Men har noen endret Norge mindre?

• Les også: www.db.no/sakprosa
DEN VIKTIGSTE BOKA: Dette er etterkrigstidas viktigste sakprosabok, mener Dagbladets jury.

DEN VIKTIGSTE BOKA: Dette er etterkrigstidas viktigste sakprosabok, mener Dagbladets jury.

FAKTA

1. Georg Johannesen, Om den norske tenkemåten (1975)
2. Jens Arup Seip, Fra embedsmannsstat... (1963)
3. Hans Skjervheim, Deltakar og tilskodar... (1976)
4. Ottar Brox, Hva skjer i Nord-Norge? (1966)
5. Arne Næss, Filosofiens historie (1953)
6. Åse Gruda Skard, Ungene våre (1948)
7. Kjartan Fløgstad, Loven vest for Pecos (1981)
8. Jens Bjørneboe, Vi som elsket Amerika (1968)
9. Berit Ås, Kvinner i alle land... (1981)
10. Thor Heyerdahl, Kon-Tiki (1948)
11. A. Skouen, Rettferd for de handicappede (1966)
12. M. Gullestad, Det norske sett med... (2002)
13. Hanna Kvanmo, Dommen (1990)
14. Ingrid Espelid, Ber til bords (1967)
15. Erik Dammann, Fremtiden i våre hender (1972)
16. Åsne Seierstad, Bokhandleren i Kabul (2002)
17. Karin Sveen, Klassereise (2000)
18. Tove Stang Dahl (red.), Kvinnerett I-II (1998)
19. Gunnar Skirbekk, Nihilisme? (1958)
20. Rune Slagstad, De nasjonale strateger (1998)
21. Nils Christie, Hvis skolen ikke fantes (1971)
22. Carl Fredrik Wisløff, Jeg vet på hvem... (1946)
23. Knut Hamsun, På gjengrodde stier (1949)
24. Haakon Lie, Slik jeg ser det (1975)
25. Dagfinn Grønoset, Anna i ødemarka (1972)

Emneord



Etterkrigstidas viktigste sakprosabok er Georg Johannesens
«Om den norske tenkemåten», Gyldendal 1975

«Her er jeg blitt gammel uten å bli noe annet», skreiv den kinesiske diktaren Tu Fu for 1200 år sidan. Hans norske gjendiktar Georg Johannesen var 74 år då han døydde i 2005.

Gjennom heile sitt liv hevda Johannesen at i ein fornuftig verden ville Tu Fu bli trykt kvar dag, medan det burde gå 1200 år mellom kvar gong VG, Aftenposten osv. kom ut: «Jeg vil ikke forby Dagbladet, men det trenger ikke komme ut så ofte.»

I dag kårar Dagbladet Georg Johannesens artikkelsamling «Om den norske tenkemåten» frå 1975 til den viktigaste sakprosaboka i det moderne Norge.

Ved hans død framsto Johannesens forfattarskap og «Tenkemåten» spesielt som ein katalog over tapte saker frå det forrige hundreåret. I den norske makteliten er og blir Georg Johannesen eit ukjent namn. Hans statsintellektuelle kollegar heldt seg langt unna gravferda hans. Ope og tillitsfullt fortalde Bergens forrige borgarmeister at han aldri hadde høyrt om bysbarnet Georg Johannesen.

Under filosofifestivalen i Melbu for nokre år sidan hadde den norske statsministeren valet mellom å lytta til ein middels visesongar eller Georg Johannesen og Karl-Otto Apel. Han valde visesongaren.

Og under årets Georg Johannesen-seminar sto vi ein flokk gråhåra herrar i Risør Kunstforening, langt frå maktas megafonar, og talte innforstått til kvarandre.

Av alle «Bøkene som forandret Norge» hevdar Dagbladets jury at «Om den norske tenkemåten» er den som forandra Norge mest.

Ei nærliggande tolking av kåringa kunne vera at ingen bøker forandrar Norge. Ei anna at mest er det same som minst. Den som har mest å seia, seier minst, og omvendt. Eller er det kanskje ei utsøkt fornærming, ei massemedial hemn over forfattaren som sa at Hamsun er Norges største forfattar, slik VG er Norges største avis. Eller uttrykte stor glede når Bergens Tidende og Aftenposten av og til tok lange steg mot venstre, og blei normale høgreaviser.

Forfattarar gjer erfaringar til dei er tjue, heiter det seg, og observasjonar etterpå. Forfattaren av «Om den norske tenkemåten» er djupt prega av barndom i Josef Terbovens norske Rikskommissariat, og av ungdom som politisk fange i Einar Gerhardsens NATO-Norge.

Boka er ikkje ei essaysamling. Berre nokre få tekstar er gjennomarbeidde forsøk av ei viss lengd, slik som nøkkelteksten frå 1967, då Johannesen stilte i Studentersamfundet med krav om å erstatta Teach in om Vietnam med Teach in om Norge.

Opningsteksten er det legendariske oppropet «Vi går ikke i fakkeltog for Albert Schweitzer». I alt fekk denne underskriftsaksjonen mot borgarleg humanisme sju - 7 - underskrifter. Elles innheld boka politiske og litterære intervensjonar i form av bokomtalar, debatt, intervju, forord, innlegg frå Oslo bystyre.

Saman med Heiner Müller var Georg Johannesen den fremste eleven til Bertolt Brecht. Endå meir enn Brecht sameinar Johannesen fromt sinnelag med retorisk råskap. «Brecht tilhørte en av de eldste av alle politiske retninger, kommunismen, den som under hundre navn har fulgt menneskene i tusener av år for at de skulle overleve.»

«Tenkemåten» er ei samling skriftstykke frå Johannesens glansdagar som politisk forgrunnsfigur. «Alles tanker beveger seg hurtigere/ når han kommer inn i et rom» slik Espen Haavardsholm skildra han i diktet «Læreren» frå 1973.

Boka inneheld dei skriftstykka som fører fram til det vi kan kalla Johannesens retoriske vending, i og med etterordet «Holberg og essayet» i 1977. Deretter formanar GJ seg sjølv og andre at vi veit for mykje om samfunnsvitskapane, og for lite om språkvitskapen.

Frå då av talte han for stadig døvare øyrer. Samstundes er avvisinga av den seine delen av forfattarskapen nødvendig føresetnad for kanoniseringa av den tidlege.

«Det er typisk for et fritt åndsliv at man ikke lenger selger diktning, men noe annet: pornografi, tapét, anti-kommunisme.» Dette skreiv Johannesen i 1961, og har fått endå meir rett i 2008. I dag blir både pornografi, tapét og anti-kommunisme seld som sakprosa. Ved å kåra «Tenkemåten» som den viktigaste norske sakprosaboka, blir boka lagt ned som grunnstein i profesjonsbygginga av «sakprosa» som det nye sesamfaget.

Dette valet gir eit usikkert grunnlag både for å lesa Georg Johannesen og for å etablera sakprosa som universelt metafag. Johannesen skriv ikkje i same sjanger som Næss, Skouen eller Gullestad.

Den reine lyriske produksjonen er ein ting. Men også prosaen hans er det langt meir treffande å kalla artikkeldikting enn sakprosa. Det vil seia at i prosaverka sine henta Georg Johannesen retoriske grep frå store moralistar og moralske tankar frå språklege strukturar. I motsetning til emnestyrte og saklege intervensjonar, skreiv Johannesen språkstyrt prosa.

I 2008 fører Norge krig i Afghanistan. Frp nærmar seg regjeringskvartalet. Norsk dannelse er å kjøra fort med bil og snakka dårleg engelsk. I massemedia er historia om sosialisme på norsk omskapt til den triste farsen om romanpartiet AKP (m-l). Likevel kårar Dagbladet Georg Johannesens artikkelsamling frå 1975 til Norges viktigaste sakprosabok. Er dette rein hån frå eit samfunn på full fart bort frå alt Georg Johannesen sto for? Takk for sist frå pressa han hudfletta? Grovt ran frå dei sakprosaiske profesjonsbyggarane?

Ikkje berre. Gjennom erkjenninga av at Dagsrevyen er eit lyrisk dikt og diktsamlinga ein nyhetsbulletin, utfordra Johannesen både diktsamlinga, og nyhetsbulletinen. Dermed la han grunnlaget ikkje for sakprosaen, men for ei forståing av den retoriske briljansen og styrken til massemedia som ideologisk apparat. Sanninga, løgnene, overdrivingane, togna, tabloidforsidene som kommersiell haiku-dikting.

Desken
har avløyst diktaren Anon som vår fremste samtidspoet. Johannesen hudfletta avisene, som til gjengjeld elska hans retoriske repertoar. «Den norske tenkemåten» er «ubevisste følelser», sakprosaen umarkert lyrisk tale.

Gjennom sitt ville retoriske register sprenger mediespråket sakprosaomgrepet. Alle forstår at Georg Johannesens artikkeldikting sprengde den lyriske diktinga. Dei som derfor trur at han skreiv sakprosa, bør lesa han om igjen.

Kjartan Fløgstad er forfatter.
 

Les også