DAGBLADET [Ledere] [Kommentar og kronikk] [Anmeldelser ] [Skribenter] [Kulturdebatten] [S&Oring;K]

Spenninga i kunstnaren Amalie Skram ligg i at ho både ville vera konvensjonell og fristilt frå alle konvensjonar.

Amalie Skrams tvangstrøye

I Hulda Garborgs dagboknotat frå 17. mars 1905 står der at Amalie Skram nettopp er død:


Av SOLVEIG AARESKJOLD,
forfattar
«Stakkars Amalie! Som så mange store kunstnere var hun absolutt «uverdslig», og livet blev så vanskeligt for hende af den grund ... Mod mig var hun hele tiden storartet, og jeg skylder hende så uendelig meget. Men hun påstod at jeg var «egenrettferdig», fordi jeg ikke brugte korset, og en dag vi var sammen i Louvre pegte hun på Venus fra Milo og sa: «Der ser du den eneste dame i verden, som er pen uden korset!» Og det endte med, at hun en dag gik med mig og kjøbte et korset og satte det triumferende på mig. Men det varte ikke længe før hun måtte indrømme, at jeg ikke lod mig civilisere. Hun lo og sa: «Nei det er sandt som du siger; du er endnu styggere med det plag!»»

Personleg fullbyrding gjennom tvang
Slik dreiv desse to fullriggarane i norsk åndsliv og kryssa seg fram i internasjonalt farvatn på leit etter ei form, eit uttrykk, ein måte å leva seg ut på. Hulda var den mest radikale, meir villig enn Amalie til å gjera dei vala som måtte til for å få det livet ho ville ha. Ho la seg etter den mannen ho likte aller best og var gravid då ho gifta seg, ho tapte på det sosiale planet og vann på det personlege. Ho var kanskje ikkje så stor kunstnar som Amalie, men truleg lykkelegare, og heilt sikkert mykje friare.
Fridom er ein tilstand som ein oftast får vera aleine i. Sjølv om fridommen offisielt blir rost i høge tonar, søker dei fleste menneske personleg fullbyrding gjennom tvang. Då korsettet omsider gjekk av moten etter første verdskrig, kom slankehysteriet i staden. I vår tid er der mange kvinner som ber korsettet ikkje bare under kleda, men under huda, i form av silikonfylte bryst og feittsugde lår. Eller heilt inne i sjela, som eit stadig krav om å eta mindre. Dei ønskjer slett ikkje å bli frigjorte frå denne tvangstrøya, for det er nettopp innanfor desse rammene at dei kan gjera dei store triumfane.
Amalie Skram var fødd i 1846 og hadde si blomstringstid under ein av dei mest krampaktige periodane i historia. Ho er utenkeleg utan eit snøreliv som strammar henne inn på midten og får underkroppen til å svulma som på ei bidronning, mens barmen skyt seg fram som ein innbydande balkong. Utan korsett ville ho ikkje kunna hevda seg som elegant dame, knapt heller som tragisk figur, men bli deklassert til eit sært fruentimmer med pussige idear.
Å kle seg i lausthengande reformkjolar som Hulda Garborg var å utfordra både klassemedvitet og ideen om det kvinnelege. Spenninga i kunstnaren Amalie Skram ligg i at ho både ville vera konvensjonell og fristilt frå alle konvensjonar. Det same kan ein seia om Alexander Kielland, for flosshatt og stivt skjortebryst er både ei sosial markering og ei hindring for fysisk utfalding. Men korsettet står i særstilling fordi ein ber det i løyndom under kleda. Omverda kan gløyma at det eksisterer. For sin eigen del er ein pinleg merksam på dei stive spilene som gneg seg inn i kjøtet.
Dessverre har der jamt over vore lite interesse for dei ortopediske rammevilkåra for gamle dagars kvinnelege frontfigurar, sjølv om det er allment kjent at ei kvar åndeleg ytring spring ut or eit fysisk fundament. I verket om dronning Mauds garderobe (1995) vender biografen Anne Kjellberg seg diskret vekk frå den salmakarekspertisen som låg til grunn for den majestetiske apparisjonen. Ved draktutstillinga i Kunstindustrimuseet same år var der ikkje såpass som eit strømpeband. Når det gjeld Amalie Skram, kan ein kor som helst lesa om den uhyggelege bryllupsnatta med kaptein Müller. Derimot leiter ein fåfengt etter kva tid ho fekk sitt første korsett, og korleis det forma livet hennar.
Stort sett har ein gått ut frå at forteljinga om Ory i «Forrådt» (1892) er identisk med forfatterens tidlege ekteskapserfaringar: Ei uskyldig ung jente blir kasta i brureseng utan førebuing, og øydelagd for livet. Når denne klisjeen har hatt så stor gjennomslagskraft, kjem det nok av at han stimulerer både kvinners lyst til å bli oppfatta som sarte blomar, og menns trong til å framstå som lagnadstung overmakt. I røynda handlar det nok meir om ein språkleg kode enn eit reelt handlingsforløp.

Snørt inn i språkleg og sosial kode
I barndommen sprang Amalie fritt omkring i Bergen og såg og høyrde korleis folk levde. Ho visste sikkert meir enn ho ville ut med om korleis ungar blir laga. Ulykka låg ikkje i mangel på kunnskap, men i den språklege og sosiale koden ho var snørt inn i. Unge jenter skulle vera uvitande, derfor låst dei som om dei var det. Amalie visste korleis ein skaffa seg beilarar. Då far hennar i 1863 hadde forlatt kone og barn og reist til Amerika, tok ho det på seg å skaffa familien eit nytt mannleg overhovud. Dessverre kjente ho ingen kode for å unngå dårlege ekteskap. Det var viktigare å halda på formene enn å ha det godt med seg sjølv.
Ho var vakker og sjarmerande og oppførte seg som ei ærbar ungmøy, og friaren trudde kanskje at det var som det skulle når ho ikkje ville kyssa han. I dette spelet var han like hjelpelaus som henne, særleg fordi han innbilte seg at den fagmessige kjønnsmanipuleringa som han hadde kjøpt seg i framande hamner, skulle gi han eit fortrinn på heimebane. Såleis gjekk den naive sjøkapteinen ombord i ei brureseng der han var dømd til å sigla rett i fortapinga.
Sidan skreiv Amalie Skram mange ytterst lesverdige bøker der ho klagar over urettferd og dobbeltmoral. Ho har så evig rett. Å tilbakevisa påstandane hennar er like fåfengt som å dementera Holocaust.
Likevel er der noko innsnørt ved sjølve perspektivet: Alle vil vera lykkelege, men ingen vil gi avkall på den koden dei er fanga i. Slik var det og med forfattaren sjølv: Ho ville så gjerne pusta fritt. Men ho ville ikkje ta av seg korsettet.


[
:nyheter | :meninger | :sport | :nett | :respons | :guiden | :spill | :annonser ]

© Dagbladet