|
|
Barne- og ungdomsboka 
"For skal barnelitteraturen bli seriøs litteratur, må den så å seie oppheve seg sjølv som barnelitteratur og bli til litteratur"
All-alder-litteratur
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) fyller 50 år i desse dagar, og i den anledning er eg blitt beden om å skrive nokre ord om dei såkalla barnebøkene, og eg vil opne med å slå fast at forfattarane av barnebøker aldri har hatt større litterær prestisje, tvert imot har barnelitteraturen - som den ofte no blir kalla, kanskje fordi ein dermed vil insistere på at også barnebøker er litteratur - gjerne ikkje blitt sett på som høgverdig litteratur, men derimot som ein slags triviallitteratur på linje med damebøker og westernbøker. Av JON FOSSE Og strengt tatt er det vel også gode grunnar til at det har blitt slik. For det som kjenneteiknar den seriøse høgverdige litteraturen er jo at ein i skrivinga av den utelukkande tar kvalitative estetiske omsyn, og at ein helt ser bort frå kvantitative omsyn, for eksempel at ein ikkje lar si skriving vere styrt av tilpassing til bestemte mål- eller aldersgrupper.
Alt i omgrepet barnelitteratur ligg det altså ei fornekting av den estetiske autonomien som først og sist legitimerer den seriøse litteraturen. Likevel vil forfattarane av barnelitteratur gjerne bli tatt på alvor, dei meiner sjølv at deira litteratur er like høgverdig som den "eigentlege" litteraturen, og om det er lett å skjøne dette ønskjet er det sant å seie ikkje like lett å gi dei rett. Det må seiast.
For skal barnelitteraturen bli seriøs litteratur, må den så å seie oppheve seg sjølv som barnelitteratur og bli til litteratur. Det vil blant anna seie at den ikkje må vere skriven med vekt på tilpassinga til barn, men med vekt på den estetiske autonomien, og i så fall endrar barnelitteraturen karakter frå å vere skriven utelukkande for barn til å vere skriven også for barn, og dermed blir den til det ein i seinare tid har snakka om som all-alder- litteratur.
Eg har sjølv skrive såkalla barnelitteratur, som eg, sjølvmedviten som eg er, innbiller meg er all-alder-litteratur. Eg hadde strengt tatt aldri planlagt å skrive barnelitteratur, men i si tid blei eg invitert av eit svensk forlag til å skrive tekst til ei biletbok. Det smigra meg, og eg prøvde å få det til, fleire gonger begynte eg å skrive på ei fortelling, men eg syntest ikkje eg fekk det til, alltid sneik det seg ei pedagogisk ovanfrå-og-ned-haldning inn i teksten, i sjølve forteljemåten, og eg sat der stadig vekk med ei kjensle av at dette ikkje gjekk, at eg ikkje kunne stå ved det eg hadde skrive som litteratur, noko det heller ikkje var, i beste fall hadde eg skrive pedagogiske tekster som kunne vere morosame for barn å lese. Men slike tekster ville eg ikkje setje forfattarnamnet mitt over.
Til sist losna det. Eg skreiv fortellinga Kant , som eg merka at eg kunne stå inne for som litteratur, same kven den var for, sjølv om hovudpersonen var ein liten gut, og sjølv om setningane mine kanskje var kortare enn dei ellers gjerne er.
Ein av grunnane til at eg fekk det til var nok at eg alltid har prøvd å skrive så enkelt eg berre kan, også i den forstand at eg gjerne reduserer mest mogeleg på dei fleste måtar, det er gjerne få personar med i det eg skriv, metaforar skyr eg meir eller mindre og eg set stor pris på å kunne skrive fram ei ganske koherent historie som rett nok samtidig skal romme noko anna og noko langt meir enn seg sjølv. Eg er, som det har blitt sagt, ein slags minimalist.
Noko anna er at eg ofte har ei kjensle av at det eg skriv så å seie kan handle om kva som helst og der i og for seg kven som helst kan vere "hovudperson", det kan like gjerne vere eit barn som ein vaksen, blant anna. Og det er nok fordi eg opplever sjølve "stoffet", kva ein skriv om, som temmeleg uvikig og uinteressant, det interessante er derimot sjølve skrivinga, korleis ein skriv, den konkrete skrivemåten. Dermed er det for meg, om eg skriv godt, ikkje noko skilje mellom form (til dømes roman og barneforteljing) og innhald (ei barnsleg eller ei vaksen historie), form og innhald går saman til ein einskap, til den eigne personlege skrifta, til det eg håper er mitt upersonlege - ja, universelle, objektive, ja, interesselause - personlege kunstuttrykk, der også innhaldet mitt paradoksalt nok er å finne i sjølve det objektive uttrykket.
Skal eg nemne ein forfattar som etter mitt syn skriv litteratur - også barnelitteratur - der grensa mellom form og innhald, mellom barnelitteratur og litteratur ikkje finst, må det bli Ragnar Hovland. Og grunnen til at han skriv så gode barnebøker er nettopp at han ikkje har noko klart skilje mellom det eine og det andre, han skriv som han skriv, og skrivemåten hans høver det eine, som den høver det andre.
Når Ragnar Hovland er nemnd, må også Einar Økland nemnast, det er vel ikkje nokon annan som har hatt så mykje å seie for framveksten av ein estetisk autonom norsk barnelitteratur som han.
Dermed har eg vel òg nemnt ein annan viktig føresetnad for dei barnebøkene eg sjølv har skrive: då eg begynte å skrive barnelitteratur var det, i alle fall på Samlaget der eg har gitt ut mine bøker, alt etablert ein tradisjon for ein slags antibarnelitteratur-barnelitteratur, eller all-alder-litteratur, som mine eigne skrifter går inn i, og som hadde utvida i alle fall mitt bilete av kva som gjekk an som barnelitteratur mykje (og det høyrer også med til denne historia at eg som barn ikkje likte barnelitteratur, sjølv Alf Prøysen kunne eg ikkje fordra! berre så det er sagt.)
Når så mykje vent er sagt, må eg få tillate meg å komme med eit hjartesukk. Eg har nok òg skrive barnelitteratur for penganes skuld, altså så å seie av personlege kvantitative grunnar: eg har bestemt meg for, sett mi verdigheit i, at eg skal klare å overleve av å skrive litteratur som er så kvalitativt god eg klarer å skrive den, under dei rådande omstende, og sidan dei økonomiske kåra for ein seriøs forfattar, no som alltid, er dårlege, har eg, slik kan det òg framstillast, inngått nokre kompromiss, og eitt av dei er at eg òg har skrive barnelitteratur, som ein jo relativt sett tener langt betre på enn på for eksempel å skrive roman og som dessutan er mindre arbeidskrevjande (lengda på eit biletbokmanus er jo omtrent som lengda på ei middels til kort novelle).
Korleis er dette misforholdet - som sjølvsagt ikkje tyder at ein tener for mykje på barnelitteratur, men derimot at ein tener for lite på roman - mogeleg? Jo, det er mogeleg fordi det ikkje er ordinære bokkjøparar som har gitt meg dei små inntektene mine, men derimot statlege støtteordningar som har favorisert barnelitteratur (med innkjøp til biblioteka av 1550 eksemplar av kvar tittel) på kostnad av roman (som blir innkjøpt med 1000 eksemplar av kvar tittel).
Eg skal vedgå at fleire av mine barnebøker har dette som sin smålege bakgrunn.
Har eg ikkje då kompromittert meg sjølv? Selt sjela mi for nokre kroner?
Kanskje, men ikkje heilt.
For det er jo også slik at sidan norsk barnelitteratur ikkje blir finansiert av reelle private bokkjøparar, men av statlege støtteordningar kan ein redusere dei kvantitative omsyna til det eine, at denne litteraturen skal vere for barn, eller - som eg har tenkt det - også for barn. Den offentlege finansieringa gjer altså all-alder-litteraturen mogeleg.
Likevel vil det for forfattarar med ei anna grunnleggande estetisk orientering, som for eksempel dyrkar det komplekse og monstrøse i staden for, som eg gjer, det enkle og minimale, vere vanskeleg å skulle skrive barnelitteratur. Det trudde eg også at det skulle vere for meg, men slik var det faktisk ikkje. Og eg meiner vel at eg langt på veg har klart å skrive barnelitteratur som også er estetisk gyldig, som har litterær kvalitet, sjølv om den når sant skal seiast er som skriven under ein viss sensur, den har som vilkår gitte økonomiske tilhøve og kulturpolitiske trendar.
Om eg så har klart det heilt, er eit ope spørsmål.
Men den eventuelle resten har eg bestemt meg for at eg kan leve med. For rett nok er litteratur først og sist eit kvalitativt estetisk fenomen, men den er også i sitt vesen humanistisk, og også barn har rett på den avstand til røyndas kvantitet som kunstens kvalitet gir.
[ :nyheter
| :meninger
| :sport
| :nett
| :respons
| :guiden
| :spill
| :annonser ]
© Dagbladet
|