[Meny]
DAGBLADET [Ledere] [Kommentar og kronikk] [Anmeldelser ] [Skribenter] [Kulturdebatten] [S&Oring;K]


FAKTA: Historikarstrid


«Det som har utløyst alle desse stridane er forsøka på å gjere Hitler og Goebbels' fiendebilete tilgjengeleg for vår realitetssans.»


Å låne Hitler sine augo
Vår heimlege historikarstrid mellom Odd-Bjørn Fure og Hans Fredrik Dahl om David Irving gjev oss historisk innsikt i Det tredje riket eller ikkje, inngår eigentleg i ein serie av liknande historikarstridar som frå midten av 1980-talet har rast i Europa.

Av NILS RUNE LANGELAND, historikar

Det som har utløyst alle desse stridane er forsøka på å gjere Hitler og Goebbels' fiendebilete tilgjengeleg for vår realitetssans. Kunne dei ha forståelege og kanskje til og med gode grunnar til å meine at særleg jødane var ein slik dødeleg fiende? Denne «normaliseringa» av nasjonalsosialismen har kvar gong møtt ein storm av protestar. I 1986 utløyser den kjende fascismeeksperten Ernst Nolte den store tyske «Historikerstreit» ved å antyde at nazistane berre utførde ei «asiatisk gjerning» som ei forsvarshandling mot den russiske revolusjonen. Den verdskjente sosialfilosofen Jürgen Habermas går straks til frontalåtak på det han meiner er revisjonistiske tendensar hos ein del kjende tyske historikarar. Striden konsentrerer seg etter kvart rundt spørsmålet om kor historisk eineståande den nazistiske utryddingspolitikken overfor dei europeiske jødane eigentleg er, samanlikna med ofra for Lenin og Stalin sin politikk i Sovjetunionen. Den tyske historikaren Eberhard Jäckel meiner nazistane sin utryddingspolitikk er eineståande fordi aldri før har ein stat definert ein fiende blant sivile medborgarar som omfattar alt frå spedbarn til oldingar, og så med full bruk av alle statlege maktmiddel gå i gang med å utrydde dei utan å lemne nokon sjanse til å unnsleppe. Skilnaden til kulakkane og andre offer for leninistisk og stalinistisk terror er at konfliktmedvitet er fullstendig asymmetrisk fordelt. Jødane hadde ikkje noko medvit om å vere ein politisk fiende av det tyske folket. Nolte på si side hevdar at sett med historikaren sine augo, er ikkje sosiale kriterier for utrydding meir «sanne» eller historisk forståeleg enn etnisk-biologiske kriteriar. Nolte går likevel lenger enn dette. I ein ideologisk panikkreaksjon stilt overfor det dei meinte var ein asiatisk revolusjon som trua Europa, kopierte dei tyske nazistane bolsjevikane sin utryddingspolitikk overfor sin innbilte fiende, men med langt større teknisk perfeksjon.
Her står vi ved revisjonismen sin kjerne. Det som verkeleg opprører Habermas er ikkje eventuelle nye historiske funn, men det han meiner er tendensen til å integrere deler av Det tredje riket i den vestlege verdas liberale demokrati. Særleg gjeld dette spørsmålet om Wehrmacht utkjempa ein forsvarskamp ikkje berre for Hitler, men også for det vestlege etterkrigseuropa. Det viktige ved David Irving si rolle i denne samanhengen er ikkje spørsmålet om han har store kunnskapar om kjeldene for utforskinga av den tyske nasjonalsosialismen eller ikkje, men at han radikaliserer Nolte sine idear frå 1986. Særleg tydeleg er dette der han skildrar utviklinga av Goebbels' radikale antisemittisme medan han er Gauleiter i Berlin. Irving prøver nesten desperat å forankre nazistane sitt fiendebilete i vår ålmenne historiske realitetssans. Hadde ikkje nazistane eigentleg plausible grunnar for å betrakte jødane som ein farleg politisk fiende? Irving går mykje lenger enn nokon av dei tyske historikarane Habermas anklagar for å vise revisjonistiske tendensar i 1986.
I 1996 kom det ut ei bok med tittelen «Hitler's willing executioners: ordinary Germans and the Holocaust». Grundig gjennomgang av forskingslitteraturen om nazistane si utrydding av jødane overtyder den unge amerikanske historikaren Daniel Goldhagen om at det ikkje finst nokon fullgode funksjonalistiske forklaringar på dette fenomenet. Den provoserande konklusjonen han dreg er at det må ha eksistert ei massiv positiv oppslutning om nazistane sin utryddingspolitikk i den tyske befolkinga på dette tidspunktet. Goldhagen møter ein storm av protestar frå framståande historikarar ikkje berre i Tyskland, men også i Frankrike. Medieinteressa er enorm. Til liks med Nolte og Irving tek Goldhagen den nasjonalsosialistiske persepsjonen av røyndomen på alvor i sin eigen rett. Goldhagen kan difor plasserast i ein slags «venstrerevisjonistisk» posisjon i dette landskapet. I Noreg har Hans Fredrik Dahl på same vis prøvd å krype inn i hovudet på Vidkun Quisling for på denne måten gjere den norske nasjonalsosialismen tilgjengeleg for vår realitetssans.
At desse forsøka på å normalisere nazismen utløyser heftig offentleg strid på 80- og 90-talet, skuldast både at den tyske nazismen har vore ein politisk gjenstand av første rang i heile etterkrigstida, men også ein stadig sterkare tvil om det ideologiske fundamentet for det såkalla vestlege liberale demokratiet. Dei grufulle hendingane på Balkan har ytterlegare svekka den første optimismen på vegne av framsteget etter Berlinmuren sitt fall i 1989. Revisjonismen vil bringe den nasjonalsosialistiske fortida inn i vår samtid utan bruk av korkje moralske eller strukturfunksjonalistiske «Verfremdungs-teknikkar». Dette trugar det liberale demokratiet sin moderne identitet.
For inga anna fortid er det nemleg etablert ein slik likevekt mellom på den eine sida sakleg dokumentasjon, og på den andre trongen for eit omfattande moralsk oppgjer med denne same fortida. Dette moralske oppgjeret starta alt med Nürnbergprosessen i 1946, og har heile tida hatt som uttalt målsetjing å hindre at noko slikt kan skje igjen. Denne todelinga av forholdet vårt til den nasjonalsosialistiske fortida, evna til å skilje mellom sak og vurdering, vitskapeleg analyse og moralsk oppgjer, er samstundes grunnsteinane i gjenreisinga av den borgarlege mentaliteten i etterkrigstida. Vår tillit til den vestlege demokratimodellen er tufta på dette skiljet. Vi liker å tru at den demokratiske prosessen i siste instans er forplikta på objektiv sanning, og at vi difor har eit sikkert fundament for vår dømmekraft.
Dei revisjonistiske forsøka på å «normalisere» Hitler-regimet sin politikk meiner Habermas i 1986 var uttrykk for ein stadig sterkare neokonservativ trend i USA og Vest-Tyskland. Til liks med kanskje også Hans Fredrik Dahl er dei mest reflekterte neokonservative ofte tidlegare venstre-intellektuelle som no meiner at det dei kallar det «liberal-demokratiske ethoset» er truga av idealet om mest mogleg individuell sjølvrealisering. I staden for å føre opplysingsprosjektet vidare trekkjer dei seg tilbake i eit konservativt forsvar for institusjonane sin stabiliserande funksjon og ibuande politiske rasjonalitet. Kjende namn er Daniel Bell i USA og Hermann Lübbe i det tyskspråklege området. Renessansen nittenfemtiåras totalitarismeteori opplever innanfor neokonservativ tenkjing, viser samanhengen mellom neokonservatisme og revisjonistiske tendensar i historieskrivinga om Det tredje riket. Kanskje var ikkje Hitler den farlegaste fienden for det vestlege liberale demokratiet, men sovjetkommunismen?
Denne institusjonalistiske reduksjonen av det vestlege demokratiet er ikkje tilstrekkeleg for å garantere etterkrigsnormaliteten, vil Habermas og fleire med han hevde. Under Historikarstriden i 1986 slår han fast at det var det såkalla «anti-autoritære opprøret» frå 1968 og utover som gjorde Forbundsrepublikken til ein vestleg politisk kultur. Dette inneber evna til å innta ei kritisk reflektert haldning overfor eigne historiske tradisjonar. Og her kjem det moralske oppgjeret med den nasjonalsosialistiske fortida inn. For å hindre at noko slikt som jødeutryddingane skal gjenta seg må det installerast eit filter av universelle etiske normer framfor dei kulturbestemte moralske forestillingane som vi har. Habermas følgde nyleg opp tråden frå 1986 i sin Laudatio-tale i samband med utdelinga av demokratiprisen til Daniel Jonah Goldhagen. Habermas sluttar seg til Goldhagen sin «venstrerevisjonisme» fordi vektleggjinga Goldhagen gjer av den subjektive oppslutninga om nazismen, sannsynleggjer at det faktisk har skjedd eit sivilisatorisk framsteg i etterkrigstida. Eit framsteg som ikkje først og fremst skuldast gjenreisinga av det rettsstatlege og av demokratiske institusjonar, men ei djuptgripande mentalitetsendring. Den etiske dømmekrafta er styrka på individuelt nivå. Hitler-regimet kan difor ikkje utan vidare innordnast i forhistoria til denne «vestlege normaliteten». Det er framfor alt det moralske oppgjeret med denne fortida som avgrensar vår samtid frå nazismen, og gjev det vestlege liberale demokratiet ein moderne identitet.


[
:nyheter | :meninger | :sport | :nett | :respons | :guiden | :spill | :annonser ]

© Dagbladet