Mykje å undra seg over og skakka på hovudet av.
Bjørka til Dahl - og 52 kameratslege oppmodingar
- Forfatter: Helge Rykkja
- Forlag: Aschehoug
Bortkasta
Eg har lese og lese og lese denne boka. Og framleis er det nok slik at 50 av dei 52 kameratslege oppmodingane er totalt bortkasta på meg, men her er så mykje rart og småspenstig, så mykje å undra seg over og skakka på hovudet av.Ja, også noko som det verkar vera irriterande lite ved, som eg framleis ikkje skjønar kva gjer her, som diktet om han som jobbar på verft, «i mi eiga interesse» der det heiter:- Kom deg ut, Helge.- Ut til blomane og borna?- Ja. Dette måtte eg tole. Og som parole til dette diktet står det «Høyr godt etter!» Så, jau, det kjennest rett som det er som om Rykkja ikkje skriv for meg. Det blir for enkelt og opplagt og for lenge sidan observert og arkivert og handla etter. «Sjå fransk fotball!» skriv han til og med. Og eg som ikkje ein gong veit korleis ein fransk fotball ser ut! Kanskje nettopp difor, kan poeten seia. Men eg har nok med å unngå norsk og engelsk! Slik kjem ein i dei raraste dialogar med denne boka.
Byggjeverksemd
Her er samla inn ting frå målarkunst, musikk og byggjeverksemd i desse dikta. Og han talar direkte om både norske og utanlandske poetar som Karin Moe, Ellen Einan og Inger Christensen. Verken provoserande eller inkluderande er det når han vil ha det til at Eldrid Lunden er ein av gutta, men oppfriskande når han skriv ei hylling til Stein Mehren på sitt heilt eige skrå vis og med «huahei». Når alle dei andre er nemnde med eigne namn, stussar eg på at den svenske visesongaren som syng Vysotskij er kalla Dan Lägerquist og ikkje Fägerquist, som han verkeleg heiter. Men det er kanskje bare ein sjeldan prentefeil?
Svingar
Her er mykje som det svingar av når ein får tak i den sære rytmen, dei små improviserte spranga og klangane. For oss som sit i utkanten og skriv, er det svært gjenkjenneleg når han diktar slik: «Eg levde i ei tid der familiane blei spreidde for alle vindar. Poetane blei difor familien min.» Rykkja er ein av våre merkelege tremenningar, som me med humring og glede, hovudristande og fascinerte, held eit varmt auga med.




Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen