Dei siste månadene har det kome opp ein viktig debatt: Verkar bistand og blir pengane brukt slik dei politiske intensjonane var?
Bistand er viktig og heilt avgjerande for utviklinga av mange samfunn. Men skal me halda oppe eit høgt bistandsnivå i Noreg, er me helt avhengige av legitimitet og at folk stolar på at pengane kjem fram til dei som treng dei. Difor er slike debatter om bistand så viktige.
Eg har teke denne problemstillinga opp ved ein rekkje høve. Seinast i ein debatt i Stortinget i byrjinga av mai. Men mange har delteke i dei viktige debattane om utviklingshjelp. Ikkje minst framtredande forskarar som professorane Terje Tvedt frå Universitetet i Bergen og professor Øyvind Østerud frå Universitetet i Oslo. Begge desse to er tunge fagpersonar med brei kjennskap til nettopp bistand og internasjonal politikk.
Frå forskarhald kjem det kritikk mot bistandspolitikken for at han medfører fastlåsing av uheldige maktstrukturar i mottakarland, meir enn å medføra til utvikling. Forskarar har stilt spørsmål om me kan dokumentera samanheng mellom bistand og utvikling i mottakarlanda, eller om utviklingstrekk har kome til tross for bistanden. Dette er viktige spørsmål.
Den norske bistanden blir primært kanalisert gjennom tre kanalar: Stat-til-stat bistand, støtte gjennom frivillige organisasjonar og gjennom FN, Verdsbanken og andre internasjonale organisasjonar. Det betyr at mykje av vår bistand – også veksten – blir handtert av andre enn den norske stat. Difor må oppfølgingsspørsmålet også rettes mot alle disse tre kanalane.
Overføringane til utviklingshjelp frå Noreg er nesten dobla på sju år. Dette er i tråd med målet som fleire regjeringar har hatt, om å gje 1 prosent av brutto nasjonal inntekt (BNI) til utviklingshjelp. Vårt BNI veks i takt med vår store økonomiske vekst. Det betyr at overføringane også aukar i kroner og øre. Og da er det eit rimeleg spørsmål å stilla om våre bistandskanalar klarar å absorbere dei auka pengeoverføringane.
Å diskutera prosent og kroner er viktig. Men også spørsmål om kvalitet og verknad er avgjerande. Noreg er eit av verdas rikaste land, og i det norske folk er det ein stor vilje til å gje bistand. Men ingen vil at pengane skal komme på avvegar. Difor kan manglande kontroll og evalueringar undergrave den oppslutnaden me ser i dag. Og difor tek me slike problemstillingar svært alvorleg.
Me veit at det med jamne mellomrom dukkar opp saker der nokon har forsynt seg av bistandspengar. Underslag skjer. Det er ikkje noko spesielt for denne sektoren. Men spørsmålet er om risikoen for å bli teken er mindre når ein forsyner seg av slike middel enn av andre middel? Og om sjansen til å gjera underslag er større jo lenger vekk frå kjeldene ein kjem.
Me har teke opp slike problemstillingar i Stortinget, me har teke spørsmålet opp med FN og dei store frivillige organisasjonane og me har gjennomgått rutinar i den norske stats direkte hjelp via NORAD. Regjeringar har også satt ned eit offentlig utval som skal vurdera den samla norske politikken overfor utviklingsland. I tillegg har Utanriksdepartementet no utvikla et eige kvalitetssikringssystem innan bistand som mellom anna skal effektivisera departementet si eiga tilskotsforvaltning og hindra korrupsjon.
Eg er oppteken av at våre overføringar til utviklingshjelp faktisk når frem til dei som skal ha hjelp. Difor er kontinuerleg kontroll og styrka tillit viktig. Men det er også viktig å stilla spørsmål om bistand i det hele verker, og eventuelt når. Når me dei mål me har satt for utvikling?
Noreg og Vest-Europa er gode eksempel på at bistand verkar. Me hadde ikkje klart å gjera dei løfta me gjorde etter andre verdskrig om det ikkje hadde vore for store økonomiske støttetiltak gjennom Marshallhjelpa. På same måte er eg helt sikker på at vår bistand overfor andre land verkar og medfører utvikling. Våre bistandspengar reddar liv, gir vaksinar, gir utdanning – kort sagt gir mange menneske høve til å leva eit meir verdig liv.
For ti år sidan var det over 100 land i verden som hadde polio, no er talet nede i fire. Polio er så godt som utrydda, med 94 prosent reduksjon i talet på rapporterte tilfelle frå 1985 til 2005. Tre av fire barn i verden er i dag vaksinert mot meslingar, og dødsfall på grunn av meslingar har gått ned med 2/3 dei siste ti åra. I 2003 var det 2 millionar færre barn som døydde før fylte 5 år enn det var i 1990. Talet på ekstremt fattige i verden fell. Det var 28 prosent ekstremt fattige i 1990, og det var 19 prosent i 2002 – med større folketal på jorda. Aldri har så mange kome seg ut av absolutt fattigdom som i løpet av dei siste 20-30 årene.
Disse positive endringane kjem ikkje berre som resultat av bistand. Det er spesielt to faktorar som avgjerande for god utvikling, nemlig ein fungerande stat og eit fungerande næringsliv. Dette har også vore eit poeng frå forskarane si side. I land med fungerande styresmakter vil bistand ha størst verknad.
Men sjølv om mykje av bistanden har positiv verknad, er det viktig som forskarar har peika på, med ei kontinuerleg vurdering av om bistand faktisk medfører utvikling. Ved å ha større fokus på verknad og effekt kan me stimulera til meir forsking på området. Slik kan me få meir kunnskap om kva som verkar og kva som ikkje verkar. Slik kan me la bistandspolitikk bli styrt meir av fakta, og ikkje berre synsing og gode ønske.
Det er ikkje ei målsetting i seg sjølv at Noreg skal love mest mulig. Målsettinga er at me understøttar mest mogleg utvikling, og at mottakarlanda gradvis kan bli uavhengige av bistand. Men dessverre er verdssituasjonen slik at mange land framleis er avhengige av at Noreg og andre opprettheld si utviklingshjelp.
Skal me lukkast i kampen mot fattigdom, kan me ikkje velja mellom utvikling eller handel. Me må ha både utviklingshjelp og handel – ei hjelp og ein handel som er rettferdig og medfører til utvikling. Me må sikre at bistanden er målretta, resultatorientert og kjem fram.
«Me veit at det med jamne mellomrom dukkar opp saker der nokon har forsynt seg av bistandspengar. Underslag skjer.»





Anbefal artikkelen via e-post
Anbefal artikkelen via mobil
Skriv ut artikkelen