«Vakre og sympatiske dikt vekslar med det meir konstruerte.»
Solkant
- Forfatter: Hildegunn Dale
- Forlag: Samlaget
Mange av desse dikta ser ikkje ut til å ha andre mål enn å oppretta vakre språkelege bilete. Det gjer dei. Men dei er samstundes med i ein samanheng og får større meining ut frå denne. Det er sjølvsagt svært krevjande å vilja så lite. Dikta må vera ekstremt gode for å tola å stå åleine på ei side. Og det er nok ikkje alle sidene her som gjev frå seg så mykje. Det hender at det som ikkje vert sagt gjer dikta utydelege eller søkt gåtefulle. Ting vert sagt på ein unødvendig poetisert måte og tildekkar informasjonen. Av og til verkar hendingane konstruerte. Men ein kan òg sjå positive gjenklangar av Haugens «Anne» i denne boka.
Gjennom ei utvikla evne til å stilla ting saman skapar Dale mange dikt som løftar ein lesar og gjev løfte for framtida. Debutanten har ei fin språkkjensle og ein sans for tid og observasjonar som innimellom vert sett saman til dikt som fører oss inn i verda:«Kyrkjeklokker dirrar over flisene på badet./ Låret er tungt, //eg lyfter foten over kanten i kvit keramikk.»




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen