Bob Dylan har fått mange til å drøyme om å bli rockstjerner. Poeten Helge Torvund, som her skriv om ei ny Dylan- bok, er ikkje noko unntak.
Den onde budbæreren: Bob Dylan og sekstitallet
- Forfatter: Mike Marqusee
- Forlag: Oktober forlag
Dette var innhaldet i eit av dei avisutklippa som redaktøren Gordon Friesen i magasinet Broadside gav til Bob Dylan som moglege utgangspunkt for songtekstar. Som ein del lesarar vil vita, vart dette opphavet til ein av dei mest tilgjenglege og opprivande songane Dylan har skrive, «The Lonesome Death of Hattie Carroll».
Han tonesette den, slik han ofte gjorde, med ein gammal folkemelodi, ein skotsk ballade frå 1500-talet, «Mary Hamilton», som har eit liknande tema. 23. oktober vart songen spela inn i studio og den 26. oktober sat eit lamslege publikum i Carnegie Hall og opplevde at Dylan tok dei med seg steg for steg gjennom dei mekanismane som ligg bak ei slik urettferd.
DENNE HISTORIA er eit godt døme på kva som møter den som gjev seg i kast med Mike Marqusee si uvanleg vellykka bok om Bob Dylan og sekstitalet. Boka er skriven med eit engasjement som ein politisk pamflett, med så omfattande kunnskap som eit oppslagsverk og med ei framdrift og ein språkleg tone som ein medrivande roman. Sjølv den som meiner å ha sett seg så nokolunde godt inn i epoken og Dylan sin musikk, kan nyta godt av Marqusee sin overflod av innsikt og detaljviten.
Mellom dei sterkaste av alle dei musikkopplevingane eg hadde på sekstitalet, var møta med musikken til to musikarar med fornamnet Robert. Der Beatles og Beach Boys kunne slå ut ei imponerande velklingande vifte av sound, og tryllebinda oss med variasjon og mangfald, var dette nokre heller monotone og enkle røyster som skar seg djupare inn og fekk varigare verknad.
Eg ante ikkje på den tida at det òg fanst ting som knytte desse to saman. Det dreidde seg om Deltablueslegenda Robert Johnson og songarpoeten Robert Zimmerman.
Eg og den heimelaga el-bassen min hadde rota oss borti nåverande kunstmålar Magne Håland, (då vokal og gitar) og nåverande musikar og artistformidlar Per Vervik (trommer), og me danna den eksperimentelle gruppa «Pegasus' gjenfødelse». Eit nedlagd kavringbakeri i utkanten av Sandnes var øvingslokalet. Magne Håland var ein ekstremistisk bluesentusiast som prioritert platekjøp høgare enn mat og klede.
Avmagra, langhåra og i fillete bukser kom han triumferande ut av butikken med bestilte plater av bluesfolk eg aldri hadde høyrt om. Men som eg fekk høyra. Han introduserte meg for Robert Johnson. Eg har ennå ikkje kome over det.
JOHNSON GJEKK UTANOM alle kategoriane eg hadde for musikk. Mitt indre gjekk rett i kaos. Dette var hjerteskjerande. Noko i meg ville helst le, så skrekkeleg og uventa rått var det. Noko i meg ville gråte. Så inderleg melankolsk og desperat var vokalen og tekstane. Noko i meg ville jubla. Eit virtuost gitargeni med bottleneck fekk urkassegitaren til å skape noko unikt. Sjela mi rettar framleis vart vibrerande kaninøyra i lufta når tonane av ein Robert Johnsonlåt strøymer ut av høgtalarane. Og eg frys på ryggen.
Den andre Robert'en, Bob Dylan, introduserte ein ung mann frå Sandnes meg for. Eg hugsar verken namn eller adresse. Det var som det skulle vera. Kom ein i snakk med nokon som hadde ei plate du ikkje hadde høyrt, så vart du sjølvsagt med heim for å høyra henne. Om det var ein artist som hadde noko på hjarta. Han sette på Bob Dylan og det skjedde det igjen. Eg var fanga inn av noko ubestemmeleg og intenst, like lite vakkert og glatt, like stikkande og direkte. Men som omslaget på «Bringing It All Back Home» og den vekta Dylan legg på Johnson i sjølvbiografien viser, så stod Dylan godt forankra i same tradisjonen.
MARQUSEE ER OPENBART ein stor beundrar av Dylan. Men han går ikkje av vegen for å retta skarp kritikk mot både songtekstar og handlingar som han ser veikskapar ved. Dette styrkar både boka og framstillinga av perioden. Tida kjem nærare og tettare innpå ved at det som var typisk for perioden, nemleg sterke meiningsutvekslingar kring ulike synspunkt, stig fram også frå boksidene. Mellom anna kritiserer forfattaren Bob Dylan for å vri seg unna eit tydeleg standpunkt mot den amerikanske krigføringa i Vietnam. Han skriv:
«Verken som offentlig figur eller privat samfunnsborger besto Dylan den prøven Vietnam-krigen var for alle amerikanere. Han vendte seg bort og lot som om han ikkje så - eller han hevdet snarere at han så for mye, for langt, for dypt, og at det derfor var umulig, ianautentisk, for han å snakke.»
Men, som Marqusee også forstår, dette var eit etterslep av Dylan sin protest mot forenklinga, dikotomiane og det moterette. For i songar som «Masters of War», «With God on Our Side» og «Hard Rain» hadde Dylan med veldig profetisk styrke og djup eksistensiell smerte gitt så sterke kunstnarlege uttrykk for haldninga si til krigen, at det at han i sine intervju svevande gav uttrykk for at alle svara var «blowin' in the wind», kom i heilt i skuggen av den desperate nasale protesten alle hadde høyrt han framføra.
DYLAN FEKK EIN ENORM PÅVERKNAD både på musikken og poesien på sekstitalet og tida etterpå. Poeten Allen Ginsberg peikar på Dylan som ein som var med å venda poesien frå det utilgjengelege og eksperimentelle preget den hadde på femtitalet, til det Ginsberg kallar «den opphavlege religiøse sjamanistiske profetiske prestepoesien».
Men styrken til Dylan skulle visa seg å vera at han aldri slo seg til ro med det han hadde oppnådd. I rastlaus vandring på ein endelaus turné, har han halde fram med å gje oss stadig nye songar, og i tillegg til nokre vakre balladar, òg desperate, innsiktsfulle, mangetydige songar som ser ut til å bli nye klassikarar.
Og sjølv om han også har skrive og publisert mykje som det er best å bare gløyma, er han sterkt tilstades i det offentlege medvitet den dag i dag, også her til lands.
Den tynne ungdommen som stod på Sandnes og fraus på ryggen av Bob Dylan på sekstitalet, ville aldri ha tenkt seg at den norske bokheimen førti år seinare i løpet av eit par år skulle ta imot ei slik rekkje av bøker: fine nye gjendiktingar av Dylansongar som i «Veier til din dør» av Kjell Ivar Sandvik, nyutgjeving av Vold sine gjendiktingar, «Fortellingen om Bob Dylan» av Howard Sounes, første volum av Bob Dylans eigne memoarar og ei bok med Dylans songtekstar forsynt med norske dylanologars mindre interessante kommentarar. Alt dette, pluss den glimrande Scorcese filmen «No Direction Home», i tillegg altså til denne her omtalte boka, som etter mi oppfatning er den beste av dei alle saman om me ser bort frå Dylans eigne tekstar, som på sitt beste er poesi på eit nivå som har fått folk til å arbeide iherdig i årevis for at han skal få Nobelprisen.
I HAUST ER DYLAN AKTUELL PÅ NY, med albumet «Modern Times». Banda til Robert Johnson er ikkje svekka.
Som i «Hurricane» og i «Drifter's Escape», vil han framleis kunna vende attende til rettsalen for å visa oss den urettferda som held fram:
Outside, the crowd was stirring You could hear it from the door, Inside, the judge was stepping sown, While the jury cried for more.
Hver torsdag sender Dagbladet ut nyhetsbrevet Kulturavisa, hver mandag kommer Litteraturavisa. Nyhetsbrevene inneholder nyheter fra inn- og utland, og er helt gratis. Meld deg på:




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen