Unni Lindell og Anne B. Ragde har falle i alle feller med sine billige og tilgjorte «libresser». Dersom denne vesle og vesale boka er det kvinnelige svaret på den middelaldrande manns uthaldelige trishet, kan forfattarane gå heim og legga seg når dei har kome til skjellsord og alder.
Det er alltid for tidlig å stå opp. Libresser - første bind
- Forfatter: Lindell, Unni og Anne B. Ragde
- Forlag: Tiden
Dersom ein låner andres klær, må ein kunna bera dei like godt som eigaren. Elles ser det billig, tilgjort og sjuskete ut. Dersom ein låner ein annans personlige sjanger, er det enten ein hyllest til eigaren eller snylting. Dersom ein vil parodiera ein annans form, må det gjerast med eleganse, vidd og eigen vri. Elles blir det plagiat.
Fornedrer
Der originalen forbedrar eit sitat, fornedrar dei det:
«Kanskje kommer Kongen. Hun har lagt seg ned på
perrongen.»
Tiden Norsk Forlag lanserer «Det er alltid for tidlig å
stå opp» som «første bind» - ein åpenbar trussel om at
det er blodig alvor at det skal koma fleire libresser.
I sakens anledning anbefaler eg Lindell, Ragde & Tiden
å ta lærdom av tittelen på den andre av Nils-Fredrik
Nielsens Tristesser i utvalg: «Det er aldri for tidlig
å angre». Eller for å seia det med ein libresse: «Det
gjelder å holde sin stil ren.»




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen