Frode Grytten stig ned i mørkret.

HØYTLESING: Frode Grytten les Olav H. Hauge for trikkepassasjerar i Lisboa i fjor. Foto: Oddmund Lunde/Dagbladet

HØYTLESING: Frode Grytten les Olav H. Hauge for trikkepassasjerar i Lisboa i fjor. Foto: Oddmund Lunde/Dagbladet

(Dagbladet.no): Han har nett gitt ut «Flytande bjørn», ei krimaktig roman som ifølgje Dagbladets bokmeldar er «forrykende, forutsigbar, foruroligende».

Tidlegare har Grytten skrive ei diktsamling, fire novellesamlingar og nesten-romanen «Bikubesong».

- Kvifor krim?

- Eg veit ikkje om det er krim, eg, kanskje ein omvendt krim, der alt verkar opplagt og opplyst i byrjinga og så stig ned i mørket etter kvart, seier Grytten.

- I alle fall er det ein krim som skriv seg ut av krimmen. Som Øystein Lønn sa: «Skal ein skrive om vår eiga tid, vil det nødvendigvis nærme seg kriminallitteratur.»

- Kva bøker gler du deg til i haust? Kva er den siste boka du las?

- Eg har ikkje fått oppdatert meg heilt på bokhausten, det er så travelt at eg heng ikkje heilt med lenger. Men eg gler meg til å lese Roy Jacobsen, og eg held på med å lese Tore Renberg, som er veldig god.

God betre best:
- Kva er det beste du har skrive sjølv?

- Eg veit heller ikkje kva som er det beste eg har skrive, eg prøver å skrive så godt eg kan heile tida, men det blir lettare å svare på det spørsmålet i 2018, du får sende meg ein epost då, svarar forfattaren.

- Til slutt: Liker du hausten?

- Eg liker hausten veldig godt, eg er ein haustmann, det er noko galt med dei lyse sommardagane, dei er vaska på feil program! 

Slik startar «Flytande bjørn»:

«Kvelden før hadde eg kjent eit kjølig drag, men også denne dagen ville bli varm. Eg hadde opna alle vindauga, og på skrivebordet summa ei lita vifte. Sveittelukt blanda seg med matos frå bowlinga i kjellaren. Ein eim av burgarar og pommes frites steig opp til kontoret mitt i fjerde. Eg meinte å ha lest i lokalavisa at sjappa gikk konk i vinter, men no breidde lukta av ferdigmat seg i bygget. Telefonen ringte. Eg blei sitjande og stire på apparatet. Det gikk knapt fem minutt utan at ein ny dust ringte. Eg sat i ro til ringinga gav seg. Nokre sekund seinare ringte mobilen.»

Dette seier Grytten om starten:

Inspirert av film noir og hardkokt krim, opnar romanen med eit kontor og ein mann i periferien for sjølve handlinga. Han ventar på å bli kopla til hendingane. Men denne hovudpersonen er ingen handlekraftig detektiv. Han er journalist på eit lokalkontor som er truga med nedlegging. Han er sveitt, irritert og nærmast handlingslamma. Slik markerer opninga både eit framhald og eit brot med tradisjonen. Dette er ein roman noir, men med ein annleis antihelt. Eg ville ha fram kjensla av uro, stinkande sommar og ei verd som snart skal lukke seg rundt vår mann.

Forlaget meldar at «Flytande bjørn» etter bokmessa i Frankfurt er selt til Tyskland, Sverige, Danmark, Nederland, Finland, England og USA.

- Også her heime går salet bra, og boka kjem no i nytt opplag, skriv Samlaget i ei pressemelding.

  • Følg bokhausten på db.no/litteratur!

    Meld deg også på litteraturavisa og få nyheter fra inn- og utland i e-postkassa hver uke:
    Abonnér gratis på ukebrev:
    litteraturavisa kulturavisa
    Navn: 
    E-post:
  •  

    Les også

    Søk i skattelistene

     
     

     TEGNESERIER - Dagens striper

    Pondus av Frode Øverli

     |  Les flere i arkivet |  Les andre tegneserier

    © Øverli. distr. strandoverli@yahoo.com