Debutant med økopoetisk perspektiv i rolege dikt.
Delta
- Forfatter: Huke, Marta
- Forlag: Tiden
Huke er nok nedi begge grøftekantane innimellom. Den første kan ytre seg slik: «I dag har jeg vært ute, fått lys på ansiktet» (s. 41), og den andre slik: «Du har vindmøller i blikket, og du ber meg velge mellom en snegle og et sandpapir» (s. 22).
Men mest er boka, som har ein vakker storspove på omslaget, full av dikt med ein roleg vasspuls og fine refleksjonar frå levd liv.
Eit økologisk perspektiv minner oss om at «delta» også er eit verb som handlar om å ta del. Dette får Huke fram mellom anna ved at menneske og natur språkleg glir over i kvarandre: «Elva strekker ut en venstrearm, rører ved steinens aksel; her tar verden slutt.» Eg oppfattar ikkje dette bare som ei etnosentrisk besjeling av naturen, men som eit økopoetisk grep som viser dialektikken: «Bølgene slår under øyelokkene dine», og «Overalt finnes skråningar. Neseryggen kaster skygge over munnen.»
Det er ein sympatisk tone i denne boka, og der «vannet skriver landskapet» og «gardinene (...) slikker ut av et vindu» går huset, menneska og elva opp i ei høgare visuell eining som Marte Huke kan vera stolt av.




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen