Inderlege og messande dikt, der det er langt mellom dei spennande linjene.
Arameisk i Roma
- Forfatter: Eidslott, Arnold
- Forlag: Gyldendal
Men for Eidslott finst det ein mann, Jesus Kristus, som talte arameisk. Og det er Bibelen og den kristne symboltradisjonen som er utgangspunkt og verktøy for denne omfattande diktsamlinga.
Nå skriv Eidslott også i denne boka dikt om andre tema, som Bach og Rakhmaninov, Ibsen og Homer, Roma og «Titanic», men eg opplever at det generelt har vorte ein meir einsformig skifting mellom den messande og den bydande tonen i dikta hans. Dette verkar avgjort suggererande når ein fordjupar seg i desse versa, men det går lenger mellom dei poetisk nyskapande og gripande formuleringane nå. Så sjølv om intensjonen er ei inderleggjering av dei velbrukte omgrepa, vert ikkje dette alltid resultatet. Men det glimtar framleis til med eit poetisk grep innimellom, som når Gud er «sytti år lange kjærtegn» eller «et bål på fortvilelsens tundra.»












Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen