Vi bøyer oss i støvet for han.

La oss seie det slik: Når eg om ikkje så altfor lenge blir ein middelaldrande, kvapsete, lett forfylla forfattar, så vil interessa for min person og forfattarskap dale kraftig. Mine middelaldrande mannlege kollegar, derimot, vil bli oppfatta som like interessante og kanskje endå til meir sjarmerande enn før.

Kjønn og litteratur

Dette er saken: I sitt innlegg «Kjønnlitteratur» hevdet Ole Idar Kvelvane at mannlige forfattere er bedre enn kvinnelige. Her er noen av tilsvarene han har fått:

  • Du må lese, Ole Idar, av Olaug Nilssen
  • «Uvitenhet», Erik Bjørk-Larsen i nettdebatten
  • «Folk flest» tenker som Kvelvane, av Jon Øystein Flink
  • Og her: Brit Bildøen


  • Du ser han med ein gong, anten han veltar rundt på forlagsfestar med uklar diksjon og flass på kragen, eller borar det alvorlege blikket sitt inn i deg frå eit dobbeltoppslag i avisa. Det er Den Mannlege Forfattaren. Han vi gjerne vil gi prisar og dele ut medaljar til. Han vi bøyer oss i støvet for. Han vi prøver å bli fotografert saman med, og gjerne skulle skryte av at vi har vore til sengs med. Han må meir enn gjerne vere skjeløygd, folkesky, sosialt klossete, ha klumpfot og stamme. Han blir berre vakrare for kvart år han legg til sin alder, og meir fotogen for kvar rynke som pløyer seg støtt og sikkert inn i det stadig meir seriøse ansiktet hans. Orda hans fell så tungt at dei slår dei omkringståande halvt i svime. Mannlege og kvinnelege journalistar tuslar tilbake til kontora sine for å hogge desse orda inn på steintavler.

    Den Mannlege Forfattaren ruvar. Den Mannlege Forfattaren rular.


    OG DET ER jo slik vi vil ha det. Kulturen vår er bygd opp rundt mannlege ikon og deira attributtar og skavankar. Korleis hadde verda sett ut utan den styggvakre underleppa til Mick Jagger? Kvar hadde vår vesle nasjon vore utan det stivna snørret til Bjørn Dæhlie? Kva skulle litteraturmenneska tatt seg til om dei ikkje hadde vore så opptatt med å fange det virrande blikket til Dag Solstad eller prøve å få pressa eit par ord til ut av Kjell Askildsen? Men all sann svir skal alltid gå på bekostning av noko eller nokon. Og i dette tilfellet ser det ut til at Den Mannlege Forfattaren sin eineståande posisjon og status går på bekostning av hans veslesøster, den kvinnelege forfattaren.

    Den kvinnelege forfattaren meiner dette er leit. Den Mannlege Forfattaren likså. Det seier han i alle fall. Ingen som jobbar med litteratur ønskjer at det skal vere slik. Ingen av dei i dette landet som jobbar med litteratur skjønar i grunnen kvifor det har blitt slik. Det er som eit naturfenomen. Det berre skjer. Det er ingenting å gjere med.


    SÅ VI HELD fram med å bøye oss i støvet for Den Mannlege Forfattaren, medan vi snakkar om at den kvinnelege forfattaren burde bli meir synleg. Ho burde ikkje berre bli endå flinkare til å skrive bøker, men burde også bli flinkare til å stå fram og hevde seg blant sine Mannlege Kollegaer. Og medan vi øver oss på eit mørkare toneleie og eit fastare handtrykk (helst burde vi gjere som Ole Robert Sunde og klaske folk på ryggen til dei gjekk ned i kneståande for oss også!), ja, medan vi øver oss på å skamlaust skryte av oss sjølve og dei skrivande venninnene våre, held Den Mannlege Forfattaren fram med å lese bøkene til sine Mannlege Kollegaer.

    I ei verd der menn er menneske og kvinner berre er kvinner, er det akseptabelt å stå fram og seie at grunnen til at menn ikkje les bøker av kvinnelege forfattarar, er fordi dei i stor grad dreier seg om kvinnerelaterte tema. At kvinner er dei største konsumentane av bøker i det heile, og difor er dei største lesarane av bøkene til Den Mannlege Forfattaren, tør eg påstå ikkje har vore til skade verken for åndslivet til desse kvinnene eller for Den Mannlege Forfattaren si lommebok.

    I ei verd som fungerer slik, viser det seg at om ein dyttar aldri så mange kvinner inn i ein komité eller jury (8 av 10 i Dagbladets 25 beste-liste!) så treng ikkje det bety at kvinnelege forfattarar kjem heldigare ut. Berre sjå på statistikken her:


    KRITIKARPRISEN heng høgt fordi han blir delt ut av dei som verkeleg skal ha greie på litteratur. Dei som verkeleg har greie på litteratur, gir oss det i klartekst: Av dei som har fått Kritikarprisen dei siste 25 år, er berre 3 kvinner.

    Nordisk Råds Litteraturpris er kanskje den største anerkjenninga ein norsk forfattar kan få, om ein ser bort frå Nobelprisen. Blant dei siste 25 års vinnarar er det 7 kvinner. Det er i grunnen ikkje så verst, om ein går ut frå at kvinnene utgjer sånn om lag 1/3 av forfattarstanden. Men kva ser vi om vi går inn på dei norske nominasjonane? Norge har dei siste 25 åra nominert 50 forfattarar, av dei er 10 kvinner. Av 20 nominasjonar dei siste 10 åra har vi berre 3 kvinnelege forfattarar. Som einaste nordiske land har Norge aldri nominert 2 kvinner samstundes. Vi kan skryte av at Den Mannlege Forfattaren står endå sterkare her i landet enn i våre naboland!

    I tillegg har vi desse listene. Kvinnelege forfattarar er som folk flest, vi elskar lister og kanoniseringsdebattar. Men listene elskar ikkje kvinner. Somme meiner at prisvinnarlister og hyggeleg sommarunderhaldning i form av Dagbladkåringar representerer Sanninga og Livet. Dei om det. Men dei som forklarer slikt med at kvinnelege forfattarar er dårlegare enn sine mannlege kollegaer, trekker den enklaste, mest ufarlege slutninga av alle tenkelege slutningar. Feilslutningar og lettvinte konklusjonar er farlege i det lange løp. Dei gjer det enkelt å oversjå mekanismar i dette samfunnet som burde vore gjort noko med. Ein anna ting er dei signala ein sender til dei tapre jentene som skriv.


    SIGNALET den kvinnelege forfattaren får, er enkelt: Du skal få sleppe til. Men det er lister der ute som du aldri skal få setje dine bein i. Det er prisar der ute du aldri skal få fingrane dine i. Når alvorlege unge menn og kvinner skal snakke seriøst om den seriøse litteraturen, vil du altfor sjeldan bli nemnt. Du vil alltid stille i skuggen av Den Mannlege Forfattaren. For du er jo berre ei lita jente med pipestemme. Og du må ikkje tru det blir betre når du blir ei stor jente med whiskystemme og raudvinsnase og rynker som grev seg kaotisk gjennom det før så yndige ansiktet ditt.

    For sjølv om du som kvinneleg forfattar heile tida må øve deg på å vere synleg, skal du vite at du blir synleg på feil måte om du ramlar under bordet på forlagsfestar eller klaskar dine Mannlege Kollegaer på ryggen så dei knekk i knea.

    Mannlege Forfattarar kan gjere seg interessante ved å anlegge bart. Eit år eller to etter kan dei gjere seg interessante ved å rake av seg barten igjen. Gud hjelpe meg om eg skulle finne på noko slikt!

  • Si din mening om saken!
  • Les Dagbladet.no/litteratur

    Hver torsdag sender Dagbladet ut nyhetsbrevet Kulturavisa, hver mandag kommer Litteraturavisa. Nyhetsbrevene inneholder nyheter fra inn- og utland, og er helt gratis. Meld deg på:
    litteraturavisa kulturavisa
    Navn:
    E-post:
  •  

    Les også

    Søk i skattelistene

     
     

     TEGNESERIER - Dagens striper

    Rocky av Martin Kellerman

     |  Les flere i arkivet |  Les andre tegneserier

    © Martin Kellerman martin_kellerman@hotmail.com