur og musikk - og ikkje minst på diktinga. Det er altfor mykje til at det kan takas med her i denne kronikken.
Det var Steffens som førte dette inn i Norden - og det skjedde slik det nok er referert i dei fleste boksoger, at han hadde førelesingar ved Universitetet i København. Blant dei som vart påverka av han, var dei unge studentane Grundtvig og Oehlenschläger. Dermed la han grunnlaget for romantikken i dei nordiske landa.
Enkelt sagt kan ein uttrykke det slik at Steffens sådde frø som så etter kvart spirte og grodde - og toppa seg i nasjonalromantikken i dei nordiske landa. Dette er eit så mangfelt og vidt tema at det berre kan nemnas med stikkord: Det nasjonale gjennombrottet og folkehøgskoletanken.
Utan dei frø Steffens sådde, kan ein kanskje seie at verken Ivar Aasens arbeid, Asbjørnsen og Moes innsats - eller for den del Edvard Griegs musikk - hadde vorti noko av.
Når så Steffens-prisen vart instituert, var det med tanke på kva han hadde å seie for sambandet mellom Norden og Tyskland - og nettopp dette låg til grunn for at nettopp hans namn vart brukt.
Den som ønsker å sjå det slik, vil sjølvsagt kunne tolke det på sin måte - som visst ein og annan gjerne vil gjera. Eit slikt samband var «gefundenes Fressen» for - skal vi seie «stortyskaren»! Dei kan vel ha grunnar for å tolke det på det viset. Men eg trur det like gjerne kan vera ei kortslutning. «Det e ikkj alt, høyri dokk!» Vi må vel vera samde om at det ikkje er det same å vera nasjonal som å vera nasjonalistisk!
Og det var knapt den negative sida som talde, verken for diktaren Duun eller professoren Didrik Arup Seip. Han var som kjent med i den nemnda som valde ut prisvinnarane. Dette bør vi ha klårt for oss om vi ikkje skal komma på viddene.
Det er interessant nok når Güjord tek opp spørsmålet om kva som var årsak til at Duun fekk så stor plass blant dei nordiske diktarane som var sterkt framme i Tyskland i mellomkrigsåra. Derfor kan ein gjerne spørre seg om det var noko i den tyske «folkesjela» som var særlig mottakelig for Duuns dikting. Kan det vera noko der som kan oppfattas som «reaksjonært» av folk som er så innstilt?
Eg tviler på at ein kan finne noko eintydig svar. Det vil heller blir mange og sprikande delsvar. Den store forkjemparen for Duun i Tyskland var nettopp Max Tau, som Güjord tek fram, og som han nærmast tek til inntekt for at det kan vera noko i dette synet som han antyder. Kan det finnas nasjonalsosialistiske «kvalitetar» i diktinga hans?
Dersom han har lesi Tau sine minnebøker, vil han knapt finne noko der som kan stø ein slik tanke. For meg ser det ut som det er å tøye humanisten Tau lovlig langt. Det vil sjølvsagt føre for langt å ta for seg forholdet mellom Duun og Tau her, men bøkene hans er tilgjengelige.
Sjølv om Hitler på kort tid klarte å einsrette det tyske folket - i det ytre - så greidde han det knapt anna enn på overflata, om no det var katastrofalt nok. Og vi hugsar vel alle korleis «das Land der Dichter und Denker» vart til «das Land der Richter und Henker», så mykje det er sagt. Men heller ikkje dette er alt!
Eg hadde for ei tid sia ei interessant samtale med ein ung tyskar som ikkje berre hadde lesi Duun, Hamsun og Undset, men som hadde gjort seg opp klåre meiningar om dei. Han stilte meg eit spørsmål som eg ikkje kunne svara på på ståande fot: - Kva er den største skilnaden mellom Duun og Hamsun?
Han gav svaret sjølv: - Skilnaden ligg først og fremst i deira menneskesyn! Og han brukte eksempel frå «Markens Grøde» og serien om Juvik-folket. Samen hos Hamsun er ein luring og ein kjeltring, og det er ingen tvil om Hamsun si haldning her. Hos Duun, derimot, er det heile langt meir nyansert. Når juvikingen giftar seg med samejenta og etterpå jagar henne, så er det fordi han er veik i forhold til presset frå bygdafolket. Og han veit at han har gjort noko galent - samtidig som ein mellom linene kan lesa at dette meiner forfattaren også.
Duun er nemlig slik at han let både den eine og den andre haldninga komma fram - utan at det nødvendigvis er hans eiga meining som ligg under. Til og med naturen opplever menneska på forskjellig vis, både etter korleis dei er - og ut frå den sinnstilstand dei er i. Her går Duun utapå dei aller fleste, ja, det er knapt det finnes maken.
Dette var noko den unge tyskaren og eg fekk høve til å drøfte. Det er mulig han er eit unntak, men eg er ikkje så sikker på om det er rett.
Güjord skriv om dei første juvikangane, dei med den «blinde farten» i seg, og viser til at her kan ein finne brodd mot «mennesker som befinner seg i sosiale og etniske randsoner» - og slik kan det sikkert også lesas, dersom ein ikkje ser at heile serien om juvikfolket kan (bør?) sjåas som ei utviklingshsitorie - der Odin Setran er «fullendinga», han som ofrar livet for motmannen sin.
Det er langt frå den første juvikingen, som gravla kona si i bakken attmed garden, og fram til Odin!
Nei, Duun blir vi visst aldri ferdig med, takk og pris for det! Vi kan lesa han omatt og omatt og stadig finne nytt. Derfor underskriv eg gjerne det Güjord seier: «En debatt omkring Olav Duun kan bare være av det gode.» Også eg gled meg til å få lesa den nye boka som Otto Hageberg no held på og gjer ferdig.
Eg veit at Hageberg har funni mangt nytt om diktaren - som ikkje så gjerne utleverte seg til offentligheita - enda vi nok kunne ønske at vi fekk meir høve til å kike han innom skinnet enn vi har hatt!