Her er glimt av skarpt sette og originalt formulerte ting, men for mykje som ikkje er det.
1) «regnet som sprenger bak tinningene» og 2) «Nav og natt»
- Forfatter: 1) Granlund, Ted M. og 2) Frank Eriksen
- Forlag: 1) K.Ø.S og 2) Bjørkan
Frank Eriksen har ein folkeleg tone som kan gje tankar om Hans Børli, og skriv om motsetnaden mellom natur og teknologi. Han glimtar til med friske og originale bilete og nyttar dialektuttrykk på ein utvungen måte, men klarar bare sjeldan å halda nivået oppe gjennom eit heilt dikt. Med eit titals bokproduksjonar bak seg er han ingen famlande nybyrjar, men strir med ein skildrande stil og velbrukte tema. Men som sagt, innimellom glimtar det skikkeleg til, som når systera spør før ho døyr: «Hva er bass?» Eller i den typiske og opnande diktopninga: «Dugg under klokkeglaset / dis over tidsmyra.»
Ted M. Granlund, som faktisk står bak bokbunaden på Eriksen si bok, er heller ingen debutant i denne samanhengen. Dette er hans tredje diktsamling, og her er innslag av vakre fargar i usikre regnmåleri av Anne Helene Solberg, og medfølgjande cd med diktlesing og melodiøs gitarmusikk av Lars Erik Flagstad.
Der Eriksen er konkret og skildrande, er Granlund ofte meir abstrakt, og dikta kan av og til gje ei kjensle av å vera språklege konstruksjonar. Men her er openbart eit språkleg talent som skapar spennande uttrykk som overraskar med fine perspektiv mellom stort og smått. Dikta har eit felles uttrykk, og i nokre tekstar om forhold finst det ein kjenslemessig substans som løftar parti av dikta og gjev oss gjenkjenning: «der trekker vi pusten / og hvisker / hemmelighetene våre til oss selv.»




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen