Dikt utan overrasking og snert.

Stilla er ein åker. Femti dikt og nokre songar

  • Forfatter: Karl Seglem
  • Forlag: Det Norske Samlaget
BOK: Karl Seglem er musikar og komponist og er frå før av kjent gjennom ei rekkje plater. Titteldiktet i debutboka går slik:

stilla er ein åker

me kan pløya med vår pust

mold og frø

vind og vatn

ana den kraft dråpen gjev

hausta som fortent

Dette illustrerer raskt kva for ein tradisjon han skriv seg inn, korleis han i andre linja kan skape eit originalt og overraskande bilete, men òg korleis han kan ty til velkjend symbolikk og falla ned på ein visdomsformidlande slutt som det er lite poetisk kraft i. Det er noko som minner om den perioden då gleda over å kunna skriva små dikt med små bokstavar og inga teiknsetting kom til Noreg:

alt/vert som det var før/

vårt møte/forandra/alt

Ordet «alt» møter ein ofte. Samstundes er det ei gjennomgåande haldning i boka, ei sirkel-orientering i tilværet der musikkutrykk og landskap går over i kvarandre, der «kvart minutt er ei urframføring» og der ein møter «lydmenneske» som «skapar bølgjer/linjer/noko fullkomme abstrakt», men det skortar på det spontane og dei uventa og brå kasta, med hans eigne ord kan me kanskje seia at «det som ikkje er klang/ er meisla mønster».

Bare av og til glimtar det til, som når kjærleiken vert stilt opp for å gå på linjeline over ein mørk avgrunn i diktet «svai» og når eit par jenter «syklar ein grøn korridor langs elva».

Dikta legg fram gjenkjennelege område både frå fjordlandskap og urbane miljø med tappekranar og «rusta gjerdestolpar rundt T-banestasjonane», men alt i alt gjev tekstane eit inntrykk av å vera overvintra frå ein sommar då det kom ut mange slike bøker, utan at denne skil seg fordelaktig ut frå dei andre. Personleg har eg ikkje tru på at det er dette musikaren Seglem kjem til å konsentrera seg om framover.

 

Søk i skattelistene

 
 

 TEGNESERIER - Dagens striper

Rocky av Martin Kellerman

 |  Les flere i arkivet |  Les andre tegneserier

© Martin Kellerman martin_kellerman@hotmail.com