Av Hartvig Sætra, lektor
I den samanhengen las eg mykje stoff om den åndelege og litterære striden i landet vårt i 30-åra. Olav Duun tok del i ein spesiell fase av denne åndskampen: Forfattarprotesten mot Knut Hamsuns åtak på fredsprisvinnaren Carl v. Ossietzky. Her var han svært aktiv, i lag med ein annan forfattar som også har fått stempelet «reaksjonær» av mange: Sigrid Undset.
Dette skjedde altså omtrent på samme tid som Duun fekk Henrik Steffens-prisen. Denne prisen var ikkje utdelt av den nazistiske regjeringa, men av akademiske krinsar som ennå var relativt uavhengige av nazistaten, og som i si grunngjeving måtte tåkelegge tildelinga med ein tvitydig tekst som den tyske sensuren kunne akseptere. For Duuns standpunkt i forhold til Ossietzky måtte vere kjent i Tyskland allereie på dette tidspunktet. Og det fall knapt i nazistanes smak.
Duun står for noko rotekte i vår kultur
Det var to forhold som medverka til at Duun tok mot prisen, så vidt eg kan forstå. Det eine var at Henrik Steffens var ein norsk-dansk elev av Herder som mesteparten av livet budde i Tyskland. Hans førelesingar i København gjorde dei romantiske ideane kjende i Norden kring 1800, og han hadde direkte innverknad på såvel Wergeland som Welhaven. I si samtid vart Steffens rekna som «demokratisk rabulist», og fekk av den grunn ikkje jobb i København.
Den andre grunnen var Duuns forhold til den tysk-jødiske emigrantlitteraten Max Tau. Han var ei drivkraft i å gjere Duun kjend i Tyskland, og hadde sikkert ein finger med i prisutdelinga. (Han emigrerte først i 1938.) Heming Gujord trekker Max Taus synsmåtar veldig langt når han nærmast postulerer at Tau var påverka av nazismen!
Eg tolkar Max Taus artikkel om Duun heilt annleis: Duun står for noko rotekte i «norderlendsk» kultur, i motsetning til nazismen, som er eit moderne barbari i falske historiske og bygdekulturelle klede. Ein slik tankegang er også i tråd med den polske filosofen Zygmunt Baumanns fundamentale verk om fascisme og nazisme. (Hugs at modernistane Marinetti og Pound vart fascistar, mens den verdikonservative og historisk engasjerte Sigrid Undset aldri blei det!) Det verkar i alle fall nokså absurd å forestille seg at Max Tau, sjølv flyktning frå Hitler-regimet, skulle vere så aksepterande overfor Duun dersom han kunne kjenne att noka som helst nazistisk «åndssmitte» hos vår store diktar.
I min analyse av «Menneske og maktene» har eg lese boka som ein allegori, der «Øyvære» er eit fortetta symbol for Europa, og den trugande «stormfloa» er fascismen. Mange har tolka boka slik. Men dei har vore valne med å ta Duun på ordet når han brukar ein svært så tydeleg symbolikk, både i utforminga av personar og landskap i «Øyvære». La oss her ta med dei mest opplagte og poengterte elementa:
To av hovudpersonane er klårt politisk definert. Det er bonden Helmer, som er religiøs liberalar, vidsynt og godlynt, men litt vinglande i all si ferd. Som type er han Venstre-mannen. Den andre er Torger. Han er ein av dei få personane hos Duun som er udelt sympatisk, utan atterhald. Og Duun beskriv han ganske bastant som sosialdemokrat i Nygaardsvolds ånd: «By og land hand i hand.» Han blir gift med Borghild, som kjem frå byproletariatet. Det er eit svært vellukka par, trass i Borghilds vonde bakgrunn.
Enda meir tydeleg og provoserande er Duun når han fører inn ikkje mindre enn to sympatiske kommunistar i utkanten av persongalleriet: Bonden og kommunisten(!) Arvid, svigerson til Helmer, og fiskaren og kommunisten Gunerus som kjem til bygda med den reddande skøyta utanfrå etter at stormfloa er over.
Historia om korleis den vesle kjernegruppa overlever stormfloa er like klar i sin symbolikk: Aust på «Øyvære» ligg «Skarvnakken», der det er så utriveleg at ingen ville opphalde seg der utan i største naud. For å nå dit må ein gå over ein verhard val, naken og utsett for ver og vind. Ingen ville gå til denne mest vanvørde plassen på øya under normale forhold.
Men når stormfloa kjem, er ikkje forholda normale. - «Nei, sa Helmer, haugen austpå er ein skvarvnakke, men likevel, i natt ...»
Korfor ligg denne «Skarvnakken» nettopp i aust? Korfor må dei ty til den mest vanvørde plassen på «Øyvære» for å berge livet? Korfor døyr både dei som tar avstand frå å gå dit, og dei som tvilar og ikkje klarer å bestemme seg? Duun må jo ha meint noko med desse heilt sentrale elementa i verket!
Dersom vi godtar at «Stormfloa» er nazismen, må vi også godta hans oppskrift på å overleve ofsen: Å bruke uvanlege og lite tillokande løysingar, slik som å bryte over tvert og satse på den ufyselege staden austpå. - Sovjetunionen? Det verkar som det skulle vere ei nærliggande tolking. Men ingen har tidlegare tort å tolke det slik.
Kva er det så som er Duuns politiske program for å overleva «stormfloa i Øyvære»? Tolkar vi teksten slik eg har gjort, ut frå dei politiske konstellasjonane i trettiåra, stiller Duun seg bak den sosialdemokratiske Folkefront-politikken, som vart forsøkt blant anna i Frankrike. Han tar også ganske utvetydig til orde for ein allianse med Sovjetunionen for å stoppe fascismen og nazismen.
«Mennske og maktane» er ikkje reaksjonær
Etter mitt syn er det fullstendig utenkeleg å tolke «Menneske og maktene» som støtte til noka form for høgrepolitikk i 30-åra. Tvert om: Boka er eit kraftig innlegg både mot fascismen og mot ei unnfallande og antikommunistisk haldning i det komande oppgjeret i «Øyvære». Berre dersom sosialistar og venstreliberale slår seg saman med kommunistane og Sovjetunionen, kan ein overleve «Stormfloa». Dei som lit på Vårherre, og dei som er for vanegjengerske eller for pripne til å søke ly på «Skarvnakken», mistar alle livet. Berre mora til kommunisten Gunerius overlever, på ein holme for seg sjølv.
I ettertid veit vi at det gjekk nettopp slik Olav Duun spådde. Men sjølv døyde han før det heile braut laus.
La oss ein augneblink tenke oss at Duun hadde overlevd andre verdskrig. Han ville da ikkje hatt behov for å skrive nokon allegori om krigen i ettertid, slik Tarjei Vesaas gjorde med «Huset i mørkret». Kanskje kunne han i staden ha åtvara oss mot mange feilvurderingar i etterkrigstida?
Eg vil komme litt tilbake til Max Taus syn på Olav Duun. Taus innlevingsevne i Duuns «namdalske univers» er formidabel, og han forsto betre enn dei fleste norske urbane litteratar at dei skandinaviske bygdesamfunna hadde ein fundamental humanistisk tradisjon, som heller ikkje var framand for delar av tysk landsbygd. Sjølvsagt sto nazismen sterkt hos tyske storbønder, men den sto enda sterkare hos industriherrane, og arbeidarklassen i byane var dessverre også djupt involvert. Eg trur at for den bortdrivne jøden Max Tau var dette å møte ein bygdekultur av duunsk merke ein stor og velgjerande kontrast til den tyske junker-kulturen.
Ein diktar kan målast etter det synet han har på taparar og minoritetar. Også i den samanhengen er Duuns stig ganske rein: Han kan vere kritisk overfor taparen, men aldri hånsk, slik Hamsun var. Det er også grunn til å studere Hamsuns framstilling av samane, jamført med samejenta Solvi i «Juvikfolke». Min konklusjon er derfor: Sjølv om det kan passe inn i dagens hegemoniske urbane modellar, var aldri Olav Duun nokon «reaksjonær». Så vidt eg kan dømme, sto han i alle fall ved slutten av livet trygt planta i nordisk sosialdemokrati.