Med denne oppmodinga opnar eg ein leksjon som er ei vedkjenning om at eg held det for sannsynleg at surrealismen er den aller sterkaste og mest nyskapande påverknadskjelda når det gjeld den spennande moderne poesien. Kanskje gjeld det òg biletkunst, foto og film? Ja, til og med reklame?
I denne leksjonen vil eg visa nokre døme på kva slags energi og poetisk sprengkraft som kan koma frå surrealismen, meir enn å definera kva denne retninga er i si mest reindyrka form. Då kan det passa godt å starte med Michaux, som nettopp er ein modernistisk poet som ikkje kan kallast surrealist, men som openbart dreg vekslar på den surrealistiske biletbanken, også kalla det undermedvitne.
Plogene av hvitt sukker, av glass eller porselen er et hinder i trafikken.
Det samme er dammene av helmelk som når en til knærne.
Hvis man tilfeldigvis havner i en tønne, selv om bunnen er slått ut og føttene er fri, vil man få problemer med å sirkulere.
Hvis det ikke skulle være tønner,men kiosker det dreide seg om (riktig festlig for den som ser på, men---) så ville de virkelig gjøre hvert skritt til et slit.
Det samme med et utall gamle kvinnerygger brukt som fortau.
(Gjendikta av J.J. Tønseth og A.K. Haugen)
Her viser Michaux styrken ved den surrealistiske metoden, det å la fantasiane strøyma fritt ut på papiret. Men han demonstrerer også veikskapen. Det som strøymer ukontrollert fram, har lett for å bokstavleg talt flyta ut og verte meir morosamt og formlaust enn direkte gripande og velformulert dikting. Nå kan det sjølvsagt vera morosamt og gripande samstundes, og Michaux kan oppnå det også nokre stadar, men der surrealismen kanskje har hatt den mest gunstige verknaden er når denne metoden samstundes vert halden i visse taumar av ein sans for form og struktur. Då verkar det som om den fastare forma vert lada med meir spenning, og det surrealistiske biletet får ei meir eksplosiv kraft.
Poeten, essayisten og kritikaren Andrè Breton (1896 – 1966) som var teoretikaren for retninga, og skreiv surrealismens manifest (det første i 1924), var sjølvsagt påverka av det nye synet på draumar, drifter og det undermedvitne som Sigmund Freud nyleg hadde lansert. Det grunnleggjande var at den surrealistiske kunsten skulle koma til gjennom ei psykisk automatisk åtferd, der det heile skjer spontant på impulsar frå det undermedvitne og utan at medvitne filter og sensurinstansar får gripa inn.
André Breton skreiv sjølv mange magiske dikt, og gav ut samlingar med titlar som ”Pistolen med kvitt hår” (1932). Og han skreiv sterke oppmodingar som: ”Gå frå alt. Gå frå Dada. Gå frå kona di. Gå frå elskarinna di. Gå frå håpet og angsten. Gå frå barna dine i skogen. Gå frå substansen til skuggen. Gå frå ditt enkle liv, gå frå det du har fått for framtida. Gå ut på vegane!”
Det er eit utal ulike kunstnarar innanfor mange felt som har vore tilhengjarar av eller påverka av surrealismen. Her er vår mann Vicente Huidobro:
Mi høgre hand er ei svale
Mi venstre hand er ein sypress
Hovudet mitt er ein levande mann på framsida
På baksida ein død mann
(Gjendikta av Finn Øglænd)
Korleis klappe takta når hendene er støv?
I Noreg er det få som ope har stadfesta at dei er surrealistar. Av desse er den mest kjende Triztan Vindtorn som i mange år heilt feilaktig var kjent under namnet Kjell Erik. Han har skrive ein flaum av dikt i samlingar med titlar som: Barbeinte skyskrapere (Aschehoug, 1977) og Å skjøte en regnbue (Aschehoug, 2003) I den sistnemnde står det mellom anna:
vi skal gjenkjenne fisken på dens vinterskjerf
for skyggen der nede kan visstnok smelte
og etterlate deg som levende fossil
hvordan klappe takten når hendene er støv
eller opprettholde språket som luftbro
når det finnes så mange orkaner omkring oss?
Ein lyrikar som ope vedstår seg automatskrift som metode, utan at ho står fram og kallar seg surrealist, er Ellen Einan. Ho viser kor ulikt resultatet kan verta gjennom denne metoden, etter kven som skriv. Her er eit utdrag frå boka ”Innefor og utenfor er ett” (Solum, 1999):
Solsøster bleker sine
fugleøyne og bærer sne.
Da vet du angerens vesle
ape gnir sine øyne og
hater.
Vær stille, fange: Her går
de åpne sår.
Her går den blinde tigger.
Men den surrealistske påverknaden kan ein finn hjå mange fleire enn desse, og ofte der ein kanskje minst ventar det. Her er ei vakker linje frå eit dikt av telemarkspoeten Arvid Torgeir Lie:
Vi gynger på havets store grå sumarfuglvenger nå.
Eg oppfattar dette som surrealistisk i sitt uttrykk. Og han kan skriva som dette ein annan stad:
”Snøens ur peker mot døden..”
Då eg første gongen møtte Tor Ulven ein kald vinterdag i 1977 ved den stålglinsande Haukeland-skulpturen ”Air” på universitetsområdet på Blindern, hadde han alt hatt eit måleri på ei surrealistutstilling i Canada. Nå stod han der med si nyutgjevne diktsamling ”Skyggen av urfuglen” (Solum, 1977) i handa og eg med mi første tynne og famlande samling ”Hendene i byen” (Noregs Boklag). Me bytta bøker over snøen.
Både Ulven og den svartkrølla fløytespelaren som introduserte oss for kvarandre, døydde seinare for eiga hand. Men stållufta står framleis på same staden. Ulven dediserte boka til meg med ei automatisk teikning, og gav uttrykk for sitt intense forhold til surrealismen. På denne tida var han rett og slett ein ortodoks surrealist. Med samlingane ”Etter oss, tegn”, og ”Forsvinningspunkt”, etablerte han likevel sin heilt eigen stil som seinare gjer det feil å hekta etiketten ”surrealist” på han. Men det er ingen tvil om at også for han har denne vitale retninga med den kreative sprengkrafta, vore sentral. Slik sett demonstrerer han med all tydelegskap mitt poeng her:
Stille
i salen.
En utgravd kjeve
lener seg over
mikrofonen
og skriker
med istidens
utdødde
stemme.
(Frå Forsvinningspunkt, Gyldendal, 1981)


Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen