Ytringsfridommen er heilag, slo Per Edgar Kokkvold fast i den siste debatten om ytringsfridommen, Solstaddebatten. Dermed har han tatt debatten inn i det rommet der han høyrer til, og kledd han i det språket som gjeld der: det religiøse. Leksikonet slår fast at det heilage er nytta som definisjon av religion, og er sett på som religionens essens og grunnleggjande eigenskap.


Ein imam var inne på det same i karikaturdebatten. I Vesten trur dei meir på ytringsfridommen enn dei trur på Gud, slo han fast.

Dagens situasjon, med den posisjonen ytringfridommen har i våre vestlege samfunn, som overordna ideologi, i politikk, debatt, kunst, vitskap og mykje meir, er svært ny. I historia har det, nesten over alt, vore skarpe grenser for det ein kan ytre om makt og makter, gudar, kongar og slike. Straffa for overtramp har vore hard.

Det som har skjedd i Vest-Europa siste halve tusenåret, er at europearen, individet, det myndige mennesket, har trengt seg fram og gjort krav på hovudrolla i historia og i samfunnet. Gudane, som vår eigen, er trengde ut av historie, vitskap og mykje av det dei før rådde med. Langt på veg er vår gud blitt ein rest-Gud, med ansvar for livsmeining og sjelefrelse for dei som interesserer seg for det. Kongane er blitt konstitusjonell pynt, og våre faktiske politiske maktsentra må finne seg i grov, uærbødig og nærgåande behandling frå misnøgde og mistenksame borgarar. Maktsentra lever eit utrygt liv.

Kollektivets makt og institusjonar er svekka. Individet har fylt det rommet som vart ledig. Siste hundreåra i europeisk tenking handlar mykje om dette. Mellom losane på denne ferda, mot sekularisering og individsentrering, finn vi tre kristne filosofar: Martin Luther, René Descartes og Immanuel Kant. Luther sa at mennesket kunne møte Gud på tomannshand, ansikt til ansikt. Det var eit løft for individet. Descartes sa at sjølve provet for at verda fanst til og ikkje var berre fabel og fantasi, låg i menneskets tanke. Det var også eit løft for individet. Og Kant sa at den verda vi lever i, langt på veg er skapt av oss sjølv, av vårt eige sanseapparat. Det vart det store løftet for individet.

Dette skapte eit vårslepp i europeisk kultur og i europeiske samfunn. Individa boltra seg, medan gudar og kongar sto forskrekka og såg på. Dei prøvde å bite frå seg og bruke den gamle makta. Men deira tid var ute. Kunstnaren, ein ny figur, tok scenen. Beethoven var kunstnar. Bach var det ikkje. Virtuosen, som Paganini og Ole Bull, la verda for føtene sine. Folket vakna til og sende fram nye leiarar.

Men det var ikkje berre kollektivets institusjonar og makt som vart svekka. Også dei kollektive sanningane måtte vike når makta ikkje lenger makta å forsvare dei. Ankarfestet for dei etablerte kollektive sanningane gav etter. Det måtte skaffast eit nytt. Og det låg i subjektet, i individet, i menneskets sinn, i tru, tanke og røynsler. Subjektiviteten er sanninga, sa ein av dei store individualistane, Søren Kierkegaard.

Men når mennesket bar sanninga i sitt eige sinn, då måtte mennesket få komme til orde i den store kakofonien som samtalen i samfunnet var. Sanninga måtte fram. Sanninga skal frigjere dykk, sto det jo i den gamle boka.

Slik vart det skapt eit mektig krav om å organisere ytringsfridommen, å sleppe han inn i samfunnet som ein anstendig og godkjend aktør. Før hadde han stort sett vore å sjå i selskap med lurvete og forakta utgrupper. No trengde han seg inn i varmen, i lovverk og rettssalar, på gata og i nasjonalforsamlingar. I dag er han truleg vår mest hylla verdi. Slik gudar og kongar var ein gong.

For det er dei han har erstatta. Han er eit religionssurrogat. Eller kanskje berre rett og slett ein religion. Vi trur på individet, og på individets rom og rett, også ytringsrett. Og då blir ytringsretten heilag, som Kokkvold seier. Formuleringa er presis og dekkande.

Den vegen vi har gått, har ført oss hit. Og vi trivst her. Folk med same tru og religion søkjer saman og trivst best med sine eigne.

Problemet oppstår når ulike religionar møtest og skal leve saman. Det har ofte enda svært ille. Ingen vil vike og ofre sine grunnleggjande tankar om verda, livet og døden. Ein del religionar byggjer på openberringar, at Gud har sett sine store bein ned i historia. Når Gud har gått inn i historia, er siste ordet sagt. Diskusjonen er slutt. Ein diskuterer ikkje med ei openberring.

Det ser ut til at det er her vi er no. Vår religion, trua på mennesket og menneskets ytringsrett, vår heilagdom, står mot religionane til dei andre, og deira gudar og heilagdommar. Det nye i situasjonen er at dei andre no gjer motstand mot vårt krav om gjennomslag og respekt for vår tru og våre heilagdommar. Det har dei ikkje gjort på lenge. Dei byggjer gudshus hos oss, dei bruker vald og økonomiske våpen, slik vi før har gjort. Det kan sjå ut til at dei andre har reist seg og krev ein likeverdig plass ved vår side, og at deira heilagdommar skal ha same vern som våre. Det er kanskje den største utfordringa Vesten har møtt sidan vi byrja å kolonisere resten av verda. No er straumen snudd. Framtida for våre barnebarn vil vere avhengig av korleis vi – og dei – finn ut av dette.

Samtidig skjer det andre ting i det store biletet. Religionen har alltid vore ei sterk samfunnsformande makt. Det har også våpna vore. Historia kan lesast som ei forteljing om våpen og våpenteknologi, om festningsbygging, stigbøyle, pil og boge, pansar, rakettar og alt det andre. Siste tiåra har Vesten hatt veksande problem med å tvinge sin vilje på andre med våpen i hand. Vietnam, Somalia, Afghanistan og Irak er delar av ei vond rekkje. Andre knurrar, i Midt-Austen og i Latin-Amerika.

Ei anna samfunnsformande makt har vore pengane. Lenge var det Vesten som sende kapitalen sin rundt i verda, der han para seg med billeg arbeidskraft og yngla, slik kapital skal. Ved industrialisering og energiprisar haugar no kapitalen seg opp i land som Kina, Russland og nokre gulfstatar. Denne kapitalen fløymer no rundt i verda og kjøper opp både det eine og det andre. Vesten, USA og EU, som i hundreår har kjøpt opp det dei ville, er no redde for å bli kjøpte opp og miste styringa med eigen økonomi, ei redsle dei andre har levd med i dei same hundreåra. USA og EU vurderer mottiltak mot den frie kapitalflyten, noko som vil vere eit drastisk slakt av ei heilag ku.

Verda er i endring. Det har ho alltid vore. Heilagdommar kjem og går. Det forfedrane våre pussa blankt og hadde på finstaden i stova, har vi lagt på loftet, om ikkje loppemarknaden har fått det. Det nye i vår situasjon, er at folk som vi før heldt nede, no har rykt innpå oss og utfordrar våre velpussa verdisaker og heilagdommar, som vi har stridd fram gjennom ein historisk prosess som er vår, men som dei ikkje har del i.

Å seie at ytringsfridommen er heilag, er godt sett og tankehistorisk korrekt. Men om vi har europeisk historie som biletbakgrunn, vekkjer det uro og vonde minne. Det kan innebere at det heilage og religionen har snike seg inn i politikken igjen, også hos oss. I nokre hundreår har vi prøvt å halde dei unna.

Ein gong var det kongane som slost for trua vår, som den svenske Gustav II Adolf, løva frå Norden, slost for protestantismen. No er det statsministrane, som den danske Fogh Rasmussen, dagens løve frå Norden, som slåst for vår nye tru, ytringsfridommen.

Spora skremmer.