Eg seier ikkje noko negativt om muslimane som gruppe, skriv Hallgrim Berg.
GULE, LYSBAKKEN, Jagland & co. har fått det for seg at eit godt angrepspunkt mot utbreiinga av Amerikabrevet kan vera å mumle eit eller anna om at denne hallingdølen kanskje er ein slags forkledd «antisemitt». Påstandane går då ut på at eg nyttar ord og vendingar som kan minne om dei konspirasjonsteoriane som nazistane hadde om jødane som gruppe. Men eg seier ikkje noko negativt om muslimane som gruppe. Eg skil klart både mellom ulike retningar innan islam og mellom ulik grad av (sharia)praksis i forskjellige land. Side 59: «Eg er overtydd om at dei fleste muslimske familiar i Europa er lovlydige menneske som ikkje søkjer anna enn arbeid og fred for seg og sine. Det er urett og uklokt å sjå på alle muslimar som potensielle fiendar og stridsmenn. Det må skiljast klart mellom forskjellige muslimske grupperingar og radikale islamistar/terroristar.»Derimot seier eg i boka ein god del om kva militante islamistar har fått seg til å gjera mot vestlege samfunn, mot oss vantrue og mot sine eigne dei siste tretti åra. Det er trist å sjå korleis Osama bin Laden, al-Qaida og deira læresveinar har kapra islam for sine politiske formål.
EG HAR HELLER ingen tankar om at kvar einskild muslimsk mann og kvinne føler seg innsett med stridspikk under ein islamsk overkommando. Det går likevel godt an å gjera seg kvalifiserte tankar om den samla framtidstyngda av 1300 millionar muslimar og islamistar, der elendet på heimebane er like slåande som velstanden i Europa, og der ein aukande del siktar seg inn nettopp mot dei tolerante velferdsstatane. Ein treng ikkje lenger vera profet for å sjå kva som utviklar seg i aukande grad: Fiasko m.h.t. integrasjon, framvokster av parallelle samfunn, sterkare islamifisering i andre- og tredjegenerasjonen, fælsleg kvinneundertrykking, osv. Lars Gule er sløg. Han vil likesom «skremme» med anti-semittismen. For lesarane vil han «åtvara» mot antisemittismen. Han, Palestina-venen, medlem i Den demokratiske fronten for Palestina, som drog til Midt-Austen med dynamitt i sekken i 1977, men som heldigvis vart arrestert i tide. Var han då på veg for å hjelpe jødane? Har han markert si uro over den rekordarta antisemittismen i Frankrike i seinare år? Har han skrivi kronikkar for å berge jødane og/eller staten Israel frå resolusjonskverna i FN?
DET ER SLØGT at han no skriv om «den antisemittiske tenkemåten», som om all jødeforfølging skulle henge saman med ein bestemt tenkjemåte, og som om det skulle vera kristne som sto bak denne. (Her er det verkeleg tale om konspirasjonsteoriar). Som humanetisk yppersteprest burde Gule vita at jødar har vore utsette for forfølging under mange slags regime, men at det aldri endte i noko Holocaust i kristent styrte land. Det gjorde det først under ein totalitær nasjonalsosialistisk Hitler, og då med avgjerande legitimering frå darwinismen.
DET ER NOKO GROTESK over presentasjonen til Gule i Dagbladet 11. mars når han vil kalle dei menneska som i dag åtvarar mot ein islamsk fare for antisemittar. Eg spør Gule: Kven er det som har skrivi skarpast om den muslimske faren for vestleg kultur i seinare år? Det er bl.a. Gisele Littmann, Mark Steyn, Daniel Pipes, Bernard Lewis, David Horowitz, Alain Finkelkraut og Andre Glucksmann. Kva har dei til felles? Jo, dei er jødar. Dersom ein no skal ta til å kalla jødar for antisemittar, då er dette så grovt at ikkje eingong Joseph Goebbels hadde våga seg på det. Men Lars Gule gjer det.





Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen