«Det Jagland seier er at han som norsk statsminister ikkje vil følgje dei konvensjonane om urfolksrettar som Norge både har kjempa for og for lengst ratifisert.»
Rettferd for samane
I åra etter Alta-striden gjekk det opp for store delar av norsk opinion at den norske minoritetspolitikken overfor samane har vore relativt brutal. I dag blir vi rysta når kurdiske barn blir tvinga til å snakke tyrkisk i skolen. Men sameungar fekk liknande behandling heilt fram til etter siste krig.
Av HARTVIG SÆTRA, lektor
Folk måtte lese og skrive norsk for å få eige jord. Og dei samiske kjerneområda - Sámieatnam - er den dag i dag i den norske statens eige. Det betyr at du og eg, uansett kor vi bur i landet, er «medeigarar» i Sameland. I og med at etniske nordmenn - dazat - er i knusande fleirtal både nasjonalt og i Finnmark fylkesting, har samane ingen sjanse til å bestemme noko som helst i sitt eige land, enda dei har budd der og brukt landet like lenge som dazat har brukt Telemark og Østerdalen. Dei har etter kvart fått rettar, men på det norske fleirtalets nåde. Dei samiske rettane er ikkje noko dei «har» i kraft av at dei utgjer ein urbefolkning. Det er noko dei allernådigst «får» av daza-staten. Og mens både hallingar og telemarkingar formelt er «medeigarar» i Finnmarksvidda, finst det sjølvsagt ikkje noko motsvar i form av samisk «medeigarskap» i Norefjell og Gausta.
Undertrykkinga av samane har vore lite kontroversiell i høgre-venstre-samanheng, i motsetning til dagens aktuelle innvandrarpolitikk. Høgre og Arbeiderpartiet har vore like ille, NKP var eit hakk betre da dei var ein maktfaktor i Finnmark, men det var Venstre som hadde den mest framsynte minoritetspolitikken, under sine gamle høvdingar Lydolf Lind Meløy og Anton Dahl. I tida etter 1960 har DNA vore verre enn andre parti, og den dag i dag er Finnmark Arbeiderparti heilt på linje med Carl I. Hagen i samiske rettighetsspørsmål. Det er derfor det er så skremmande når Thorbjørn Jagland jattar med sine daza-partifeller i Finnmark. Nesten like skremmande er det at dette har vekt så liten reaksjon i Sør-Norge. Ut frå vanlege internasjonale normer er Jaglands tabbe enda større enn Gros tråkk i overvakingssalaten nyleg. For det Jagland seier i intervjuet med Finnmark Dagblad, er at han som norsk statsminister ikkje vil følgje dei konvensjonane om urfolksrettar som Norge både har kjempa for og for lengst ratifisert. Det er mange år sidan ein norsk statsministerkandidat har gitt uttrykk for noko så kontroversielt og reaksjonært som dette. Korfor har ingen parlamentariske leiarar spidda han, korfor har ikkje Dagbladet, Arbeiderbladet, antirasistiske organisasjonar, SV, Sp, KrF og RV reagert? Snorksøv den norske venstresida overfor ei sak som er langt meir omfattande og alvorleg enn Alta-saka?
Det styggaste ved Jaglands utspel er påstanden om «etnisk diskriminering av nordmenn» dersom samane skal få sin internasjonalt anerkjente rett. Akkurat slik let det frå sørstatsrasistane i USA da den amerikanske staten innførte «positiv særbehandling» av svarte for å rette opp att fleire hundre års urett.
Til alt overmål er det heller ingen samar som har gått inn for særbehandling av sine eigne. Nordmenn - dazat - som bur i samiske kommunar, skal ha like rettar med samane i kommunen. (At reindrifta, liksom jordbruket, har visse særrettar, det er tilfellet i resten av Norge også. Og desse særrettane har dei allereide nå.) Jaglands insinuasjonar om at samisk sjølvråderett vil føre til «diskriminering», er derfor ein grov og bortimot injurierande påstand overfor f.eks. sametingspresident Ole Henrik Magga og andre som går inn for samisk sjølvråderett. Det er ikkje det minste rart at Magga er sint på Jagland. Det burde anstendige norske antirasistar også vere. Men når slike ting går for seg nord for Sinsen-krysset, teier ungdomsorganisasjonane, med AUFs Trond Giske i spissen. Trass i at det er i interne etniske konfliktar eit lands politikarar avslører seg. Brasilianske politikarar viser sin sanne natur overfor indianarane, amerikanske overfor svarte og spansktalande, norske politikarar overfor samane.
I denne situasjonen skaffar norske ungdomsorganisasjonar seg antirasistisk alibi i Amazonas og på Grünerløkka, mens vår urbefolkning blir ståande med ryggen mot veggen overfor ein opinion som delvis er sjåvinistisk, delvis likesæl og unnvikande, spesielt fordi det er ein strid i norske utkantar det er snakk om.
La oss konkret sjå på kva det ville bety at Sametinget skulle bli øverste myndighetsorgan for land og vatn i Sámieatnam.
Det kan tenkast at innbyggarar i dei samiske kommunane - uansett etnisk opphav - vil få visse særrettar til jakt, fiske og bærplukking. Slike særrettar har til dels eksistert tidlegare, mens Sámieatnam var «norsk statsgrunn». Men innanfor dei samiske kommunane vil det ikkje skje etnisk særbehandling. Dette er i realiteten ei «positiv særbehandling» av nordmenn. For etter dei internasjonale urfolkskonvensjonane, som Norge har underskrive, har faktisk samane rett til å lage etniske skilje. Når dei ikkje vil gjere det, er det sjølvsagt ut frå eit ønske om å unngå strid. Men det vitnar også om ei raus haldning til den norske befolkninga i samebygdene - ei haldning som ein ofte saknar den andre vegen.
Også planane for ein samisk kystfiskesone bygger på dei samme prinsippa: Det vil aldri bli spørsmål etter bestefars språk eller om du er med i samemanntalet når kvotane for kystflåten blir tildelt. Det er berre spørsmål om kva for kommune vedkomande er innbyggar av.
Likevel haglar det med påstandar om «etnisk diskriminering» frå folk som veit at dei ikkje snakkar sant. Dette er ein slu taktikk overfor folk i Sør-Norge som ikkje har sett seg inn i saksforholda. For dei lyder det kanskje logisk at «samisk sjølråderett» berre gjeld etniske samar, og at ein «samisk fiskerisone» utestenger norsk-ætta kystfiskarar. Det er sikkert ikkje berre Jagland som har gått på den limpinnen.
La oss derfor ein gong for alle få avliva denne løgnen! Og skjer det ikkje, ligg det eit tungt ansvar på sørnorsk presse og på NRK!
Kva er da årsaka til dei sterke reaksjonane i Kyst-Finnmark? Det kan ha litt samanheng med frykt for at kommunegrensene skal bli ei grense for jakt og molteplukking. Men dette betyr minimalt. Større økonomiske interesser er nok knytta til gull- og malmreservane, som kyst- og bybefolkninga reknar som «sin» eigedom.
Men det altoverskyggande motivet for motstanden mot samisk råderett over land og vatn, er av psykologisk art: Gjennom ei slik ordning blir den samiske befolkninga sidestilt med den norske. For ei befolkning som alltid har hatt hegemoni, er alle åtak på denne psykologiske forrangen svært harde å akseptere. Vi kjenner godt til desse psykologiske barrierane frå andre delar av verda der minoritetar har fått likestilling.
Reaksjonane på den samiske fiskerisonen er typisk: Eg har snakka med fiskarar av «norsk» opphav som eintydig vedgår at dei sjølve vil har store fordelar av denne sonen. «Men den må ikkje bli kalla samisk.» Symboleffekten av namnet er så sterk at ein er villig til å gi avkall på økonomisk vinst for å unngå det!
For dei som har «innflyttarprobelema» i hovedstadsområdet nær innpå livet, er begrepet «rasisme» gjerne fastbunde til religion og hudfarge i Oslos bydelar. Men når det gjeld vårt internasjonale renommé, er det forholda i nord som heilt naturleg vil stå i fokus, og vi vil bli bedømt etter vårt forhold til ILO-konvensjonen og andre avtalar om urfolksrettar. Vi har sjølve reagert mot land som ikkje har vilja følgje konvensjonane, for eksempel Brasil. Ikkje minst hugsar vi kraftsalvene i Aftenposten og NRK mot sandinistane i Nicaragua da dei flytta Miskito-indianarane vekk frå krigssonen. Noko som førte til at sandinistane tedde seg eksemplarisk for ettertida. Nå blir det spennande å sjå korleis Aftenposten og NRK taklar våre «svin på skogen».
Derfor er ikkje samiske rettar til land og vatn ei «samesak». Det er ei sak som angår oss alle, uansett kvar vi bur i Norge: Vil vi at landet vårt skal følgje internasjonal lov og rett, eller vil vi komme i bås med latinamerikanske bananrepublikkar? Skal Norge bli ståande med buksa nede som ein nasjon av hyklarar, berre for å tilfredsstille ein lokal sjåvinistisk reaksjon?
Vi er trass i alt ein del menneske i Nord-Norge, også utanom det samiske miljøet, som meiner at Norge må rette seg etter vanlege menneskerettsnormar overfor vår samiske urbefolkning. Det er ikkje lett for oss å stå fram med dette standpunktet i lokalmiljøet. Og vi har ikkje politisk makt. Enda mindre vil vi få det. Verken vi eller samane er mange nok til å gi eit lokalt fleirtal for å rette opp det norske samfunnets ran av Sámieatnam. Vi kan berre appellere til folk elles i landet om å støtte oss.
Ingen ville vel forestille seg at Frp's invandrarpolitikk skulle bli ein nasjonal politikk med Regjering og Storting bakom. Da er det like liten grunn til at Hagens samepolitikk skal bli offisiell norsk politikk.
Derfor: Eg appellerer til hallingar, stordabuar og møringar: Sett foten ned overfor dei som vil skjemme landet vårt ut ved å bryte internasjonale menneskerettsavtalar!