Drivande, medrivande dikting som femnar verda og lesaren.

Prinsens gate

  • Forfatter: Pedro Carmona- Alvarez
  • Forlag: Cappelen
BOK:

Et barn åpner opp verden, bretter ut kart, hele landskap over bordet

rydder vekk klærne og støvlene
rydder vekk kulden og årstidene, en gang,
var han stum, en gang fantes alver og narrer

en gang var hans far konge og han
kongsbarn


MED DESSE ORDA set Carmona-Alvarez i gang si nye rause diktsamling. Desse dikta vekkjer positive assosiasjonar til anna eg har lese og høyrt. Både Walt Whitman og Dylan Thomas kan dukka fram i minne, og det er sjeldan noko ulykke. Men lesinga av latinamerikanske poetar med utvidande energi og surrealistiske sprang, som Valejo og Neruda, kan ein òg verta minna om.

Likevel, Carmona-Alvarez har sin eigen tone, og av og til sin heilt eigen måte å byggja ein setning på.

Poetprinsen er fødd og fekk først sitt morsmål i Chile og har med seg nokre små unorske forskyvningar som fungerer glimrande i poesien hans. Frå den førre boka si «Clown Town», som denne viser klare samanhengar med, både i gjenbruket av fotoet på omslaget, nå i ei symbolsk friare, bearbeidd teikning med overrabla ansikt, og i intertekstuelle trådar, har han teke eit langt sprang mot eit tettare språk, mot ei strammare og meir strukturert samling. Sjølv om det på ingen måtte er det knappe og konsentrerte som er varemerket.


DET ER DET sveipande og femnande som driv desse dikta framover. Og dei femnar emosjonell intensitet, politisk røynd, erotisk kvardag, kroppar og gater frå historie og kontinent. Og han gjer interessante grep når det gjeld kven si røyst som talar.

Jeg er født
i köln, mitt navn er maximillian

av alle ting, og far drakk
seg i hjel i to eller tre

og tredve, mor giftet seg to ganger
med samme slakter og slakteren
er ingen metafor, han ga oss kjøtt
og pølser


NÅ ER IKKJE kvar linje eller kvart avsnitt alltid så vellykka eller viktig her, men måten han byggjer opp universet på får lyset frå dei beste partia til å skina på resten. Den til tider stakkato og springande stilen skapar eit blikk som gjer inntrykk:

menneskerikets tyngde, talen
som er i avisene, på radioen,
  i munnen her

helt nede ved tungeroten, spyttet
mine kyss og mine bitt, dine tre

fire ord før du løper ut av et liv og inn i andre

Og det er nett det han gjer, med det skiftande subjektet, det sterke nærværet, den flakkande, flimrande observasjonen.

Han løper inn og ut av liv der det heile tida skjer mykje og blir presentert nytt, av større og mindre interesse, rett nok, men ting som saman byggjer opp dette poetiske universet som fangar deg inn og vil deg noko.

Vi går ut om morgenen den
femtende februar, vi sprenges
i filler midt på gaten
i mexico city, med våre koner og
våre barn, vi er
senatorer, visepresidenter
(...)
vi er et barn som ikke snakker, kongsbarnet
som vokser opp blant aper
og løshunder


DEN STERKASTE kjensla av at Pedro Carmona-Alvarez har lykkast, at han står fram som ein stor poet, oppstår ved at han får desse linjene, desse sidene til å reisa ei veldig meining i lesaren.

Du kjenner at dette, det er leikande og lett, men det er faen meg ingen leik. Du kjenner at dette er spisst og sprengt, og ein opplever eit sølvklart og tydeleg lys som gjev ein lyst til å gråte, til å reise seg og gå ut på gata og ta del i livet.


OG TEMAET FRÅ tittelen vender attende på ulike vis igjen og igjen, og utvider betydninga av orda prins og gate, og på eit merkeleg vis kjenner ein som lesar at det alltid er ein plass ved sida av den som talar, til oss, til den som vil vera medlevande i denne maniske, repeterande, episke poesien som sirklar inn «hemmeligheten vi aldri forteller»:

Min far er konge min far
er arkitekt min far
hør min far
er en høy nervøs mann
som tegner sykehus

 

Søk i skattelistene

 
 

 TEGNESERIER - Dagens striper

Nemi av Lise Myhre

 |  Les flere i arkivet |  Les andre tegneserier

© Lise / distr. iblis@nemi.no