Duoen har ofte vorte skulda for stort sett å synga om «kvinnfolk, drikka og ugagn», men mange vert overraska over korleis desse emna vert blanda med meir kjenslevare dikt og finstemte tonar.
| Hør lydklipp |
|
|
Billa and the Kid er: Bjørn Rune «Billa» Nondal (røyst) og Gunnar Yttri (gitar, munnspel, song, mandolin). Duoen er frå Sogndal i Sogn,og er høgaktuell med ein kritikarrost CD-singel.
Duoen har sett ei rekkje spelestader på Vestlandet på hovudet med eigen musikk og eigne tekstar. Sentralt i førestillingane står Billa si resitering av dikt, og Yttri sin song og låtskrivar-kunst.
I konsertsamanheng mønstrar Billa and the Kid eit av Noregs beste orkester med medlemmar frå Fabel og Utopia. Det musikalske spennet er stort, mellom anna folkemusikk, country, rock & roll, tango og blues.
Kontakt:
Heimeside
mail: theKid@BillaAndTheKid.com
tlf: 95939487




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen